Lurer du på kva du skal pakke med deg til førstegongstenesta? Her finn du ei oversikt over kva du må ta med deg (obligatorisk), kva som kan vere kjekt å ta med og kva du ikkje bør ta med.
Obligatorisk
- 4–5 klesskift og ytterplagg for årstida
- 2 par joggesko, til inne og ute
- Toalettsaker og handkle for å dusje, det kan ta nokre dagar etter frammøte før du får handkle av Forsvaret
- Identifikasjon, som førarkort, nasjonalt ID-kort eller pass
- Matpakke til den første dagen, det kan gå lang tid før du får mat i leiren
- Pengar til småutgifter dei første vekene; det tek vanlegvis eit par veker før du får pengar frå Forsvaret
- Ha innkallinga tilgjengeleg om du blir bedt om moderasjonsbevis på reisa
Ta med dersom du har
- «Brilleseddel» eller «Synstest for førarkort», får du hos ein optikar om du bruker briller/linser
- Legeattestar (som er nye etter sesjon), vaksinasjonsattestar
- Førarkort og andre sertifikat, kopiar av vitnemål og attestar du meiner er relevante for Forsvaret
- Dokumentasjon på matallergi frå din fastlege, viktig for at leiren skal kunne tilpasse mat til allergikarar
- Nødvendige medisinar
- Rikeleg utval av nøytrale hårstrikkar og hårspenner, om du har langt hår
- Dokumentasjon på at du treng økonomisk støtte
Forsvaret dekkjer ikkje tap/skade på privat utstyr som ikkje er nødvendig for tenesta. Du får eiget skap med hengelås, men berre ei lita hylle i skapet for å ha private ting.