Norsk English

Informasjon før du møter

Informasjon om kva du skal pakke, kor du bestiller reise og korleis du finn fram før førstegongstenesta.

Slik bestiller du reise

Soldater på Oslo S

I innkallingsbrevet frå Forsvaret finn du informasjon om kor du har frammøte. Du er sjølv ansvarleg for å kome deg fram innan datoen og tidspunktet som står i brevet.

For å få dekka reiseutgiftene må du velje den billigaste reisa.

  1. Bestill «Vernepliktig» eller «Militær» om du reiser med tog for 90 % rabatt. Rabattane hos dei ulike busselskapa varierer. Bruk innkallinga som moderasjonsbevis.

    Bestill billett hos Vy eller i «Entur»-appen.

    Ta vare på alle reisekvitteringane dine. Dei må du levere når du skriv reiserekning ved oppmøte.

    1. Ring 78 10 03 00 (kl. 08.00–15.00).
    2. Avtal tid og stad for reisa.
    3. Du får opplese eit referansenummer i retur. Ta godt vare på dette nummeret. Du skal bruke referansenummeret for å løyse ut flybilletten på flyplassen.


    Du skal ikkje betale for flybilletten. Forsvaret refunderer ikkje flybillettar som er bestilte privat.

  2. Om det ikkje står noko om flybestilling i innkallinga di, betyr det at du ikkje bor langt nok unna til å få dekt flyreise.

    Om det står informasjon om flybestilling i innkallinga di, får du gratis flyreise.

Finn fram

  1. Det står uniformert personell på Oslo lufthavn (Gardermoen) som fortel deg kva du skal gjere for å kome deg til leiren.

    Forsvaret har satt opp bussar som tek deg frå Oslo lufthavn til Sessvollmoen. Bussane kjører i skytteltrafikk mellom Oslo lufthavn og Sessvollmoen. Dei kjører når dei er fylt opp og ikkje på noko bestemd tidspunkt.

    Oppmøtet på Sessvollmoen varer normalt berre ein dag. Du blir sendt vidare til tenestestaden på ettermiddagen eller kvelden, og for nokre neste dag. Forsvaret ordnar denne transporten.

  2. Frå Rutebilstasjonen i Kristiand sentrum tek det ca. ei halvtime med buss 35 til busshaldeplassen «Luftforsvarets skolesenter Kjevik». Kjem du med fly, gå ut terminalen til høgre. Det tek 10 minutt å gå til vakta.

  3. Kjem du med tog til Stavanger må du ta buss 16 frå haldeplass 20. Sjå kolumbus.no.

    Tek du flybussen frå Sola flyplass kan du gå rett av utafor Madla-leiren. Hugs militær rabatt på flybussen.

  4. Lutsiveien 145, 4309 Sandnes. Frå Sandnes sentrum/Ruten, ta buss mot Vatne - Hommersåk (rute 21).

    Forsvaret ordnar transport for deg som kjem med fly på Sola flyplass.

  5. Gå av ved Trondheim sentralstasjon om du kjem med tog eller buss (gjeld òg deg som kjem med fly frå Værnes).

    Utafor sentralstasjonen, mellom hovudinngangen og busshaldeplassen, går det ei gangbru nordover til Pirterminalen, totalt ca. 250 meter å gå.

    Frå Pirterminalen skal du ta hurtigbåt til Brekstad (tek om lag ei time).

    På Brekstad blir du henta av Forsvarets transport som tek deg til Ørland hovudflystasjon.

  6. Det går både rutebuss og flybuss til Evenes.

    Du kan bruke reisnordland.no for å planlegge reisa. Den inkluderer både buss og ferje.

    • Buss frå Troms/Bardufoss-området går via Bjerkvik til Evenes
    • Buss frå Bodø-området går via Skarberget-ferja eller Løding-ferja til Evenes
    • Buss frå Lofoten og Vesterålen går via Sortland
Pakkeliste
Lurer du på kva du skal pakke med deg til førstegongs­tenesta? Her finn du ei oversikt.
Økonomi
Ei oversikt over fordelar, permisjon og økonomiske gode under førstegongs­tenesta.

Spørsmål og svar

  1. Med nokre føresetnadar kan du få økonomisk stønad til ei rekkje ting. Sjå oversikt her.

  2. Å møte litt forseinka (grunna trafikk eller andre uventa hendingar som du ikkje kan klandrast for) går fint. Er forseinkinga under ein time treng du ikkje gjere noko. Blir du meir forseinka enn ein time, ring Forsvaret på 91 50 30 03.

  3. Det varierer. Møt presist om du kan. Hugs å ta med matpakke dersom du kjem seint.

    KNM Harald Haarfagre (Madla): Meld deg i porten/vakta når du kjem.

    Sessvollmoen: Bruk kontaktskjema eller ring 91 50 30 03 i førevegen for å eventuelt avtale eit anna tidspunkt enn i innkallinga.

    Kjevik: Ring Forsvaret på 91 50 30 03 i førevegen om du ikkje kan møte innan kl. 20.00 på oppmøtedagen.

    Vatneleiren: Bruk kontaktskjema eller ring 91 50 30 03 i førevegen for å eventuelt avtale eit anna tidspunkt enn i innkallinga.

    Porsanger: Oppmøte innan kl. 07.30 på oppmøtedagen, eventuelt innan kl. 23.00 kvelden før om du har lang reiseveg. Du treng ikkje ringe på førehand; meld deg i porten/vakta.

  4. Oppmøte til førstegongsteneste er pliktig. Sjukdom er ikkje grunn til å la vere å møte opp om du ikkje har fått innvilga søknad om utsetting/fritak.

    Sjuk, men transportdyktig? Du må møte i samsvar med innkallinga. Ved oppmøte melder du frå om at du er sjuk. Då er det Forsvaret som tek ansvar for helsa di og eventuell behandling.

    Sjuk og ikkje transportdyktig? Du må med ein gong ta kontakt med Forsvaret på telefon 91 50 30 03 dersom du er så sjuk at du ikkje er transportdyktig. Du må kome deg til lege og få ei legeerklæring, som må sendast til Forsvaret så fort som råd. Legeerklæringa må stadfeste at ei reise til oppmøtestaden anten er farleg for deg eller forverrar helsetilstanden din. Forsvaret vil ut frå legeattesten avgjere om og eventuelt når du skal møte.

Ta opp fag frå VGS

I førstegongstenesta får du stipend til privatisteksamen og vi betalar nettbasert undervisning for deg. Du kan òg søke om stipend til andre kurs.

Pil til høyre
Soldat studerer
Pil til høyre
Treng du utsetting eller fritak?
Ikkje sei opp jobben
Arbeidsgivar kan ikkje seie opp jobben din fordi du skal inn til førstegongsteneste. I samband med pliktig eller frivillig militærteneste har du, ifølgje arbeidsmiljølova § 12-12, rett til permisjon. Hugs å melde frå til arbeidsgivar at du er kalla inn til teneste!
Innkallinga kan bli annullert
For nokre kan innkallinga til førstegongsteneste bli annullert, sjølv etter at du har starta i tenesta. Det kan skje dersom du ikkje tilfredsstiller krava når du skal tryggleiksklarerast. Det kan òg skje dersom helsa di har forverra seg sidan du blei godkjend på sesjon.
Telefon 91 50 30 03
Har du spørsmål til innkallinga kan du ta kontakt.