Nye distinksjoner (fv.) Sersjantmajor Luftforsvaret, Flaggmester Sjøforsvaret og Sersjantmajor Hær / New distinction (fl.) Sergeant major Airforce, Master chief petty officer Navy and Sergeant major Army.

Militære grader

Militære grader skil mellom offiserar, spesialistar og meinige soldatar. Dei fortel òg kva slags ansvar og kommandorang ein soldat har.

Du har kanskje høyrt uttrykket «å stige i gradene»? I Forsvaret har vi eit ordre- og kommandobasert system, og militær rang og grad er grunnleggande i dette systemet.

Ute i felt og strid kan det vere livsviktig at kommandoar og meldingar kjem kjapt fram, og at mottakaren forstår dei rett. For å sikre dette, trengjer vi avklarte kommandolinjer og tydelege rangordningar.

Forsvaret har to karrierestigar for militært tilsette: ein for offiserar, og ein for spesialistar. Dei to karrierestigane er sidestilte, men dei har kvart sitt system med grader og uniformsmerker – også kalla distinksjonar.

Pil til høyre
Plakat med grader og uniformsmerke (PDF)

Offiserane har krigsskuleutdanning eller akademisk utdanning og kvalifiseringskurs. Dei følgjer dei tradisjonelle gradene frå fenrik til general eller admiral. Gradene samsvarar med NATOs gradssystem (OF1–9).

Offisersgrader og uniformsmerke

  1. OF9 General og admiral

    General eller admiral (Sjøforsvaret) er den høgaste offisersgrada i Noreg. Uniformsmerket har fire stjerner på gullbakgrunn. I Noreg er det berre eit fåtal personar som har denne grada: kongen, kronprinsen, forsvarssjefen og tidlegare forsvarssjefar. Kongen og kronprinsen har både general- og admiralsgrad.

  2. OF8 Generalløytnant og viseadmiral

    Generalløytnant eller viseadmiral (Sjøforsvaret) er den nest høgaste militære grada i Forsvaret. Uniformsmerket har tre stjerner på gullbakgrunn. I Noreg har vi fire sittande generalløytnantar og viseadmiralar: sjef Forsvarsstaben, sjef Forsvarets operative hovudkvarter, sjef Etterretningstenesta og sjef Militærmisjonen i Brussel.

  3. OF7 Generalmajor og kontreadmiral

    Generalmajor eller kontreadmiral (Sjøforsvaret) er den tredje høgaste militære graden i Noreg. Uniformsmerket har to sølvstjerner på gullbakgrunn. Generalmajorane og kontreadmiralane er som regel sjef for ei forsvarsgrein, ei større eining i Forsvaret, eller ei avdeling i Forsvarsstaben. Ordet «kontreadmiral» blir uttala med trykk på første staving, som i kontre eit angrep.

  4. OF6 Brigader og flaggkommandør

    Brigader eller flaggkommandør i Sjøforsvaret, er den høgaste grada av stabsoffiserane. Uniformsmerket har ei stjerne på gullbakgrunn. Brigaderar er gjerne sjef for ein brigade, som i Noreg vanlegvis har 3000–6000 soldatar. Brigaderar kan òg være sjef for andre store og strategiske einingar i Hæren og Luftforsvaret. Flaggkommandørar er gjerne sjef for Marinen, Kystvakta og andre sentrale flåtar i Sjøforsvaret. Leiarar i sentrale stabsavdelingar i Forsvaret er gjerne også brigaderar eller flaggkommandørar.

  5. OF5 Oberst og kommandør

    Oberst eller kommandør (Sjøforsvaret) er den nest høgaste grada blant stabsoffiserane. Uniformsmerket for oberst har tre sølvstjerner på mørkeblå bakgrunn med slitekantar i sølv. Kommandørmerket har fire tjukke gullstriper, der den øvste har kommandoløkke. Oberstar er gjerne nestkommanderande for ein brigade, eller dei er sjef for ein luftving eller eit heimevernsdistrikt. Nestkommanderande for Marinen og Kystvakta har som regel kommandørs rang. Det same er sjefen for Forsvarets høgskules sjøkrigsutdanning. Sentrale og viktige stabsstillingar er ofte oberstar og kommandørar.

  6. OF4 Oberstløytnant og kommandørkaptein

    Oberstløytnant eller kommandørkaptein (Sjøforsvaret) er den tredje høgaste grada blant stabsoffiserane. Ein oberstløytnant er gjerne sjef for ein større militær styrke som til dømes ein bataljon eller skvadron. I Noreg har ein bataljon gjerne 500–800 soldatar. Uniformsmerket for oberstløytnantar har to sølvstjerner på mørkeblå bakgrunn med slitekantar i sølv.

    Kommandørkapteinar er gjerne skipssjefar for eit fartøy. Uniformsmerket for kommandørkapteinar har to tjukke gullstriper, ei smal og deretter ei tjukk gullstripe med kommandoløkke.

     

     

  7. OF3 Major og orlogskaptein

    Major eller orlogskaptein (Sjøforsvaret) er den lågaste av gradene blant stabsoffiserane. Majorar er leiar gjerne eit militært kompani, som i Noreg har 120–300 soldatar. Majorar er også nestkommanderande for skvadronar i Luftforsvaret. Orlogskapteinar er som regel nestkommanderande på Sjøforsvarets fartøy.

    Uniformsmerket for oberstar har ei sølvstjerne på mørkeblå bakgrunn med slitekantar i sølv. Uniformsmerket for kommandørkapteinar har tre tjukke gullstriper, der den øvste stripa har kommandoløkke.

  8. OF2 Kaptein, kapteinløytnant og rittmeister

    Kaptein, kapteinløytnant (Sjøforsvaret) eller rittmeister (kavaleriavdelingar i Hæren) er det høgaste nivået på lågare offisersnivå. Kapteinar er gjerne sjef eller nestkommanderande for eit kompani eller anna tilsvarande eining. Ein rittmeister er sjef for ein kavalerieskadron. Slike eskadronar finn vi i Hærens 2. bataljon, Panserbataljonen og i Telemark bataljon.

    Uniformsmerket for kapteinar og rittmeistrar har tre stjerner på mørkeblå bakgrunn. Uniformsmerket for kapteinløytnantar har ei tjukk gullstripe, ei tynn gullstripe, og ei tjukk gullstripe øvst med kommandoløkke.

  9. OF1 Løytnant

    Løytnant er det nest lågaste offisersnivået i Noreg. Løytnantar er sjef for ein tropp, som i Noreg vanlegvis har 30–50 soldatar. Løytnantar er gjerne også nestkommanderande for eit kompani, eller dei jobbar som administrasjonsoffiserar. Vernepliktige legar, prestar og ingeniørar får gjerne også løytnants grad.

    I Hæren og Luftforsvaret har uniformsmerket til løytnantar to sølvstjerner på mørkeblå bakgrunn. I Sjøforsvaret har uniformsmerket to tjukke stripar, der den øvste har kommandoløkke.

  10. OF1 Fenrik

    Fenrik er den lågaste offisersgrada i Noreg. Fenrikar er gjerne nestkommanderande for ein tropp.

    I Hæren og Luftforsvaret har uniformsmerket til fenrikar ei sølvstjerne på mørkeblå bakgrunn. I Sjøforsvaret har uniformsmerket ei tjukk stripe med kommandoløkke.

Spesialistane har befalsutdanning, eventuelt akademisk kompetanse eller realkompetanse som er viktig for Forsvaret. Spesialistane (OR) har sin eigen struktur med eigne uniformsmerke og grader. Systemet for spesialistbefal samsvarar med NATOs gradssystem (OR2–5 og5–9). OR1 blir brukt på soldatar i førstegongsteneste.

Spesialistgrader og uniformsmerke

  1. Sjef i grad Sjefssersjant og sjefsmeister

    Sjefssersjant eller sjefsmeister (Sjøforsvaret) er ein eigen funksjon utanfor den ordinære rangordninga for spesialister. I befalskorpset har Forsvaret innført eit system der den med lengst ansiennitet har ein overordna posisjon i eininga si (forsvarsgrein, avdeling, forband, fartøy, stasjon og liknande). Berre eitt befal kan ha posisjonen i kvar eining, og berre personell i gradsnivåa OR6 til OR9 kan ha funksjonen.

    Gradsteiknet til sjefssersjantane har ein stjerneknapp mellom vinklane og bogane. På teiknet til sjefsmeisteren er ankeret over vinklane bytta ut med eit anker omgitt av ein laurbærkrans.

  2. OR9 Sersjantmajor og flaggmeister

    Sersjantmajor eller flaggmeister (Sjøforsvaret) er den høgaste grada for spesialistbefal, om ein ser bort frå sjefssersjant og sjefsmeister. Ho motsvarar NATO-rangen OR9 og blei stifta då Forsvaret etablerte spesialistordninga i 2016. Sersjantmajorane og flaggmeistrane er sjef for spesialistane i si avdeling eller grein, og dei er viktige rådgivarar for offisersleiinga i avdelinga.

    Uniformsmerket til sersjantmajoren har tre vinklar med fire bogar over. Flaggmeisterens uniformsmerke har ein tjukk vinkel med tre normale vinklar og eit anker over.

  3. OR8 Kommandérsersjant og orlogsmeister

    Kommandérsersjant eller orlogsmeister (Sjøforsvaret) er den nest høgaste grada blant spesialistbefalet.

    Uniformsmerket til kommandérsersjanten har tre vinklar med tre bogar over. Orlogsmeisterens uniformsmerke har fire vinklar med eit anker over.

     

  4. OR7 Stabssersjant og flotiljemeister

    Stabssersjant eller flotiljemeister (Sjøforsvaret) er den tredje høgaste grada blant spesialistbefalet.

    Uniformsmerket til stabssersjanten har tre vinklar med to bogar over. Flotiljemeisterens uniformsmerke har tre vinklar med eit anker over.

  5. OR6 Oversersjant og skvadronmeister

    Oversersjant eller skvadronmeister (Sjøforsvaret) er den fjerde høgaste grada blant spesialistbefalet.

    Uniformsmerket til oversersjanten har tre vinklar med ein boge over. Skvadronmeisterens uniformsmerke har to vinklar med eit anker over.

  6. OR5 Sersjant klasse 1, vingsersjant og senior kvartermeister

    Sersjant klasse 1 (Hæren), senior kvartermeister (Sjøforsvaret) og vingsersjant (Luftforsvaret) er ei spesialistbefalsgrad.

    Uniformsmerket til sersjant klasse 1 og vingsersjant har tre vinklar med ein horisontal strek over. Uniformsmerket til ein senior kvartermeister har ein tjukk og ein smal vinkel med eit anker over.

  7. OR5 Sersjant og kvartermeister

    Sersjant og kvartermeister (Sjøforsvaret) er ei spesialistbefalsgrad.

    Uniformsmerket til sersjantane har tre vinklar. Kvartermeisterens uniformsmerke har ein vinkel med eit anker over.

  8. OR4 Korporal klasse 1, leiande konstabel og seniorspesialist

    Korporal klasse 1 (Hæren), leiande konstabel (Sjøforsvaret) og seniorspesialist
    (Luftforsvaret) er ei spesialistbefalsgrad.

    Uniformsmerket til korporal klasse 1 og seniorspesialist har to vinklar med ein boge over. Uniformsmerket til ein leiande konstabel har fire skrå strekar med eit anker over.

  9. OR4 Korporal, konstabel, og leiande spesialist

    Korporal (Hæren), konstabel (Sjøforsvaret) og leiande spesialist (Luftforsvaret) er ei spesialistbefalsgrad.

    Uniformsmerket til korporalar og leiande spesialistar har to vinklar. Uniformsmerket til ein konstabel har tre skrå strekar med eit anker over.

  10. OR3 Visekorporal klasse 1, leiande visekonstabel og spesialist

    Visekorporal klasse 1 (Hæren), leiande visekonstabel (Sjøforsvaret) og spesialist (Luftforsvaret) er den nest lågaste av gradene blant spesialistbefalet.

    Uniformsmerket til visekorporalar klasse 1 og spesialistar har ein vinkel med ein boge over. Uniformsmerket til ein leiande visekonstabel har to strekar med eit anker over.

  11. OR2 Visekorporal, visekonstabel og visespesialist

    Visekorporal (Hæren), visekonstabel (Sjøforsvaret) og visespesialist (Luftforsvaret) er den lågaste av gradene blant spesialistbefalet.

    Uniformsmerket til visekorporalar og visespesialistar har ein vinkel. Uniformsmerket til ein visekonstabel har ein strek med eit anker over.

Mannskapsgrader og uniformsmerke

  1. OR1 Leiande meinig og leiande flysoldat

    Leiande meinig (Hæren og Sjøforsvaret) og leiande flysoldat (Luftforsvaret) er den høgaste av dei to mannskapsgradene. Grada blir berre brukt av vernepliktige.

    Uniformsmerket til ein leiande meinig i Hæren har ein strek med Hærens merke over. Uniformsmerket til ein leiande meinig i Sjøforsvaret har ein strek med Sjøforsvarets merke over. Uniformsmerket til ein leiande flysoldat har ein strek med Luftforsvarets merke over.

  2. OR1 Meinig og flysoldat

    Meinig (Hæren og Sjøforsvaret) og flysoldat (Luftforsvaret) er den lågaste av mannskapsgradene. Grada blir berre brukt av vernepliktige, og er startgraden til soldatar i førstegongsteneste.

    Uniformsmerka til meinige og flysoldatar består av merket til forsvarsgreina dei høyrer til.

Elevgrader og uniformsmerke

  1. Kadett

    Kadett er eit anna namn på ein offiserselev. Elevar ved krigsskulane er kadettar. Uniformsmerket til kadettar i Hæren og Luftforsvaret har riksløva, medan sjøforsvarskadettar har Sjøforsvarets anker. Førsteårskadettar har ei stjerne under merket, andreårskadettar har to stjerner, medan tredjeårskadettar har tre stjerner.

  2. CIS-elev

    CIS-elev går spesialistutdanninga ved Cyberingeniørskulen under Forsvarets høgskule. Uniformsmerket til CIS-elevane er ein stilisert S. Under har førsteårselevane ei stjerne, andreårselevane to stjerner og tredjeårsstudentane tre stjerner.

  3. Lærling

    Lærlingar har eigne merker, og Forsvaret er Noregs største lærebedrift. Uniformsmerket til lærlingane er ein stilisert L. Under har førsteårslærlingane ei stjerne, medan andreårslærlingar har to stjerner. Eventuelle tredjeårslærlingar har tre stjerner.