210321_HESY_9985

Tilbake etter to månader med krigsutdanning

Før du ser seglskuta, høyrer du ekkoet av sjanti-songar. No er førsteårskadettane tilbake på Sjøkrigsskulen etter to månader med krigsutdanning på sjøen.

Øving «Sette Sjøbein» er for mange av kadettane første gong dei seglar. I løpet av 59 døgn har kadettane segla 7500 nautiske mil og hatt praktisk, teoretisk og rettleiande utdanning. Det skal førebu dei på å leie og samarbeide under utfordrande forhold. 

– Dette er ein viktig del av utdanninga på Sjøkrigsskulen. Vi får sjekka at kadettane fungerer når dei må, også under krevjande forhold, seier sjef for Sjøkrigsskulen, kommandør Bård Eriksen. 

210321_HESY_0029.jpg
Sjef Sjøkrigsskulen, kommandør Bård Eriksen, ønskjer kadettane velkomne heim etter to månadar på sjøen.

Dei fleste av kadettane skal ut i teneste hausten 2023. For å sikre at dei om litt over to år er klare til å fungere om bord på Sjøforsvarets krigsskip, er det avgjerande å gjennomføre utdanningsløpet – sjølv under ein pandemi. 

– Vi gjennomfører utdanninga under strenge tiltak, og det må vi gjere fordi utdanninga er samfunnskritisk, forklarar sjef for Sjøkrigsskulen. 

Med mål om godt leiarskap

Førsteårskadett Astrid Loftås Sandven har vore kadettsjef siste delen av øvinga. No er ho tilbake på stø grunn, og er klar på at utbyttet av dei to siste månadane har vore stort.

– Kva vi har lært? Vi har lært utruleg mykje! Men hovudmålet har vore å lære om leiarskap, og korleis vi utviklar oss til å bli gode leiarar, seier ho. 

Medkadett Erlend Magnussen seier seg einig. Dei har lært mykje, men det viktigaste har vore fokuset på godt leiarskap. 

– Det har vore lærerikt å oppleve korleis andre oppfattar og forstår meg som leiar. I tillegg er det givande å interessant å vere med på å påverke og utvikle andre, fortel Magnussen.

Spele kvarandre gode

Noko som overraska kadettane, var arbeidsmengda om bord. Det blir lange dagar, og det er alltid mykje å gjere. 

– Etter kvart merker du at du blir sliten. Det er høgt trykk, og mykje som må gjerast til ei kvar tid, seier Sandven. 

210318_HESY_

Ho meiner ein viktig lærdom ho tar med seg frå vekene på sjøen, er korleis åtferda hennar påverkar andre. 
Foto: Kristian Bulow

– Det er viktig å legge litt i det å bli godt kjent, og finne ut kva du trenger og andre trenger – for at teamet skal fungere best mogleg, fortel kadettsjefen. 

Får testa både høgdeskrekk og samarbeidsevna

Når KNM «Statsraad Lehmkuhl» segler inn mot Sjøkrigsskulen, er heile masta dekka av kadettar som syng sjanti-songar. Den høgaste masta er nesten 50 meter høg, men det er ikkje så skummelt å stå der som ein skulle tru. 

– Før vi segla ut, såg eg for meg at det var skummelt å klatre i riggen. Spesielt å vere på toppen på nesten 50 meter! Men det har gått heilt fint, seier førsteårskadett Erlend Magnussen. 

Kadettane har definitivt fått testa høgdeskrekken, men dei har også møtt på andre utfordringar. Det å bu så mange på ei seglskute over lengre tid kan vere krevjande. Det er mange oppgåver som skal løysast, og då er det viktig at samarbeidet er godt for å få hjula til å gå rundt – eller i denne situasjonen; skuta til å segle framover.

– Det mest utfordrande har nok vore å bu så mange, og så tett over lengre tid. I tillegg skal vi lære mykje, og fokuset må vere på topp. Vi møter utfordringar heile tida, men man ønsker jo å utfordre seg slik at man kan lære, avsluttar kadettsjefen.