Norsk English
Soldater i starten av tjenesten i Forsvaret, har fått utdelt noe militæret utstyr.

Rekruttskulen

Alle som skal i førstegongsteneste, må gjennom rekruttskulen før dei går ut i vanleg teneste. Rekruttperioden er dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta, og der du får den militære grunnutdanninga.

Før rekruttperioden

Dei 2–3 første dagane i Forsvaret, før rekruttperioden startar, dreiar seg om å samle inn rett informasjon om deg. Alt er obligatorisk, og du skal mellom anna gjennom:​

  • Medisinsk kontroll med tannlegesjekk, blodprøve, høgde, vekt, syn og fargesyn
  • Samtale med lege og psykolog dersom du har endra​ helse etter sesjon
  • Samtale med økonomioffiser
  • Fotografering til ID-kort
  • Tryggleikskontroll (søk etter narkotika, doping, ulovlege medisinar, våpen etc.)
Rekrutt fra luftvernrekruttskolen klar for mestringsøvelsen Torden.

Ein typisk dag på rekrutten

  • 06.00: Revelje (vekkesignal)
  • ​06.15: Frukost
  • 07.30: Inspeksjon av rom
  • 08.00: Undervisning ​
  • 11.00: Lunsj
  • 12.00: Undervisning
  • 16.00: Middag
  • 17.00: Fritid eller undervisning om nødvendig

Fra dans til en hverdag i skogen

– Førstegangstjenesten blir hva man gjør det til selv.

Pil til høyre
07062023JH-1065
Teori og praksis
Undervisninga i rekruttperioden er både teoretisk og praktisk, og ho skjer både utandørs og innandørs.
Lange arbeidsdagar
Du må rekne med noko teneste også på kveldstid, då du skal lære mykje på kort tid. Dei første to vekene er det vanleg at du ikkje får forlate leiren.

Om rekruttperioden

  1. Den første helga på rekruttskulen har du ikkje fri og kan ikkje forlate leiren. Den andre eller tredje helga har du fri laurdag og sundag (helgepermisjon). Etter dei første vekene har du vanlegvis fri kvar helg, med mindre det er planlagt undervisning eller øvingar.

    Du får ikkje langpermisjon (permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar) i rekruttperioden. Når du er ferdig på rekruttskulen, får du vanlegvis nokre dagars permisjon før du vert overført til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.

    Les meir om permisjon

  2. Dei første vekene har du uniformsplikt, som betyr at du ikkje kan bruke dine eigne klede eller ditt eige utstyr medan du er i leiren. Unntaket er undertøy og treningsklede.

    Etter ei stund får du lov til å bruke dine eigne klede på fritida, når du ikkje er i teneste. Ettersom det kan ta fleire dagar før du får uniform, ber vi deg ta med dine eigne, vanlege klede som held i eit par veker.

    Sjå pakketips

  3. Reveljen (vekjesignalet) går som regel klokka 06.00, og dagen startar med romvask og frukost. Her er det smart å finne gode rutinar i samarbeid med dei du deler rom med.

    Fordel arbeidsoppgåver og etabler rutinar for samarbeid. Inspeksjon av romma skjer som regel dagleg før tenesta tek til.

  4. I tenesta er det personlege våpenet ditt ei HK416-rifle. I utdanninga legg vi vekt på at du skal bli fortruleg med våpenet og tryggleiksreglane. Du får i tillegg lære korleis du handterer puss og vedlikehald, også i felt. Øving med skarp ammunisjon blir òg gjennomført i rekruttperioden.

  5. Du får opplæring i grunnleggjande militære fag og handtering av våpen i strid, vernemaske og CBRN-utstyr (chemical, biological, radiological and nuclear). Kamuflasje, samband og etablering av base i felt er nokre døme på det du skal lære som rekrutt. I løpet av rekruttperioden blir det òg gjennomført ei eller fleire øvingar i felt.

  6. Grunnleggande soldatopplæring inneber mellom anna opplæring i bruk av kart og kompass samt grunnleggande sanitet.

    Den grunnleggande opplæringa omfattar hjarte- og lungeredning, livreddande førstehjelp (ABCDE-metoden), førstehjelp på ulykkesstaden, behandling av frost- og brannskadar, transport og forflytting av skadde, felthygiene og evakuering.

    Rett påkleding i felt er òg ein viktig del av opplæringa.

  7. Førstegongstenesta stiller krav til fysisk yteevne, og dei ulike stillingane og avdelingane har ulike minstekrav. Derfor står fysisk trening på timeplanen gjennom heile rekruttperioden.

    Du får testa både styrke og kondisjon (fysisk form) og må gjennomføre eit sett med felles øvingar som er obligatorisk.

  8. Som rekrutt får du opplæring i korleis du står fram som enkeltsoldat og som ein del av ein tropp. Du og resten av troppen blir lært opp til å kunne marsjere presentabelt og ta del i oppstilling saman med andre troppar og heile kompani. I tillegg legg vi vekt på helsing, skikk og bruk og korrekt ​militær åtferd​.

Vil du vite meir om rekruttskulen?

Episode 1. Sjå serien Rekrutten og få eit betre innblikk i korleis det er å vere på rekruttskule i Forsvaret.

Rekrutten

Dette er ein serie som viser korleis det er å vera på rekruttskule i Forsvaret. Alle som skal i førstegongsteneste må gjennom rekruttskulen før dei går ut i vanleg teneste

Førstegangstjenesten

Etter rekruttskolen overføres du til en avdeling i Forsvaret, hvor du gjennomfører tjenesten din. Les mer om tjenestemulighetene.

Pil til høyre
Illustrasjons foto av soldater fra Telemark bataljon til FMR rapport