Strømmen, Tor Ivar_1_web

Tor Ivar Strømmen

Avdeling
Sjøkrigsskolen (SKSK)
Stilling
PhD-stipendiat
Tittel
Orlogskaptein

(f.1972) Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen forskar på sjømaktsteori i eit kyststat/småstat perspektiv og underviser, rettleiar og forskar innan felta maritim strategi, sjømaktsteori, maritim operasjonskunst, sjøkrigshistorie og forsvarsplanlegging. 

Strømmen er utdanna innan skipsprosjektering ved NTH, har bachelor (NTNU) og master i historie (UIB) og er uteksaminert frå Sjøkrigsskulen (2003). Han har 15 år med operativ teneste i Sjøforsvaret på MTB, fregatt, i SNMG1 og som N3. Hans militære utdanning inkluderer Maritime Warfare Course frå Royal Navy, AEGIS utdanning frå US Navy, Langkurs maritime operasjonar og utdanning i etterretning. Den operative tenesta hans har hovudsakleg vore innan planlegging, gjennomføring og evaluering av maritime operasjonar, og innan C4ISR. Sidan 2014 har han vore tilsett ved Sjøkrigsskulen sin sjømaktsseksjonen, dei siste åra som hovudlærar i maritime operasjonar.  

Sidan 2016 har Strømmen deltatt i ei rekkje nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt relatert til sjømakt og maritim strategi, men har og vore sentral i utviklinga av krigsspel ved Sjøkrigsskulen. Han har også bidratt i fleire bøker på både norsk og engelsk, seinast med to kapittel i boka «Militærmakt i Nord» frå 2021. 

Strømmen er ein aktiv samfunnsdebattant innan sine kompetanseområde og har bidratt mykje i media. 

    • Militærstrategi 

    • Militærteori og særleg sjømaktsteori 

    • Forsvars og krigshistorie 

    • Generell politisk historie 

    • Maritim operasjonskunst 

    • Internasjonal politikk 

    • Forsvarsplanlegging