Frå minerydding til landgang: Slik byggjer fartøya kampkraft under Cold Response
Under Cold Response er det ikkje berre soldatane på land som avgjer tempoet i operasjonen. Med 25 fartøy frå 10 nasjonar spelar dei maritime styrkane ei avgjerande rolle – frå minerydding i fjordane til drivstofforsyning i ope hav og landsetting av allierte styrkar.
– Det aller viktigaste vi trener på i øvelse Cold Response 2026, er vår evne til å ta i mot og integrere våre allierte i operasjonar i våre nærområder. NATO-allierte viser tydeleg at dei er villige til å forsvare alliansens nordlege flanke, og det er avgjerande at vi held fram å trena her i dei arktiske havområda saman med dei, seier sjef Marinen, flaggommandør Kyrre Haugen.
Mykje av den arktiske øvinga Cold Response handlar om alliert samvirke. For ei alliert øving handlar ikkje berre om styrkane som kjem – men om alt som må vere på plass før dei kan setjast inn.
Det arbeidet startar lenge før dei første soldatane går i land. Då må Noreg leggje til rette for at allierte styrkar kan operere trygt og effektivt i nord.
Under øvinga deltek 25 maritime fartøy frå 10 nasjonar. Kvar av dei spelar ei eiga rolle i det som til saman blir ein samanhengande operasjon: først blir farvatna rydda, så blir styrkar forsynte og flytta fram, før nye soldatar kan setjast i land.
Ryddar vegen inn fjordane
Før større fartøy kan nærme seg kysten, må farvatna vere trygge. Den jobben startar med Sjøforsvaret sine mineryddarfartøy.
Med luftputer kan fartøya heve seg til toppen av vassflata og raskt deployere til område der det kan vera miner.
Sidan mange sjøminer blir utløyste av magnetfeltet frå skip, er mineryddarfartøya bygde i tre eller glasfiber. Det gjer at dei får så låg magnetisk signatur som mogleg.
Ved hjelp av undervassdroner, såkalla ROV-ar, eller sveipeutstyr, kan fartøya oppdage og uskadeliggjere miner og andre farlege objekt. Dei kan utløyse miner ved bruk av kontakt, akustikk eller magnetisme – avhengig av kva type trussel dei møter.
Korvettane byggjer press mot land
Når sjølinjene inn til land er opne, kan neste ledd i operasjonen ta over.
Her er Marinens korvettar i Skjold-klassen blant dei viktigaste verktøya. Med ein toppfart på over 60 knop og våpen som kan slå til både mot mål på land og til havs, er dei bygde for å skape tempo og press i kystsona.
For korvettane er det tidkrevjande og sårbart å gå til kai for å bunkre. Eit fartøy som ligg stille ved kai, blir lettare å oppdage og meir utsett for angrep. Difor er dei avhengige av logistikk som kan følgje operasjonane tett.
Her kjem Marinens logistikkkommando inn. Med mobile drivstoff- og forsyningsløysingar kan dei rykke raskt ut til område der korvettane opererer. Der kan dei levere drivstoff, ammunisjon og andre forsyningar, samstundes som dei sikrar området rundt.
– God logistikk er heilt avgjerande for å få fartøya raskt tilbake i striden. Enten dei treng reparasjonar, ammunisjon eller drivstoff, handlar det om å få alt på plass så raskt som mogleg. Du kan samanlikne det med eit Formel 1-lag. Du kan vere så god sjåfør du vil, men når du først må ta ein pitstop, vil du ha eit lag som er så effektivt og velsmurt som mogleg, seier fagleiar for logistikk, skvadronsmester Sondre Økland.
Allierte styrkar set fotfeste i nord
Når fjordane er rydda og kystsona er sikra, kan allierte styrkar setjast inn.
Ute i fjorden legg det italienske amfibiefartøyet ITS San Giusto seg til rette. Frå skipet kan småbåtar og helikopter frakte fleire hundre soldatar inn mot land. Fartøyet har kome frå varmare farvatn for å støtte NATOs nordlegaste flanke.
Når dei første amfibiske båtane treff land, kan dei italienske soldatane sikre området. Derfrå kan dei etablere leir, ta kontroll over terrenget og gjere klart for at fleire styrkar kan forsterke det nyoppretta fotfestet.
Sjølv eit stort amfibiefartøy er avhengig av det same som alle andre i ein operasjon: drivstoff, forsyningar og tid. Og tid er ofte det ein har minst av.
For dei største fartøya er det ikkje alltid praktisk – eller trygt – å gå til kai.
Difor blir KNM Maud eit svært viktig fartøy.
Som Sjøforsvaret sitt største fartøy er ho bygd for å halde andre fartøy i drift. KNM Maud kan levere drivstoff, forsyningar og støtte til maritime styrkar medan operasjonane framleis går føre seg.
Om fartøy slepp å bryte av for å gå til kai, kan dei halde seg lenger i operasjonsområdet. Det betyr betre uthald, større fleksibilitet og høgare kampkraft over tid.
Etter at San Giusto har sett i land eller henta inn att styrkane sine, kan fartøyet setje kursen ut på havet. Der ventar KNM Maud.
Undervegs kan KNM Maud sende over drivstoffslangar og etterfylle fartøy i fart. Ho kan levere drivstoff til opptil to fartøy samstundes, og slik sørgje for at operasjonen held fram utan unødige stopp.
Men KNM Maud opererer ikkje åleina. Medan ilandsetting og etterforsyning går føre seg inne i fjordane, held overflatefartøy og ubåtar kontroll på havområda utanfor og sikrar sjølinjene. Fregattar som KNM Thor Heyerdahl kan overvåke og levere eldkraft i fleire domene. Ubåtane opererer skjult over lengre tid, og sørger for at vi har kontroll også under havoverflata.
Britisk koordinasjon frå Bergen
Sjølv om store delar av Cold Response går føre seg i nord, blir all maritim aktivitet koordinert av britisk personell frå Haakonsvern i Bergen.
Her sit soldatar frå UK Strike Force og leier det maritime biletet på tvers av nasjonar, fartøy og oppdrag. Frå operasjonsrommet samhandler dei med liaisonner frå alle deltakande maritime nasjonar, som gjer at dei har oversikt over alle dei 25 fartøya som deltek i øvinga.
Sjefen for UK Strike Force, kontreadmiral Mark Anderson, peikar på det tette samarbeidet mellom den norske marinen og dei britiske styrkane:
– I over 75 år har NATO-alliansen halde oss trygge, samla av ei felles historie og eit felles formål. Den varme mottakinga vi har fått frå det norske Sjøforsvaret i Bergen, er eit prov på det samarbeidet. Når allierte står saman, er vi sterkare og tryggare.
Frå mineryddarar i tronge fjordar, via korvettar og mobile logistikkavdelingar, til amfibiefartøy og tankskip i ope hav: Cold Response viser kor tett dei maritime styrkane er knytta saman.
Kvar avdeling og kvart fartøy løyser si oppgåve. Men først når alle delane verkar saman, kan alliansen flytte styrkar raskt, halde oppe presset og sikre nye område.
Spørsmålet er ikkje om NATO-allierte kan støtte kvarandre. Spørsmålet er kor raskt.
– Saman med våre allierte viser vi at vi kan forsvare NATOs nordlege flanke. I Cold Response 2026 har allierte fartøy fra ti forskjellige nasjonar trent saman langs norskekysten, og sikra vår evne til å forsvare dei arktiske havområda. Det skapar tryggleik for Norge og for NATO, avsluttar sjef Marinen, flaggommandør Kyrre Haugen.