20200907KL__O3A2199

Toppleiar omfavnar OR-søyla

Områdesersjant Christian Skjelbred (43) blei i 2009 kåra til ein av topp 100 leiartalenter under 40 år i Noreg. Då han studerte leiing i Japan, fekk han sansen for japanarane sitt fokus – kontinuerlig forbetring.

Evna til å kunne forbetre seg er enormt viktig. Er det noko som er konstant i livet så er det forandringar, og det synest eg er spanande, seier Skjelbred.

Skjelbred fekk innkallinga til Heimevernet på rundt same tidspunkt som kåringa. Då tenkte han mykje på kva han kunne ta med seg frå oljebransjen og inn i HV. Erfaringa derifrå er komen godt til nytte under den nye ordninga for militært tilsette (OMT) som no er sett i verk. 

20200907KL__O3A2199.jpg
 

Endringsreise

Ein av grunnane til at bergensaren blei nominert til toppleiar var jobben han gjorde med integrerte operasjonar i Odfjell Drilling. Der innførte dei onshore supportsenter og videoteknologi for å kunne gjera kompetansen frå ekspertar lettare tilgjengeleg på plattformene. Dette var banebrytande i 2009.

– Før dette måtte ein fly ut eksperten til plattforma. Dette er tidkrevjande, og eksperten blir då kun tilgjengelig for den eine plattforma medan han er der. Ved bruk av videoteknologi kunne ein gjera kompetansen raskare tilgjengeleg på fleire plattformar, seier han.

Folk flest er mykje meir fortruleg med videoløysingar no enn dei var for rundt ti år sidan. I 2009 måtte Skjelbred jobbe hardt for å skape aksept for at dette var ei god løysing. Det var mykje motstand, fordi det var nytt. 

– Å innføre sersjantsøyla er også ei slik endringsreise. Det handlar om å skape aksept og å byggja ein kultur som anerkjenner at den nye ordninga er ein bra ting, slår områdesersjanten fast.

Suksesskriteria

Områdesersjanten forstår at det kan væra ulike meiningar om OMT, men i Haakonsvern HV-område har erfaringa med ordninga vore utelukkande positive. Han fortel om suksesskriteria deira.

– Fyrst og fremst har me ein usedvanleg dugande områdesjef Ronny Davidsen. Han er ein menneskjekjennar og er dugande på å formidle visjon og entusiasme. Vårt Command Team, i tillegg til nestkommanderande, fungerer godt i fellesskap. Me etterlever rollene våre slik som dei er beskrivne i det nye reglementet, seier han. 

Skjelbred var ein av dei første områdesersjantane, noko som var ei spanande oppgåve han blei trigga av. 

– Eg har trua på det å få nærleik til soldatane, og nærleiken mellom røynsle og kompetanse.

Christian Skjelbred

– Eg har trua på det å få nærleik til soldatane, og nærleiken mellom røynsle og kompetanse. I tillegg til at sersjantsøyla får eit godt samarbeid med offiserssøyla, ytrar han. 

Områdesersjanten blir områdesjefen sin næraste sparringspartnar. Skjelbred si oppgåve er at sjefen sin intensjon blir satt i verk og etterlevs, og at han blir forstått ned til lågaste nivå. 

– Det har fungert godt, og me når måla våre. Det er eit godt samarbeidsklima mellom dei to søylene, og soldatane våre
trivst. 

Me har eit relevant objekt, og alle våre 300 soldatar forstår at Haakonsvern er eit viktig objekt å trene på.
Dette er noko som bidreg til høg motivasjon hjå soldatane, fortel han. 

 

To prinsipp

Skjelbred har to prinsipp han lever etter: Tydelegheit og omsorg. 

– Eg trur at menneskjer presterer best når dei kjenner på mellommenneskeleg trivsel. Eg trur òg at denne type trivsel kjem med tydelege forventningar, men etterfølgt av overveldande omsorg, uttaler han.

Det at Skjelbred valde å takke ja til auka leiaransvar i Forsvaret som 40-åring, handla først og fremst om takknemlegheita for å bu i Noreg. 

– Med tanke på den bakgrunnen eg har, og erfaringa som leiar sivilt, så ynskjer eg å bidra med det eg kan for å få eit sterkast mogleg forsvar. At våre årlege treningar ved Haakonsvern er best moglege, seier han. 

20200729KL__O3A1833.jpg

Han har vore leiar sivilt i mange år, og i dag er Skjelbred leiar for digital transformasjon og rådgiving i IT-konsulentfirmaet Capgemini i Bergen. Då han som 28-åring blei administrerande direktør for eit nasjonalt golvselskap, var fokuset på det å vera tett på verdiskaping – å byggje verdiar i samfunnet. Skape arbeidsplassar, og det å våge å leia. 

– Som kristen så er eg glad i å lese i Bibelen og finn mykje inspirasjon til korleis eg kan vera ein god leiar. Jesus viser veg for godt leiarskap. Han har ekte omsorg for menneskjer, og er veldig tydeleg på sine prinsipp, deler områdesersjanten. 

Forutsetningane for ei bra ordning

Det dei har lykkast med i Haakonsvern HV-område er at dei har tatt tak i rollebeskrivingane som fell på dei i leiarskapstriangelet. Områdesersjanten tek tak i sine ansvarsområde, nestkommanderande tek sine og områdesjefen evner å delegere og kan fokusere på leiarskap, fortel Skjelbred. 

– Til dei som er negative til den nye ordninga, så anbefaler eg at dei må tora å implementere ordninga fullt og heilt, og å bruke rollebeskrivingane for å skape ei felles forståing om kva som ligg i dei ulike stillingane. Då får ein ei velfungerande offiserssøyle, sersjantsøyle og ein byggjer gode kollegiale miljø som spelar kvarandre gode, som samhandlar og som byggjer stridsevne, avsluttar han.