20200823KL__O3A2077

I onkel sine fotspor

Jostein Revheim kikkar opp mot fjella som breier seg i Stordalen. Han tenkjer på korleis det såg ut her for 75 år sidan. Hans eigen onkel, Sigmund Revheim, kjempa tappert mot tyskarane i motstandsgruppa Bjørn West.

Jostein står ved Stordalen Fjellstove og ser deltakarane på årets Bjørn West-marsj kome i mål. Den 15 km lange marsjen er til for å heidre soldatane som kjempa i desse fjella. Ein viktig marsj for lokalbefolkninga, soldatar og slektningar av dei som kjempa oppe i Matrefjella. Planen til Jostein var å delta sjølv i år, for aller fyrste gong, men berre dagar før marsjen skadar han beinet sitt. Trass i det ynskjer han å væra ved mållinja for å sjå på saman med sonen sin. 

Heimsøkt i draumane

Jostein er soldat i innsatsstyrke Bjørn West som er oppkalla etter motstandsgruppa, og kjenner kanskje litt ekstra på arven han bringar med seg inn i dagens forsvar. Han brukte mykje tid med onkel Sigmund og fekk høyre mange historier om han sin versjon av hendingane under krigen. Dei to kunne snakke om det meste. 

Noko heldt han likevel for seg sjølv. Jostein fortel at Sigmund ofte sov hos dei på garden dei vaks opp på. Det var lytt gjennom veggane, og Jostein kunne høyre onkelen sin skrika og brøla når han sov. Tyskarane heimsøkte han i draumane, men det var noko som aldri skulle bli snakka om. 

 

Forfalska blindtarmsbetennelse

Sigmund døydde i 2002 og tok mykje historie med seg. Noko av historia blir fortald vidare til nære og kjende, og noko skreiv han ned i eit skriv berre månadar før han døydde. 

Han gjekk befalsskulen, men blei seinare politi i Bergen, kor han tenestegjorde store delar av krigen. I 1944 laug han på seg ein blindtarmsbetennelse for å kjøpa seg tid til å røma frå tyskarane, då han trudde han blei oppdaga for å ha gjeve ut illegale passersetlar. Han drog då opp til Matrefjella for å bli med i motstandsgruppa Bjørn West. Her var han instruktør for rekruttskulen ved Kringlebotn gard. 

Krigen er komen til Matrefjella

28. april 1945. Dei neste seks dagane vil det bli blodige kampar i Matrefjella inst i Masfjorden. Bjørn West-styrken som har bygd seg opp i løyndom der oppe vil tape seks mann. I nattestider tar ein tropp på 15 tyskarar av frå Matre for å sjekka ut fjellområda og stølane der. Tre av dei tar ei anna rute og går innover fjellet Klaven. 

Berre eit par dagar før kom rundt 50 ungdomar til Kringlebotn gard for å få våpenopplæring. Ved rekruttskulen trur dei enno at dei er trygge. Tilfeldig blir det observert bevegelsar på andre sida av vatnet. Dei skjønar straks at det er tyskarar. 

Befala blir einige om at det er for tidleg å sende ut ungdomane og tek saka i eigne hender. Arnold Mathiesen samlar eit lag med befal og spring langsetter det kilometerlange vatnet i ein valdsam fart. Blant dei sju er Sigmund Revheim. 

20200823KL__O3A1982-2.jpg

Det fyrste angrepet

Dei spring over stein og ur, gjennom skogen og langsetter vatnet. Framme på andre sida spreiar laget seg og søkjer dekning. Mathiesen får ikkje gøymd seg i tide og blir drepen.

Sigmund fortel: «Eit stykkje lenger unna i lia kom eg til ein stor stein der eg trefte Ragnvald Totland som søkte dekning. Like etter dukkar det opp eit framand hovud rett framføre meg. Det var neimen ikkje mange meters avstand. Eg skaut fort og hovudet kom ikkje opp att.»

På same tid står ein annan tysk soldat lengre oppi ura og skyt mot dei to. Revheim ser røyken frå våpenet hans og observerer ein heilfigur bak nokre buskar. 

Revheim ser ned på Totland – Totland er blitt treffen i skuldra og seier han treng hjelp til å kome seg tilbake til basen. Sigmund lova å kome tilbake med hjelp så snart det var mogleg. 

Revheim sit og observerer lendet så godt han kan, men det var slutt. Ikkje fleire tyskarar, ikkje fleire skot. Mannskapet inne ved Kringlebotn gard får Totland i sikkerheit med båt over vatnet. 

Men kampane er langt frå over. 

Eit evigvarande minne

29. april 1945. «No venta me på nytt angrep og denne gongen var det min tur med nytt lag på sju mann. Midt i organiseringa av vaktlaget blir ein mann observert oppi snøfonna, og denne mannen måtte ikkje koma ned til oss. Eg tok med meg to mann», skriv Revheim. 

Farten oppover var stor, men mannen på snøfonna forsvann. Dei går tilbake for å fortsetje organiseringa, men det gjekk ikkje etter planen. 

«Brått ser eg tre tyskarar ligga rett framfor meg. Det vart eit evigvarande minne å sjå dei liggjande der med geværet på høgre sida klar til bruk», fortset Revheim i skrivet. 

Tyskarane er opptekne med å speida over terrenget, men snur seg og ser Revheim i det han stoppar opp. Dei reagerer med enorm fart, og det same gjer Revheim. Han byrjar å skyte punktvis frå høgre til venstre, alle tre vart trefte. 

«Alle dei andre i vaktlaget gjorde det einaste rette – stakk av. Heilt ukjende med nye våpen og den uhyggelege situasjonen me var komne oppi. Men Narve Tindeland vart verande att.» 

Revheim og Tindeland ser mange tyskarar på veg opp frå dalen, men tenkjer at det må vera fleire igjen rundt dei. Dei treng hjelp. Tindeland spring for å prøve å få tak i folk, men når han forsvinn inn i skogkanten, smell det frå same plass. Eit skot treffer han, men han prøver sjølv å forbinde skotsåret. Igjen blir han oppdaga, blir skutt og døyr. 

Revheim er no åleine. 

 

Det enorme overlevelsesinstinktet.

«Eit skot kom som eit nedslag like framfor føtene mine. Jord og grus spruta oppover meg, men eg høyrde ikkje skotet – høyrsla var borte.» 

Sigmund kastar seg ned for å få tyskarane til å tru at dei hadde treft han. Han var no åleine mot eit ukjend tal med tyskarar. Han set i gong med framsprang og kjenner lufttrykk av skot rundt seg. Han stuper over ein stein og høyrer at fleire skot treff den. 

På veg attende spring han forbi Jakob Åsheim som var ein del av laget hans. Han har òg falle på slagmarka. Sigmund har ikkje tid til å stanse for lenge og dreg vidare over elver og fossestryk. Han kjem tilbake til Kringlebotn gard, men alle andre er dratt. Han finn ryggsekken sin og spring vidare. 

Lengre inn i fjellet finn han dei andre. Rundt om i Matrefjella vil kampane fortsetje i fire dagar til, men enn så lenge kan Sigmund endeleg få pusten tilbake. 

Ånda som vekkjast

23. august 2020. Jostein ser tenkande ned på våpenet han fekk behalde frå onkel Sigmund. På undersida er det rissa inn tre strekar, ein for kvar tysk soldat Sigmund meinte han drap. 

– Det er så viktig at me ikkje gløymer. Eg fekk høyre historiene då eg var ganske liten. Kva dei gjorde, kva som skjedde. Det er ting som er viktige å få fram i lyset, og slaga er ein del av den historia, fortel Jostein. 

Jostein har kome i prat med fleire av dei som kjempa i Bjørn West. Fellesnemnaren for alle, er at dei snakkar om det motet dei fekk. Den innsatsen dei følte på då dei kjempa for landet sitt. 

– Det vekkjer ei ånd i folket til å delta på noko større enn ein sjølv. 

Kampvilja – den er eg så enormt imponert over. Dei bar tung ammunisjon, mat og alt som var, opp til fjells. Det var eit slit frå ende til annan, uttaler han. 

Stoltheita

Etter å ha tenestegjort i Kosovo gjennom 2000 og 2001, blei Jostein innrullert i områdestrukturen i HV-09. Han påpeiker at han likte seg der, men hadde behov for eit enda høgare tempo. Då blei innsatsstyrken eit godt alternativ. 

– Eg må seie at eg er veldig stolt av å vera med i Heimevernet og i Bjørn West. Eg føler me gjer ein viktig jobb. Å gå i onkel Sigmund sine fotspor, både bokstaveleg og biletleg, har ein stor verdi for meg, avsluttar han.