210905_HESY_1616

Det nye kystvaktfartøyet KV «Jan Mayen» har kome til Noreg

I løpet av dei neste åra skal Nordkapp-klassa erstattast med tre nye kystvaktfartøy. Søndag morgon kom skroget til det første fartøyet, KV «Jan Mayen», til verftet i Tomrefjord.

Kystvaktfartøya har ulike ansvarsområde. Sidan 80-talet har den robuste Nordkapp-klassa gjennomført operasjonar i nord, også i arktiske område. Når Kystvakta no får dei tre nye fartøya i Jan Mayen-klassen, er det desse som skal ta over ansvaret for å sikre norske interesser i nordområda.

Ein viktig ressurs

I løpet av det neste året skal KV «Jan Mayen» gå frå å vere eit skrog, til å bli eit fullverdig kystvaktfartøy. No ventar ei tid med utrustning, testing og ferdigstilling.

– KV «Jan Mayen» skal etter planen leverast frå Forsvarsmateriell til Sjøforsvaret, og bli operativ i 2022. Kystvaktfartøyet vil då bli ein viktig ressurs med sine kapasitetar og evne til å operere i heile interesseområdet til Noreg, inkludert arktiske farvatn, seier skipssjef på KV Jan Mayen, kommandørkaptein Odvin Nilsen.

Før fartøyet blir operativt, må det utrustas og få installert det nødvendige utstyret for operasjonane dei skal delta i. Det skal blant anna vere rusta for å utføre slep, og ha oljevernutstyr til å samle opp olje på sjøen.

Rusta for samvirke og støtte

Dei tre fartøya i Nordkapp-klassa er helikopterbærande, og har spela ei viktig rolle i integreringa av NH90-helikopter. Jan Mayen-klassa skal vidareføre denne kapasiteten, og kan i tillegg ta i mot større redningshelikopter.

– Moglegheita til å ta i mot og operere med både NH90 og større redningshelikopter gjer at fartøya i Jan Mayen-klassa blir godt rusta til å støtte og samvirke med både sivile einingar og militære fartøy og avdelingar, avsluttar skipssjefen.

For media:

Bilete frå ankomsten til KV «Jan Mayen» er tilgjengelig i Forsvarets Mediearkiv.

Pressekontakt:

Talsperson orlogskaptein Michel Hayes.
Telefon: 988 11 246 eller e-post: mhayes@mil.no

Fakta om Jan Mayen-klassa

  • Jan Mayen-klassa skal bestå av dei tre fartøya KV «Jan Mayen», KV «Hopen» og KV «Bjørnøya». Desse skal leverast frå Forsvarsmateriell til Sjøforsvaret i 2022, 2023 og 2024.
  • Fartøya i Jan Mayen-klassa skal erstatte KV «Nordkapp», KV «Senja» og KV «Andenes» i Nordkapp-klassa.
  • I tillegg til å kunne operere med og vedlikehalde NH90-helikopter, blir Jan Mayen-klassa kapable til å ta imot større redningshelikopter som SAR Queen.
  • Kystvaktfartøya blir ustyrte med moderne teknologi, mellom anna til utføring av slep og oljevernutstyr. 
  • Jan Mayen-klassa skal operere i nordområda, og blir også rusta til å utføre operasjonar i arktiske område. 
  • Skroga til Jan Mayen-klassa blir bygde ved Vard Tulcea i Romania, og så slepte til Vard Langsten i Tomrefjord. Der skal fartøya utrustast, testast og ferdigstillast.