Emneside for OPS4301 Sjøoperativ fordypning

Studiepoeng
7.5
Studieår
2021
Engelsk emnetittel
Naval Operations

Hva lærer du

Emnet Sjøoperativ fordjuping har til føremål å sikre auka kunnskapsnivå og forståing for relevant sjømaktsteori, kva sjøstridskrefter er og kva dei bidrar med i ein fellesoperasjon, både nasjonalt og i ein alliansekontekst. Modulen skal gi studenten ei djup og kritisk forståing for korleis sjømakta bidrar til og skaper effektar i ein fellesoperasjon, og kva moglegheiter og avgrensingar sjømakta har i eksplisitt og implisitt samverke med styrker frå andre forsvarsgreiner, statar og sivile aktørar.

  1. Kunnskap

    Etter fullført emne kan studenten:

    • greie ut om sjøkomponenten sine bidrag til og avhengigheit av fellesoperasjonar.
    • greie ut om allierte forsterkingar til Noreg og nasjonale bidrag.
    • greie ut om russisk A2/AD og Bastionforsvaret.
    • greie ut om maritime utfordringar relatert til Svalbard og Svalbardsonen.
    • drøfte nasjonale maritime operasjonar vs. maritime operasjonar under NATO-leiing.
    • greie ut om sjømakten sin karakteristikk.
    • diskutere kampevne (kapabilitet), einskild og komplementært, avgrensingar og moglegheiter.
    • greie ut om maritime operasjonar i kystsona.
    • drøfte K2-utfordringar nasjonalt og i NATO-operasjonar.
    • greie ut om vernebuing og nasjonal krisehandtering.

    Ferdigheitar

    Etter fullført emne kan studenten:

    • analysere sjømaktsteori, operasjonskonsept og gjeldande doktrinar innanfor maritime operasjonar, og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing og dimed vere ein relevant aktør i den operative planprosessen.

    Generell kompetanse

    Etter fullført emne kan studenten:

    • reflektere over sjømakta si rolle i eit heilskapleg nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
    • greie ut om sjømakta sine ulike roller i fred, krise og krig.
  2. Emnet vil bli undervist dels i form av klassiske førelesingar, men primært gjennom casestudiar, gruppeoppgåver og sjølvstudiar. Studentane skal skrive eit essay i løpet av kurset. Delkapitler skal leggast fram for lærararar og medstudentar to gangar for evaluering og tilbakemelding. Kurset blir avslutta med eit operasjonelt spel ved hjelp av mjukvaren NEPTUNE kor ein får synleggjort og utforska krigsrollene til Sjøforsvaret i eit fellesoperativt perspektiv.

  3. Hovudlitteratur:

     

    FDMO, s. 15-121, 149-154. (ligg digitalt på Brage og intranett, blir også delt ut i bokform).

    Geoffrey Till (2004 utg.), Seapower, s.1-112 og s. 148-209 (i bokform (til lån))

    Jerker Widén (2005), Militärteorins grunder, s. 211-240 (i digitalt kompendium)

    Ken Booth (2014 utgåve), Navies and Foreign Policy (Routledge Revivals), s. 15-25. (i digitalt kompendium)

    Milan Vego (2016): Maritime Strategy and Sea Control, s. 1-53. (i digitalt kompendium)

    Wayne P. Hughes (2018), Fleet Tactics and Naval Operations, s. 9-34, 163-213, 228-247. (i bokform til lån)

    Ina Holst-Pedersen Kvam (2020). Nordflåtens evne til kystnær maktprojeksjon. Implikasjoner for Bastionforsvaret. Necesse, 5(1), s. 22-58.

    Rolf Einar Fife (oppdatert 2014), Folkerettslige spørsmål i tilknytning til Svalbard, https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/folkerett/svalbard/id2350955/

     

    Samla: ca. 500 sider, samt Fife sin artikkel på nett.

     

     

    Støttelitteratur:

    Herbert Rosinski (1977), The development of naval thought: essays, Newport: Naval War College Press, s. 1-19. (https://archive.org/details/developmentofnav00rosi)

    Jacob Børresen (2011), Torskekrig!, s. 31-88 og 219-266 (i digitalt kompendium)

    Robert C. Rubel, Connecting the Dots: Capital Ships, the Littoral, Command of Seas, and World Order (digital kopi tilgjengeleg)

    Robert C. Rubel, Command of the Sea: An Old Concept Resurfaces in a New Form (digital kopi tilgjengeleg)

    Kristin ven Bruusgaard, Russian Strategic Deterrence, Survival (digital kopi tilgjengeleg)

    Tor Ivar Strømmen (2020), Sjøkontroll: viktig og misforstått, Necesse  5(1), s. 111-121

    Tor Ivar Strømmen, Bulwark and balancing act: the strategic role of the Royal Norwegian Navy, i McCabe, Robert., Sanders, Deborah, & Speller, Ian (2019). Europe, Small Navies and Maritime Security: Balancing Traditional Roles and Emergent Threats in the 21st Century. London: Routledge

    Behov for ny overflatekapasitet, innspel til LTP frå Sjømilitære Samfund (http://www.sms1835.no/nyheter/behov-for-ny-overflatekapasitet)

     

    Støttelitteraturen er ikkje påkravd, men sterkt tilråd lesing. Den gir breiare forståing for hovudtemaa i kurset.

  4. Vurderingsform: Paperinnlevering

    Gruppering: Individuell

    Karakterskala: A-F

    Studentene skriver en oppgave på inntil 3500 ord i løpet av emnet.

    Hjelpemidler: Alle hjelpemidler tillatt.

  5. Læringsevaluering gjennom eit essay (arbeidskrav). Studentane vil få oppgåva første kursveke og har kursets fulle lengde på fullføre oppgåva.  Oppgåva skal vere 3.500 ord +- 10% og skal vere skriven ism god akademisk skikk.