
Økonomi, permisjon og fordelar
Ei oversikt over fordelar, permisjon og økonomiske gode under førstegongstenesta.
Økonomi
I førstegongstenesta får du betalt ut minimum 5400,– kroner kvar månad. Du kan dessutan søke om å få dekt faste økonomiske utgifter som husleige og liknande. Så lenge du er i førstegongsteneste og viser blått FD-ID-kort, får du òg 90 % rabatt på tog (Vy) og fleire busselskap.
Lege og tannlege
Som soldat i førstegongsteneste har du tilgang på lege og tannlege i leiren. Les meir om Helserettigheter for soldater i førstegangstjeneste her.
Mat og bustad
Forsvaret held deg med mat, klede og bustad så lengje du er i førstegongsteneste.
Du får 2 tilleggspoeng
I ordinær kvote hos Samordna opptak kan du få inntil 2 tilleggspoeng (ikkje det same som studiepoeng) for anten militærteneste, folkehøgskule eller høgare utdanning. Du kan berre få 2 tilleggspoeng for éin av delane. Poenga blir berre rekna med i ordinær kvote (du blir automatisk rekna med i ordinær kvote). Om du tilfredsstiller krava, og det blir rekna som mest gunstig for deg, blir du rekna med i kvote for førstegongsvitnemål utan tilleggspoeng. Les meir om poengberekning og kvoter på Samordna opptak.
Permisjonar og heimreiser
-
Alle soldatar som er inne til 12 månaders førstegongsteneste får 20 permisjonsdagar som dei kan bruke som dei ønskjer, så lenge tenesta tillèt det. 6 månaders førstegongsteneste gir 16 permisjonsdagar medan 18 månaders førstegongsteneste gir 30 permisjonsdagar.
Det er vanleg å forlate leiren under permisjon, men du kan sjølvsagt bli der dersom du ønskjer det.
Avdelingane i Forsvaret avviklar permisjonar ulikt. Somme avdelingar har langpermisjonar for alle i avdelinga og er lite fleksible på individuelle permisjonssøknader. Andre avdelingar overlèt i stor grad til dei meinige sjølve å planleggje permisjonsdagane sine.
Søker du om permisjon, er det viktig at fridagane ikkje kolliderer med den militære opplæringa eller tenesta. Du kan mellom anna ikkje rekne med å få innvilga søknad om permisjon under rekruttskulen.
Permisjon under rekruttskulen
Det er vanleg at du ikkje får den første helgepermisjonen, det vil seie fri på laurdag og søndag, før den andre eller tredje helga. Vidare utover i rekruttskuletida er det vanleg med generell helgepermisjon, med mindre undervisning eller øving er lagt til helga.
Første langpermisjon, altså permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar, får du først etter rekruttskulen. Det er vanleg å få nokre dagars permisjon i overgangen frå rekruttskulen til overføring til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.
Permisjon ved høgtider
Det er vanleg at soldatar får felles permisjon ved høgtider. Glidande helgedagar blir ikkje trekte frå dei 20 permisjonsdagane. Dette er det gjort greie for i Permisjonsdirektivet.
Gjennomføringa av felles permisjonar varierer frå avdeling til avdeling. Avdelingar som har soldatar i beredskap eller i turnusordning, gir aldri felles permisjon. Men der er det derimot vanleg at dei som ikkje er i beredskap eller har vakt, får fri. Eksempel på soldatar som er i beredskap eller har turnusordning, er gardistar, grensejegarar og vaktsoldatar.
Sjuk under permisjon?
Soldatar som blir sjuke under permisjon, skal oppsøke militær lege dersom det finst der dei er. Legeerklæring frå sivil lege gir ikkje rett til fråvær frå tenesta utover den godkjende permisjonen, med mindre legeerklæringa ettertrykkjeleg slår fast at reisa til tenestestaden vil føre til forverring av sjukdommen eller er ein fare for liv og helse.
Oppstår det ein situasjon der du får beskjed frå legen din om at du ikkje kan reise til tenestestaden når permisjonen går ut, må du straks ta kontakt med tenestestaden din.
Blir du sjukmeld og ikkje er i stand til transport under permisjonen, får du godskrive tilsvarande mange permisjonsdagar. Den utsette permisjonen blir avvikla når avdelinga finn tid til det. Avdelingane skal prøve å leggje den utsette permisjonen til eit tidspunkt som passar for deg.
-
Når du er inne til førstegongsteneste får du 7 gratis heimreiser. Talet på heimreiser er noko annleis for dei som har teneste veldig langt frå heimen eller har anna lengde på førstegongstenesta.
Du får dekt billigaste reisemåte
Du får dekt reise på den billigaste måten. Hugs at du hos Vy og ein del busselskap får 90 prosent rabatt når du viser blått FD-ID.
Ta vare på alle kvitteringar du får undervegs. Når du kjem tilbake til leiren, fyller du ut ei reiserekning. Der må alle kvitteringane leggjast ved.
Tek reisa over 10 timar, får du flybillett. Denne billetten må bestillast av Forsvaret, og det er avdelinga sitt ansvar å gjere det.
-
Etter fullført teneste får soldatar stort sett fri. Det vil seie at dei fleste soldatar har fri på kveldar og helgar. Unntaket er under rekruttskulen. Da er det ofte undervisning på kveldstid og i helg.
Soldatar som høyrer til avdelingar som har beredskap har ikkje same ordning med fri på kveldar og helgar. Der er det vanleg med turnusordning. Det kan løysast ved at soldatane blir delte i lag. Eitt lag arbeider ei veke, medan det andre har fri. Og så byter dei veka etter. Eksempel på soldatar som er i beredskap eller har turnusordning, er gardistar, grensejegarar og vaktsoldatar.