Sikrar Sjøforsvaret si kampkraft
KNM Harald Haarfagre gjennomfører no sin fjerde rekruttskule med omfattande smitteverntiltak. Då årets første rekruttar skulle på feltøving, var det ikkje berre pandemien som skapte utfordringar. Kulde og frost gjorde at dei måtte leggje ein ny plan for feltøvinga på under ei veke.
Til vanleg blir rekruttane sendt til Vatneleiren eller Evjemoen for å gjennomføre felt- og skyteøving, som er ein viktig del av den grunnleggjande soldatutdanninga. Under ei veke før januar-kontingenten skulle av stad, blei det klart at dei måtte til Ulven for å gjennomføre øvinga.

– Frost på skytebanane, gjorde at dei var stengde både i Stavanger-regionen og på Evje, og vi måtte flytte øvinga til Ulven leir på Os. På under ei veke måtte vi omorganisere og leggje ein ny plan, fortel sjef Sjøseksjonen på KNM Harald Haarfagre, flotiljemester Steffen Åsland.

Når dei skulle leggje ein ny plan, måtte dei sørge for at både smittevern og øvingsmål var ivaretatt. Soldatar og tilsette blei sendt til Ulven i eigne bussar, med kohorten dei tilhøyrar. I tillegg sørga dei for at sanitetstøtte og forsyning skjer utan kontakt med eksterne.
– Vi har med eit eige sanitetselement, og forsyningselement. Etterforsyningar blir levert av den lokale Kiwi-butikken. Dei plasserer varene utanfor porten, og så hentar vi dei der. Slik held vi oss stort sett sjølvforsynt, og unngår kontakt med andre, forklarar Åsland.
De har med eget forsyningselement, og sanitetselement for å unngå kontakt med eksterne. Etterforsyning av mat, blir levert av den lokale Kiwi-butikken, som plasserer varene utanfor porten på Ulven leir.
Smittevern er prioriteten
Rekruttane skal gjennom fleire øvingselement i løpet av veka på Ulven leir, men det er ingen av desse elementa som tronar øvst på prioritetslista. Den førsteplassen er det smittevern som har kapra.
– Vi har vald å heller leggje eit lågare ambisjonsnivå for øvinga, for å kunne prioritere smittevern. Det viktigaste for oss er at rekruttane og dei tilsette held seg friske og raske, seier sjef Sjøseksjonen.
På feltøvinga får rekruttane prøvd seg på forskjellige case-øvingar. I tillegg til skyting og sanitet, er stridsteknikk eit viktig øvingsmål.
Når smittevern er ivareteke, har feltøvinga fokus på øvingsmåla. I tillegg til lange dagar på skytebana, skal rekruttane gjennom case-øvingar der dei får prøvd seg i situasjonar som inneberer både skyting, sanitet og stridsteknikk.
– Dei har undervisning om dei forskjellige områda, før alt settas saman i case-øvinga, og dei får testa det dei har lært i praksis. I tillegg er det viktig at dei får kjenne på det å leve i felt, og sove ute, fortsetter han.
Sikrar kampkraft
På tross av diverse utfordringar, er det viktig å gjennomføre denne felt- og skyteøvinga. Rekruttane skal sendas vidare ut i Sjøforsvaret, og det er viktig at dei har eit best mogleg utgangspunkt for å prestere der.
– Ved å gjennomføre denne feltøvinga, sikrar vi at rekruttane har fått den opplæringa dei skal ha og stiller forberedt i stillingane dei skal ut i. Det er avgjerande for å sikre framtidig kampkraft i Sjøforsvaret, avsluttar Åsland.