Norsk English

Varierte dagar som prest i Forsvaret

I snart 25 år har Tom Krager arbeida som prest. Over halve karrieren har han arbeida for Forsvaret, ein arbeidsstad som har gitt han varierte arbeidsdagar og opplevingar svært få prestar får.

​Møter folk der dei er

– Eg har alltid følt meg heime i Forsvaret, og det blei difor eit naturleg val å søke jobb her etter presteskulen, forklarar Tom.

Til vanleg jobbar han på rekruttskulen på Madla,  KNM Harald Haarfagre, noko han har gjort i ti år no. Før jobben på rekruttskulen, jobba han mange år i Hæren, i tillegg til ein periode som sivil prest.

Den største forskjellen frå jobben som sivil prest og å vere prest i Forsvaret, er at du ofte møter menneske der dei er, i staden for at dei kjem til deg.

– Det kan vere både fordeler og ulemper med å treffe menneske der dei er. Eg synest det er fint og lærerikt, men eg kan også føle meg litt i vegen. Er eg til dømes på fartøy, er det mykje eg ikkje har kunnskap om. Då prøver eg berre å halde ein lav profil, og lære mest mogleg, fortel Tom.

Varierte dagar

Dagane som prest i Forsvaret, er svært varierte. Tom får følgje avdelingar og vere med på ulike oppdrag dei har.

– I Hæren var eg ofte ute i felt og besøkte soldatar på øving. No, i Sjøforsvaret, er eg så heldig å få lov til å vere med og segle eit par gonger i semesteret, fortel han.

Når han seglar bruker han å halde gudsteneste for mannskapet, og etikkundervisning for dei menige. I tillegg får han vere med på mykje som dei fleste prestar ikkje får moglegheita til. 

– Om bord på Kystvakt får eg til dømes vere med på fiskeriinspeksjonar. Det synest eg er veldig spennande! Sjølv om det ikkje har noko tilknyting til jobben min, sett eg pris på å få vere med å sjå på, fortel Tom.

 Lett å få tak i

På rekruttskulen står han for etikkundervisning og gudstenester for rekruttane. Likevel er kanskje den viktigaste oppgåva hans å vere tilgjengeleg dersom nokon skulle trenge ein å snakke med.

– Når nokon tør å banke på døra mi for å snakke om noko, og i slutten av samtalen seier takk, utan at eg nødvendigvis har sagt noko, det synest eg er veldig fint. Kanskje treng dei berre nokon som kan lytte, og det kan eg bidra med, fortel Tom.

Tom er oppteken av at han som prest skal vere lett å nå, dersom nokon treng han. Samstundes vil han ikkje pressa seg på. Folk må få bestemme sjølv om dei vil snakke med han. 

– Kort forklart; prestar skal vere lette å få tak i, og lette å unngå.

Ein flott arbeidsplass

I løpet av dei 17 åra Tom har jobba i Forsvaret, har han fått fleire tilbakemeldingar frå soldatar som har sette pris på samtalane med han.

– Nokre gonger har eg til og med fått brev. Ofte i etterkant av ein rekruttskule, av nokon som har sett stor pris på samtalane og føler dei har vore til hjelp. Det er veldig fint, og gir ei stadfesting på at jobben eg gjer er viktig.

Det var ikkje tilfeldig at Tom enda opp med å jobbe i Forsvaret. Som ung hadde han ein periode i Forsvaret som gav meirsmak. Etter presteskulen, var det difor ikkje tvil om kvar han ville fortsette.

Eg føler meg heldig som har ein så flott arbeidsplass, og set stor pris på alle opplevingane er har fått og ikkje minst, menneska eg har fått møte, avsluttar Tom.

Trus- og livssynskorpset i Forsvaret

  • Trus- og livssynskorpset er ein del av Forsvarets Fellestenester, og organiserer tenester innan tru og livssyn i Forsvaret. 
  •  I korpset tenestegjer for tida i overkant av 50 sertifiserte fagpersoner som feltprest, feltimam eller felthumanist.
  • Fagpersonane underviser i etikk og gir råd i religiøse, etiske og moralske spørsmål.
  • Forsvaret er trusnøytrale, og det er ikkje obligatorisk å delta i slik undervisning.