Utdanning gjennom Sjøforsvaret gir Marcus fleire bein å stå på
I ein alder av 30 valde Marcus å søke lønna utdanning av Sjøforsvaret. No kan han snart flytte arbeidet sitt frå dekk til brua på fartøyet.
Det var ikkje ei sjølvfølgje at skvadronsmeister Marcus Dalland skulle ende opp i Kystvakta. I 2009 var han kalla inn til førstegongsteneste i Ingeniørbataljonen i Indre Troms, men fekk bytt slik at han kunne reise til sjøs.
September 2009 gjekk han inn porten på KNM Harald Haarfagre på Madla, og i januar 2010 mønstra meinig Dalland på KV Nordkapp.
– Sidan har eg meir eller mindre vorte verande, humrar han.
Les om Adrian som gjekk frå å ikkje ville i Forsvaret til å studere for å bli styrmann.
Frå Svalbard til Syria
No studerer trettiåringen nautikk ved Fagskulen i Hordaland. Det vil sikre han jobb som styrmann fram til han blir pensjonist.
– Eg får fleire bein å stå på, blir meir attraktiv og kan segle fleire typar fartøy.
Marcus Dalland
I Kystvakta har han vore både logistikkbefal og båtsmann. Jobben har tatt Marcus frå Polhavet i nord til Middelhavet i sør. I 2014 deltok Sjøforsvaret i operasjon Recsyr, der dei fjerna kjemiske våpen frå Syria. Flaks og tilfeldigheitar gjorde at Marcus, som da var logistikkbefal på KV Svalbard, fekk vere med.
– KV Andenes skulle reise ned etter fregattane, og det var mannskapet frå KV Nordkapp som skulle overta. Dei mangla ein båtsmann, så eg melde meg til å bli med. Dei på KV Nordkapp kjende meg frå førstegongstenesta, så det var spennande å bli med, seier Marcus.
Båtsmannen er leiar på dekk og har ansvaret for vedlikehaldet av fartøyet. Interesse for faget gjorde at Marcus fekk segle som båtsmann på både KV Andenes og KV Svalbard.
Marcus deltok i operasjon Triton i 2016. Operasjonen overvakte havet sør for Italia. Foto: Sten Svarliatunet I operasjon Triton berga Marcus migrantar i Middelhavet. Foto: Kripos Under operasjon Recsyr med KV Andenes segla Marcus og besetninga gjennom Messinastredet mellom Sicilia og det italienske fastlandet. Foto: Sjøforsvaret
Som logistikkbefal har han ansvar for alt av utstyr og forbruksmateriell om bord på fartøyet.
– Alle logistikkbefal på Sjøforsvarets fartøy kan skrive under på at to av dei viktigaste tinga å ha om bord er toalettpapir og kaffi, ler Marcus.
Satsa på av Sjøforsvaret
Når Marcus blir ferdig utdanna styrmann skal han flytte seg frå dekk til brua på fartøyet. Han fortel at han ikkje har gått den vanlege vegen, som er å ta styrmannsskule etter læretida. Han var nemleg ikkje lærling, og tok fagbrev som privatist etter at han hadde segla i nokre år.

– Eg tar styrmannsskulen relativt seint, men eg ser på det som ein fordel. Eg har med meg erfaring om korleis det fungerer nede på dekk, som eg trur er god å ha når du skal vere vaktsjef.
For Marcus var utdanning noko han måtte ta no eller aldri. Om han hadde slutta i Forsvaret som 35-åring og byrja da trur han det ville vore for seint for han.
– Det er jo aldri for seint å ta utdanning, men tidspunktet no var godt og moglegheita var for god til å seie nei til. Vi får hyre og ei god utdanning og blir sånn sett satsa på av Sjøforsvaret, seier han.
Opnar mange dører
Mens han tar utdanninga er Marcus framleis tilsett i Sjøforsvaret, og det set han stor pris på i ei usikker tid. Han trur at tilrettelegginga frå Sjøforsvaret gjer at han kan fokusere meir enn andre på studiane.
– Eg treng ikkje studielån, eg slepp å ha deltidsjobb fordi eg får lønn under utdanning og eg har ein føresett som følgjer meg opp. Når eg slepp å tenkje på dette kan eg fokusere meir på studiane.

Utdanninga gjer at Marcus kan gå frå å leie besetninga på dekk til å leie fartøyet frå brua.
Han har valt fagskule framfor Sjøkrigsskulen for å kunne fortsette som spesialist. Marcus trivst i spesialistsøyla og synest det praktiske arbeidet er det kjekkaste. Mange dører opnar seg med fagskuleutdanninga hans.
– Eg får fleire bein å stå på, blir meir attraktiv og kan segle fleire typar fartøy. Som båtsmann i Kystvakta er det berre Nordkapp-klassa og KV Svalbard som er aktuelle, men som styrmann kan eg arbeide på mange ulike fartøy, avsluttar Marcus.
Sjøforsvaret tilbyr stipend også i 2021. Er du den neste som får stipend til fagskule innan nautikk, maskin eller elkraft? Her er krava:
- Du må konkurrere deg til skuleplass gjennom Samordna opptak ved valfri fagskule i Noreg.
- Du må vere tilsett eller lærling i Sjøforsvaret.
- Du må bestå fysiske krav (minimumskarakter 4).
- Søkarar til dekksoffiser må ha fagbrev som matros eller frå fiske/fangst, eller 5 års dokumentert relevant fartstid frå fartøy med opplæringsrett.
- Søkarar til maskinoffiser må ha fagbrev som motormann eller 5 års dokumentert relevant fartstid frå fartøy med framdriftsmaskineri større enn 750 kw.
- Søkarar til elkraft må ha fagbrev som elektrikar, og bør ha fagbrev som skipselektrikar.
Du kan finne informasjon på Forsvarets intranett. Søknadsfristen er 5. februar.