Soldat under feltøvelse / Soldier during field exercise

Heistadmoen

Heistadmoen leir ved Kongsberg er hovudbasen til Telemark og Buskerud heimevernsdistrikt.

Adresse
Heistadmoen leir, 3608 Heistadmoen
Kontakt
915 03 003

Militær verksemd har lange tradisjonar på Kongsberg. Allereie etter etableringa av den norske Hæren i 1628, vart det laga øvingsplassar rundt byen. I 1909 etablerte Hæren Heistadmoen leir, om lag 10 kilometer sørvest for sentrum.

Utover i 1990-åra reduserte Forsvaret aktiviteten sin på Heistadmoen og flytta fleire avdelingar frå leiren. I dag er Heistamoen hovudkvarter for Telemark og Buskerud heimevernsdistrikt (HV-03). Distriktsstaben til HV-03 på Heistadmoen har 25 fast tenestegjerande offiserar og 20 sivilt tilsette, Rundt Heistadmoen og på Hengsvatn er det fleire store skyte- og øvingsfelt som Heimevernet nyttar trening og øving.

Vakt- og sikringsavdelinga ligg under innsatsstyrke Gunnerside. Etter rekruttperioden blir soldatane sett i ei turnusteneste der dei er på vakt, får påfyll av soldatkunnskap og har permisjon.

Aktivitetstilbod

Kongsberg har 28 000 innbyggarar og har vekse fram som Noregs industrielle innovasjonshovudstad. Kongsberg Teknologipark huser nokre av dei ypparste teknologibedriftene i verda – innan alt frå bil- og flyindustri, til forsvar og romfart. Sjå Kongsberg kommunes nettsider for meir informasjon.

Kommunen har vakker natur og flotte moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. På Kongsberg skisenter ligg alt til rette for alpint og snøbrett, og byen har eit velutbygd løypenett for langrenn. Kongsberg er òg eit senter for utdanning – med tre vidaregåande skular og teknisk fagskule. Universitetet i Søraust-Noreg har også ei avdeling i byen, med 40 studietilbod og 1200 studentar.

Bustad

Forsvaret tilbyr i dag fem familiebustader i tilknyting til Heistadmoen. Bustadene blei totalrenoverte og påbygde i slutten av 1990-åra, og alle ligg i bustadfeltet like utanfor militærleiren. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.