Sals- og leveringsvilkår

Her finn du vilkår for sal og levering frå FUNIF.

1. Generelt

Desse vilkåra gjeld ved sal frå Forsvarets uniformsutsal (frå no kalla FUNIF). Sal føreset at kjøparen sjølv skal nytte dei leverte varene. Vidaresal til verksemder og personar utan tilsetjing eller anna tilknyting til Forsvaret er ikkje tillate og blir rekna som mishald av avtalen. FUNIF tar atterhald om retten til å undersøkje kjøparen si tilknyting til Forsvaret.

Når ei bestilling blir lagd inn, inneber det at kjøparen godtek desse vilkåra for sal frå FUNIF.

2. Prisar og leveringsvilkår

Oppgjevne prisar er inkluderte meirverdiavgift. Gebyr og andre leveringskostnader blir spesifiserte før kjøparen godkjenner bestillinga.

Bestillingar med levering til utlandet, får eigne fraktkostnader. Dei samla fraktkostnadene blir oppgitte før kjøparen godkjenner bestillinga. Ved levering til utlandet kan det kome toll og andre avgifter som kjøparen må betale til lokale styresmakter. Desse kostnadene kan ikkje krevjast refunderte av FUNIF.

3. Bestilling

FUNIF tar imot bestillingar via nettbutikk, e-post eller personleg oppmøte ved utsalsstaden.

Avtalen er bindande for begge partar når bestillinga er mottatt og godkjend av FUNIF. FUNIF er ikkje ansvarleg for skrive- eller tastefeil som kjem fram overfor kjøparen.

FUNIF tek atterhald om retten til å kansellere ei bestilling eller delar av ei bestilling dersom varer er utselde eller utilgjengelege, eller dersom kjøparen ikkje oppfyller vilkåra for kjøp frå FUNIF.

Ordrestadfesting: Kjøparen skal kontrollere ordrestadfestinga så snart som mogleg – og seinast innan to dagar – med omsyn til varetype, tal, pris og liknande. Feil må reklamerast utan ugrunna opphald.

4. Betaling

FUNIF godtar desse betalingsmåtane ved kjøp i nettbutikken:

  • FP (konto hos Forsvarets personellservice)
  • Faktura

Forsinka betaling

Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljaren krevje renter etter lov om renter ved forseinka betaling av 17. desember 1976 nr. 100.

Ved manglande betaling kan kravet, etter førehandsvarsel, bli sendt til inkasso. Kjøparen kan då bli halden ansvarleg for gebyr etter lov om inkassoverksemd og anna inndriving av forfalne pengekrav.

5. Levering

Varene blir leverte i samsvar med vald leveringsmåte. Leveringstida vil avhenge av kva leveringsmåte kjøparen vel. Kjøparen kan følgje bestillingane sine gjennom sporingsnummeret som kjem fram i leveringsstadfestinga.

Eigedomsretten til, og risikoen for tap av, varene blir overførte til kjøparen ved levering.

6. Angrerett

Kjøparen kan angre kjøpet etter angrerettlova av 20. juni 2014.

Angreretten kan nyttast sjølv om vara er utan feil og før vara er levert.

Kjøparen må informere FUNIF skriftleg om bruk av angreretten innan 14 dagar etter at vara, saman med opplysningar om angrerett og angrerettskjema, er motteken. FUNIF dekkjer kostnadene ved returfrakt.

Uniformsartiklar som er bestilte med målsaum, og som kunden har godkjent før bestilling, kan ikkje angrast etter at produksjonen er sett i gang, jf. angrerettlova § 22 bokstav e.

Angreretten gjeld ikkje varer leverte utanfor Noreg.

7. Retur

Vara må returnerast innan 30 dagar etter at ho blei send frå FUNIF. FUNIF refunderer heile beløpet kjøparen har betalt for varer som blir returnerte. Dette gjeld ikkje varer leverte til utlandet, dersom ikkje anna er særskilt avtalt med FUNIF.

Kjøparen kan returnere varer dersom:

  • Produkta er ubrukte
  • Produktet er i ubroten originalemballasje (varsamt opna emballasje utan skade blir godkjend)
  • Alle merkelappar sit på
  • Produktet er komplett (til dømes begge delane av eit par sko eller hanskar)
  • Kjøparen har kvittering på at pakken er returnert til FUNIF som retur

8. Reklamasjon

Når kjøparen tar imot vara, blir det tilrådd å kontrollere at dei mottatte varene samsvarer med bestillinga og er utan feil eller manglar. Dersom vara ikkje samsvarer med bestillinga, eller har manglar, må kjøparen snarast mogleg melde frå til FUNIF.

Dersom det er ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at mangelen blei oppdaga, gi melding om at mangelen blir påberopt.

9. Kjøparens rettar ved manglar og forseinkingar

Dersom vara har ein mangel, eller FUNIF ikkje leverer vara eller leverer for seint i samsvar med avtalen, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen gjere gjeldande rettar tilsvarande føresegnene i forbrukarkjøpslova kapittel 5 og 6.

Ved manglar kan kjøparen halde tilbake kjøpesummen, heve avtalen, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag eller krevje erstatning frå FUNIF.

Ved forseinking kan kjøparen halde tilbake kjøpesummen, heve avtalen, krevje oppfylling eller krevje erstatning frå FUNIF.

10. FUNIFs rettar ved mishald frå kjøparen

Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller dei andre pliktene etter avtalen, og dette ikkje skuldast FUNIF eller forhold på FUNIF si side, kan FUNIF gjere gjeldande rettar tilsvarande føresegnene i forbrukarkjøpslova kapittel 9.

Dersom kjøparen ikkje betaler, kan FUNIF halde fast ved kjøpet og krevje betaling av kjøpesummen. Ved vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå kjøparen kan FUNIF heve avtalen. FUNIF kan òg heve kjøpet dersom kjøparen ikkje betaler innan ein rimeleg tilleggsfrist som FUNIF har fastsett.

Dersom det kjem fram at kjøparen har mishalde avtalen ved å ikkje nytte dei leverte varene sjølv, men i staden vidaresel dei til verksemder eller personar utan tilsetjing eller tilknyting til Forsvaret, vil FUNIF krevje varene tilbakeleverte utan refusjon av kjøpesum eller fraktkostnader. Ut frå omstenda vil FUNIF òg vurdere å fremje erstatningskrav som følgje av mishaldet.