Laurdag 12. august 2000 deltek den 154 meter lange ubåten Kursk i Russland si første store marineøving sidan oppløysinga av Sovjetunionen. Kursk ligg i periskophøgde, like under havoverflata, klar til å skyte ut eit testmissil, då det går forferdeleg gale. Ein torpedo lekker hydrogenperoksid og eksploderer inne i torpedokammeret. Eksplosjonen fører til en brann med temperatur på 3000 grader. Kjedereaksjonen som følger, gjer at mellom fem og sju av dei resterande torpedoane eksploderer berre 2 minutt og 15 sekund etter den første eksplosjonen. Eksplosjonen slår ut med 3,5 på Richters skala.
Kursk blir liggande på havbotnen. Baugen er riven opp, men fleire av mannskapet på 118 mann har komne seg heilt bak i ubåten, der det er ei evakueringsluke i taket.
Tidlegare på året var sjefen for den russiske nordflåten, admiral Popov, på besøk hos Forsvarskommando Nord-Norge (FKN) i Bodø. Saman med dåverande sjef for FKN, Einar Skorgen, hadde Popov oppretta ei direktelinje mellom sjef FKN og sjef Nordflåten. Då nyheita om ulykka i Barentshavet nådde Noreg, vart det bestemt at Forsvaret skulle tilby hjelp til ubåtredning. Russarane takka nei til norsk hjelp, men etter mange mislykka forsøk, bestemte russarane seg til slutt for å be om bistand frå Noreg.
Høyr heile historia om redningsaksjonen etter Kursk-ulykka her.