Spesialjentene

Jegertroppen er ein gjeng tøffe vernepliktige jenter. Dette er spesialstyrken sin første tropp med kvinnelege soldatar.

I fjor sommar starta spesialstyrken ein forsøksordning med ein kontingent beståande av kvinner. Dei er blitt tildelt namnet Jegertroppen og blir utdanna til høgmotiverte, fysisk robuste spesialistar. Dei lærer blant anna å løyse oppdrag innan spesiell rekognosering, altså å hente inn informasjon om fienden, i og rundt bebygd område i moderne konfliktar.

– Vi har fått inn jenter som består krava, og vi er veldig fornøgde så langt. Prosjektet skal gå over tre år, det er den tida vi treng for å få ein meir grundig evaluering av denne typen målretta rekruttering. Så langt går det etter planen, seier Frode Kristoffersen, sjef ved Forsvarets spesialkommando.

Dei første bildane frå Jegertroppen kan du sjå øvst i saka.