Kolsås leir blei tatt i bruk i 1954 av NATOs nordkommando. Leiren har anlegg og bygg ute i dagen og inne i fjellet under Kolsåstoppen. I 1994 flytta NATO ut, og Akershus kommandantskap tok over leiren. Sidan har einingar frå andre delar av Forsvaret også flytta inn, blant andre Forsvarets logistikkorganisasjon, Forsvarsmateriell, Cyberforsvaret, Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og Forsvarsbygg.
Utover i 1990-åra blei leiren modernisert, og fekk eit av dei største militære idrettsanlegga i Noreg. I 2021 opnar eit splitter nytt forlegningsbygg på 2800 kvadratmeter med plass til 225 soldatar. Bygget erstattar tre gamle bygg som no blir rivne.
Aktivitetstilbod
Kolsås har mange velferdstilbod for soldatane, og Bærum kommune har fleire store anlegg til dei fleste idrettar. Blant dei er fleiridrettsanlegget Hauger idrettspark, Nadderudhallen, Grønneshallen og Telenor Arena.
Det er alpinanlegg i Kirkerudbakken, Krydsbybakken og Kolsåsbakken. Det er også gode høve for langrenn i eit godt utbygd lysløypenett i Vestmarka og Bærumsmarka.
Oslo sentrum, med sine uendelege kultur- og underhaldningstilbod, ligg ein halvtime unna med T-bane.
Hovudinngangen til Cyberforsvaret og FLO IKT på Kolsås. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvaret
Bustad
Bærum kommune har 112 000 innbyggarar og grensar til Oslo kommune i aust. Frå Kolsåstoppen like ved leiren, har du nydelig utsikt utover heile kommunen, inn til Oslo, over til Nesodden og det aller meste av indre Oslofjord. Vil du vite meir om Bærum, sjå kommunens nettsider.
Forsvaret har over 300 leilegheiter for forsvarspersonell som tenestegjer i Osloregionen. Dei fleste er i Oslo by, men nokre bustader ligg utanfor bygrensene – i Asker, Bærum, Nittedal, Ski og Rælingen. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.
Familiekoordinator
For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.
Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.