Emneside for MILM1303 Militær problemløsing og maritime operasjoner

Emnehistorikk
Studiepoeng
15
Studieår
2022
Engelsk emnetittel
Military problem solving and naval operations

Hva lærer du

Hovudmålsetjinga med emnet er tredelt.  (1) Ein skal skape forståing for korleis maritime operasjoner vert planlagte, gjennomført og påverkar dei militær strategiske målsetningane.  (2)  skape forståing for korleis ein kjem fram til gode avgjersler gjennom militære problemløysingsmetodar; (3) skape forståing for korleis operativ planlegging og leiarskap heng saman.

Emnet vil introdusere kadettane til ei rekkje ulike støtte- og arbeidsverktøy i ein sjømilitær kontekst. Dei viktigaste vil vere stabsstudiane og taktisk maritim planlegging.

Det overordna føremålet er å gjere kadettane betre i stand til å fatte tidsriktige, skjønnsbaserte og gode avgjersler som leiar og som stabsmedlem.

Gjennomgåande vil ein fokusere på kreativitet, omstillingsevne, læring og kloke avgjersler, men også avgjerslefeller, kognitive feilslutningar, opposisjonsfunksjonar og gruppetenking. Kadettane vil også bli utfordra og trent innan formidling av beslutningar og beslutningsgrunnlag på engelsk. Ein får då grunnleggande forståing for ei rekkje ulike verktøy for utvikling av og identifisering av utfordringar i krigskunst og krigsvitskap, balansen mellom desse områda, samt verktøy for å kommunisere dette på ein heilskapleg og god måte.

Emnet skal ha ei stor grad av tverrfagleg tilnærming. Dei ulike fagfelta skal samverke for å maksimalisere gevinsten av undervisinga og for å gi læring innanfor den sjømilitære kontekst. For å fremje forståing av tverrfagleg problemløysing inneheld emnet to større praktiske problemløysings arenaer. Den eine er EXER NAVAL ARCHIMEDES. I dette delemnet tek ein utgangspunkt i eit sentralt tryggingspolitisk scenario som norsk sjømakt skal handtere, eller bidra til å handtere, analyserer dette, identifiserer gap og utfordringar for så å drive praktisk sjømilitær problemløysing frå identifisering av problem, via faktorvurderingar, oppdragsskildring, innovativ utvikling av løysingsalternativ, til val av løysing, utvikling og testing av konsept inklusive konstruksjon og dokumentasjon. Den andre er EXER SJØKRIGAR. Der er målet at kadettane skal få erfaring med å løyse problem og utøve leiarskap i fysisk og mentalt krevjande situasjonar. Kadettane skal også utvide sin kompetanse og sine ferdigheitar i sjømilitær engelsk, presentasjonsteknikk og akademisk skriving.

Samla skal undervisinga og utviklinga av individuell og team orientert leiarskap gi kadetten eit menneskeleg, fagleg og yrkesetisk grunnlag for å utvikle og utøve god sjømilitær leiarskap.

Emnet har tre tema: (1) Maritime operasjonern og sjømakt (2) Militær problemløysing, operativ planlegging og slutningsprosess; (3) Operativt leiarskap og planlegging i praksis.

Emnet er relevant for:

STCW-kode: A-III/1

STCW-funksjon: Kontroll av skipets drift og omsorg for personer ombord på det operative nivået.

  1. Kunnskap:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • forklare styrker og svake sider ved intuitiv og analytiske avgjersler
    • forklare rasjonale for og forstå militær plan- og avgjersleprosess
    • gjere greie for prosjekt som arbeidsform inklusive organisering, gjennomføring og rapportering
    • gjere greie for psykologiske og sosialpsykologiske mekanismar som avgjersleteori, avgjerslefeller, sosialpsykologiske tilhøve og biologiske faktorar som påverkar menneskeleg framferd og yteevne i militære operasjonar og operative planleggingsprosessar
    • gjere greie for viktigheita av engelsk kommunikasjon i militære operasjoner
    • gjere greie for grunnleggende konsept innen maritime operasjoner og korleis sjømakt kan påverke militær-strategiske målsetningar. 
    • gjere greie for kva fellesoperasjoner er og korleis fellesfunksjoner understøtter arbeidet med å integrere, synkronisere og styre militære operasjoner

    Ferdigheter:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • gjennomføre studiet sine skriftlege arbeider på ein strukturert og føremålstenleg måte
    • argumentere stringent og drøfte problemstillingar
    • meistre skriftleg framstilling i akademisk tekst og i militære malar
    • nyttegjere seg av trinna i plan- og avgjersleprosessen
    • presentere, problematisere, vurdere sjømilitære problemstillingar, så vel munnleg som skriftleg på norsk og engelsk.
    • gjennomføre prosessar for innovasjon i samhøve med løysing av militære problem, samt kunne planlegge og gjennomføre enkle forsvarsprosjekt.

    Generell kompetanse:

    Etter fullført emne kan kadetten

    • innhente, analysere og vurdere ulike former for informasjon
    • vurdere kva metodar som eignar seg til å svare på ulike problemstillingar
    • nyttegjere seg av standardiserte prosedyrar, og drøfte tilhøvet mellom teori og praksis i eigen profesjon
    • nyttegjere seg stabsmetodikk som verktøy for å klårgjere problem og treffe avgjersler
    • utveksle synspunkt og erfaringar med andre på norsk og på engelsk og dimed bidra til å utvikle godt leiarskap og gode team
    • formidle teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg på engelsk
  2. Delemna må sjåast i samanheng og blir dels undervist og utvikla i samanheng. Dei ulike fagfelta/delemna har difor ikkje ein fast prosentsats.

    Kadettane skal trenast i engelsk ved at skriftelege arbeider og munnlege presentasjonar i Naval Archimedes og i Maritime Operasjoner/lederskap skal gjerast på engelsk.

    Alle problem ein skal handsame i emnet skal så langt mogleg ta utgangspunkt i operative, teknologiske eller logistikk aspekt ved maritime operasjonar. 

    Arbeidsmåtar

    Emnet skal ha ei stor grad av veksling mellom tradisjonelle undervisingsformar som klasseromundervising og oppgåveløysing, prosjektarbeid i grupper og ulike praktiske arenaer.

    Det skal fokuserast på arenaer kvar dei einskilde kadettar og kadettlag løyser problem. Kadettene skal utarbeide presentasjonar og legge fram synspunkt, og ei tilnærming kvar ein arbeidar langsiktig med arbeidskrav. Dette inneber at den einskilde kadett både skal laga eigne arbeider og gje  tilbakemeldingar på dei andre kadettane under kvalifisert rettleiing. Utover dette, så skal sjølvstudium under rettleiing ligge til grunn som felles metodisk tilnærming i emnet, både for lag og individ. Dette betyr mellomanna at lærekreftene i periodar skal fokusere på tilgjenge og tilbakemelding, framfor tradisjonell undervising (føredrag).

    • Andersen, S,. Hærem, T. & Kost, D. (2019). Kognitive og organisatoriske utfordringer i et navigasjonsteam. I Statens Havarikommisjon for transport, rapport sjø 2019/18. Delrapport 1 om kollisjonen mellom fregatten KNM Helge Ingstad og tankbåten Sola TS utenfor Stureterminalen i Hjeltefjorden, Hordaland, 8. november 2018.
    • Douven, I. (2011). "Abduction", The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Spring 2011 Edition), Edward N. Zalta (ed.), URL = <http://plato.stanford.edu/archives/spr2011/entries/abduction/>. Del 1. 
    • Eid, J.,Johnsen B-H. & Laberg, C. (2018). 'Introduksjon til operativ psykologi'. I Eid, J. & Johnsen,B-H. (red.)  Operativ psykologi. Bergen: Fagbokforlaget. S.11-30.
    • Espevik, R. (2013). Samlet mot det uventede-og å kunne stå i det. Betydningen av godt teamarbeid. Pacem, vol 16(1), 91-103. 
    • Forsvarets stabsskole. (2010). Håndbok i stabstjeneste for Forsvaret. Oslo: Forsvarets stabsskole. 
    • Grimen, H. (2008). ‘Profesjon og kunnskap’. I Molander, A & Terum, L.I. (red.). Profesjonsstudier. Oslo: Universitetsforlaget. S.71-86. 
    • Hebditch, D. (2017). ‘Planning, fast and slow: or how to make military planning work for you’. Hentet 12.04.2018 frahttps://www.cove.org.au/breakin/paper-planning-fast-and-slow-or-how-to-m... 
    • Høiback, H. (2012). ‘Hva er militærteori’. I Høiback, H. & Ydstebø, P. Krigens vitenskap - en innføring i militærteori. Oslo: Abstrakt forlag. S. 31-77. 
    • Jacobsen, D.I. (2015). Hvordan gjennomføre undersøkelser (3.utgave). Oslo: Cappelen Akademisk. Kap 1-11,16 
    • Johnsen, B-H. (2018). 'Beslutningstaking i operative situasjoner'. I Eid, J. & Johnsen,B-H. (red.)  Operativ psykologi. Bergen: Fagbokforlaget. S.251-264.
    • Kahneman, D. og Klein, G. (2009). Conditions for intuitive expertise: a failure to disagree. American Psychologist, 64(6), ss. 515-526. 
    • Kjeldstadli, K. (1992). Kapittel 2 ‘Hva er historie?’ og kapittel 12 ‘Kildegransking’. I Fortida er ikke hva den en gang var - en innføring i historiefaget. Oslo: Universitetsforlaget. S. 27-43, 161-174. 
    • Krabberød, T. & Jacobsen, J.O. (2018.). 'Military Strategies for Samhandling in Unforeseen Situations - A Historical Perspective'. I Torgersen, G-E. (red). Interaction: 'Samhandling' under risk. Oslo: Gyldendal. S. 467-481.
    • Lavik, T.,  Fjørtoft, K. & Pedersen, J. (2014). ‘Kunnskapens grunnlag’. I Lavik, T.,  Fjørtoft, K. & Pedersen, J., Filosofi for samfunnsvitere. Oslo: Universitetsforlaget. s. 116-156 
    • Meen, K. (2019). Operasjonsanalyse for sjøkadetten. Bergen: HOS Grafisk. (ca. 170 sider) 
    • Olsen, O.K., Hystad, S. & Harris, A. (2018). God under press. En operasjonalisering av moralsk robusthet i krevende operative situasjoner, Necesse, vol 3(1), s. 72-82.
    • Seksjon for sjømilitær teknologi (2019). Naval Archimedes. Bergen: HOS Grafisk. (ca. 150 sider) 
    • KNM Tordenskjold (2013). STP-41 Stabshåndbok for Sjøforsvaret: Taktisk maritim planlegging (TAMP). Bergen: HOS Grafisk. (s. 9-65).  
    • Richards, C. (2020). Boyd’s OODA loop. Necesse, Vol 5(1), 142-165
    • Waaler, G. (2011). Det flerstemte» - en hjørnestein i klokt lederskap. Pacem, vol 14(2), 9-20. 

    Presentasjoner og innhold i læringsaktiviteter gitt underveis i emnet er også å anse som pensum. 

  3. Obligatorisk arbeidskrav: Praksis. Modell av prototype skal fremvises, til avtalt tid, for kontroll av styringsprogrammets funksjoner og manøverorganene. Kontrollen må være godkjent før den praktiske delen av fremvisningsdagen.

    Obligatorisk arbeidskrav: 2 øvinger. Obligatorisk innlevering enten i grupper eller individuell. Dette vert spesifisert i oppgåvene.  

    Obligatoriske arbeidskrav må være bestått før kandidaten kan gå til vurdering. 

    Vurderingsform: Prosjektoppgave. Prosjektoppgåva tel 2/3 av karakteren i emnet. Den skal følgje malen for "Løsningsorientert stabsstudie" i samsvar med Stadshåndbok for Forsvaret pkt 6.2.

    Gruppering: Gruppe

    Karakterskala: A-F

    Andel: 2/3

    Hjelpemidler: Alle hjelpemiddel er tillatt

    Vurderingsform: Mappevurdering. Mappeoppgåva består av to ulike separate vurderingar. Begge vurderingar må beståast og karakter på mappa er summen av karakterane oppnådd på dei to gjennomføringane. Vurderingane kan være innlevering eller prøve gjennomført i klasserom, dette blir kunngjort ved emnets oppstart.

    Gruppering: Individuell

    Karakterskala: A-F

    Andel: 1/3

    Vurderingsform: Praksis - Offisersvurdering EXER SJØKRIGAR

    Gruppering: Individuell

    Varighet: 1 uke

    Karakterskala: Bestått / ikke bestått