
Verdiane våre
Forsvaret er Noregs sterkaste maktmiddel og forvaltar utstyr og materiell for store summar. Derfor er det viktig at vi har gode haldningar og god etisk forståing.
I Forsvaret kan vi støyte på situasjonar som krev tøffe avgjersler på kort tid. Derfor er det viktig at vi veit kva Forsvaret står for, og kva verdiar vi lever etter. Forsvarets leiarar, tilsette og soldatar må vite kva verdiane våre inneber i praksis. Det gjer det enklare å ta gode og rette avgjersler når ein blir stilt framfor eit etisk dilemma i ein vanskeleg situasjon.
Verdigrunnlaget vårt er noko av det aller viktigaste vi har i Forsvaret. For å kunne verne om det vi har og det vi er, må vi sjølve leve ut verdiane vi skal forsvare. Gode haldningar og verdiar gjer at befolkninga kan stole på Forsvaret. Vi treng tillita di for at vi skal kunne samarbeide bra med sivilsamfunnet og rekruttere dei rette menneska.
I Forsvaret ligg tre grunnverdiar i botnen av alt vi gjer: respekt, ansvar og mot.
Forsvarets grunnverdiar
-
I Forsvaret respekterer vi kollegaer, medsoldatar, sjefar og underordna. Vi skil ikkje på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion eller legning.
Forsvarets personell skal vise respekt for samfunnets grunnverdiar og kulturelle tradisjonar.
Menneskeverd
Forsvaret skal spegle mangfaldet i samfunnet, og i eit moderne forsvar har mangfald ein stor verdi. Alle menneske har ein eigenverdi, uavhengig av bakgrunn, eigenskapar og prestasjonar.
I stridshandlingar blir ein stilt framfor tøffe val og vurderingar. I strid er det fare for brutalisering der respekten for enkeltmennesket kan bli sett på den sterkaste prøve. Også under slike høve er det viktig å verne menneskeverdet, liv, fridom og tryggleik.
Menneskeverdet legg føringar på bruk av militære maktmiddel. Det betyr at vi skal handsame alle partar i ein konflikt med respekt, skilje mellom sivile og militære mål, og sjå til at maktbruken samsvarar med målet som skal nås.
Grunnmuren for respekt er sjølvrespekt, noko som gir styrke til å stå oppreist i vanskelege situasjonar. Respekt skal også kome til uttrykk i møte med andre – som sivilbefolkning, parter og motstandarar i militære operasjonar.
Forsvaret aksepterer ikkje rasistiske haldningar eller umenneskeleg, nedverdigande eller respektlaus handsaming av andre. Uønskt seksuell merksemd skal heller ikkje skje.
Respekter vedtak
Forsvarets personell skal òg respektere vedtak og oppdrag. Når ei avgjerd er tatt og eit oppdrag er gitt, støttar vi lojalt opp om avgjerda og utfører oppdraget etter beste evne. Det er samstundes viktig at overordna høyrer på råd og innspel som kjem frå underordna og frå andre delar av organisasjonen.
Forsvarsfolk har som samfunnsborgarar også rett til å delta i forsvars- og samfunnsdebatten. Men det er viktig at vi respekterer omsynet til nasjonal tryggleik og Forsvarets integritet.
-
Ansvar betyr å ta hand om seg sjølv, kvarandre og heile Forsvaret. Du skal kunne ta ansvar i de mest krevjande situasjonane, men òg i kvardagen.
Ansvar for kvarandre
Du viser ansvar ved å ta initiativ, vise handlekraft og vere standhaftig. Dette krev ein indre disiplin hos kvar enkelt. Sjølvdisiplin er avgjerande for å kunne ta ansvarlege val i vanskelege situasjonar.
Forsvarets personell skal ta ansvar for kvarandre, og Forsvaret skal ta ansvar for folka sine. Dette skapar tillit, både personlig og profesjonelt. Som militært personell skal vi støtte og hjelpe kvarandre og – i yttarste fall – gi livet vårt for kvarandre.
Tillit, omsorg, lojalitet og disiplin skapar lagånd. Slik utviklar vi eit felles ansvar for kvarandre og for oppdraget vi skal løyse saman. Vi sviktar ikkje kvarandre eller oppdraget.
Vi representerer Noreg
Vi har ansvar for å gjennomføre når politikarane vel å ta i bruk samfunnets militære maktmiddel. I all handling skal vi vite at vi representerer Noreg og norske styresmakter.
Ansvaret som kviler på Forsvaret og personellet vårt, kjem til syne gjennom lojalitet til samfunnet, og til samfunnets lover og institusjonar. Ansvaret viser seg òg i korleis vi utfører ordrar og oppdrag, korleis vi ter oss, og korleis vi vurderer konsekvensane av maktbruken.
-
Vi skal ha mot til å vise handlekraft, initiativ og vilje til å kjempe. Vi skal òg ha mot til å forsvare ein medsoldat når det trengst. I militære operasjonar kan det vere fare for ditt eige liv og andre sine liv. Det krev mot å skyve di eiga tryggleik til side for å løyse eit oppdrag.
God dømmekraft
Mot er å handle riktig i dagleg teneste og i strid. Å overvinne kjensler som frykt og hat, og å seie frå om ei handling strir mot det som er rett.
Vi må ha god dømmekraft. Mot utan dømmekraft kan resultere i overmot og dumdristige handlingar. Dømmekraft er sett saman av samvit, sjølvinnsikt og audmjukskap.
Vi må vere moralsk reflekterte og forstå konsekvensane av handlingane våre for å kunne leve med oss sjølve. Dette krev at vi kjenner vår eigen kapasitet og eigne avgrensingar.
Fysisk og psykisk styrke
Vi må sjå mogelegheiter, vere sjølvstendige og arbeide saman for å finne gode løysningar. Ved å trene jamleg blir vi fagleg dyktige, og vi byggjer fysisk og psykisk styrke til å tåle påkjenningar.