
Stormaktsrivalisering og auka terrorfare truar Noreg
– Noreg står i ein mykje meir krevjande sikkerheitssituasjon. Det seier sjef for Etterretningstenesta, viseadmiral Nils Andreas Stensønes.
Onsdag morgen legger han fram Etterretningstenestas årlege trussel- og tryggleiksvurdering Fokus.

– Vi må forhalda oss til eit Russland med ein svært aggressiv utanrikspolitikk. Vi har eit autoritært Kina som veks i betydning og makt. Og vi har terrortrusselen som er tilbake for fullt. Slik oppsummerer Stensønes dei tre mest sentrale temaa i årets rapport.
Russland
I kapittelet om Russland trekkjer han fram faren for sabotasjeaksjonar på norsk jord som følgje av Noregs bidrag i Ukraina-krigen.
– Russland har blitt svært offensive. Dei har gjennomført rundt 40 planlagde og utførte sabotasjeaksjonar i Europa i 2024. Vi meiner fortsatt at sannsynet for eit militært angrep mot Noreg er lågt. Men frå eit Russland som seier dei er i ein varig konflikt med Vesten, trur vi at vi skal vere førebudde på mykje, seier Stensønes.
Russland opplever ei sakte framgang i Ukraina, men til ein enorm pris – både i menneskeliv og økonomiske kostnader.
– Krigen i Ukraina viser veldig tydeleg kva nasjon vi har med å gjere, og kor langt Russland er villige til å gå for å fremje interessene sine. Uansett korleis denne krigen endar, vil vi ikkje kunne kome tilbake til tida før krigen starta. Det vil vere ein heilt annan tryggleikspolitisk situasjon, prega av konkurranse mellom Russland og det dei kallar dei uvennlege nasjonane. Og med Kina som støttespelar, blir det meir komplisert, seier Stensønes.
Kina
I avsnittet om Kina trekk han fram landets veksande rolle som stormakt med ei stadig større betydning på den internasjonale arenaen. Ikkje minst på den militære sida.
– Kina er noko anna enn Russland. Der Russland først og fremst er rå makt, er Kina ei stor økonomisk makt som i stadig større grad er i stand til å hevda interessene sine, som delvis er i motsetnad til våre. Det kan vere internasjonale reglar for fri ferdsel på havet og korleis vi nyttar hava økonomisk, forklarer han.
Terror
Siste del av rapporten er viet Midtausten og trusselen for terroraksjonar.
– Terrortrusselen er ikkje mindre, den er tilbake for fullt. I 2024 var det like mange planlagde eller gjennomførte terroraksjonar i Europa som i toppåret 2017. At den har hamna lenger bak i Fokus-rapporten enn tidlegare, viser berre at vi har fått nye, store utfordringar på toppen av dette.
– Trusselen frå terror aukar av fleire grunnar. Krigen i Gaza har mobilisert. Assad-regimet sitt fall i Syria kan ha gitt IS større handlingsrom, der ein del IS-tilknytta personell no har sleppt ut av fengsel.
– Og når Vesten må bruke ressursar på andre område, fordi trusselbiletet er så mykje meir komplekst, har vi færre ressursar til å handtere terror. Men det er viktig at vi ikkje nedprioriterer dette, understrekar Stensønes.
Heile Fokus-rapporten kan du lese HER.