Norsk English

Klar for den mest eksotiske arbeidsplassen i Noreg?

Forsvaret har ein liten stasjon på Jan Mayen i Norskehavet. 1000 kilometer frå fastlandet jobbar det 17 menneske heile året. No lyser Forsvaret ut fleire stillingar her. Kanskje ei av dei passar for deg?

jan-mayen-002

Jan Mayen er ei polarøy med hardt klima og mykje dramatikk, både i natur og historie. Det finst restar frå kvalfangst på 1600-talet, spor frå revejakt, forsking, gamle vêrstasjonar og frå aktiviteten i krigsåra. No kan denne ishavsøya bli arbeidsplassen din.

To gonger i året søkjer Forsvaret etter fagfolk til ledige stillingar på øya. Vi ønskjer søkjarar i alle aldrar og kjønn. Frå ingeniør, avdelingsingeniør, maskinist, elektronikksjef, kjøkkensjef, assisterande kjøkkensjef og førstekokk til vedlikehaldar, mekanikar og avdelingssjukepleiar. I tillegg søkjer vi etter driftsleiar som går i treårig turnus.

Er du allsidig og god på å løyse oppdukkande utfordringar, har samarbeidsevne og tar initiativ – då kan det vere akkurat deg Forsvaret ser etter.

Pil til høyre
Les meir om kvifor Jan Mayen er så viktig for Noreg og NATO

God miks i besetninga

– Besetninga på øya er ei blanding av heilt nye fjes og erfarne ishavsfolk som har jobba her fleire sesongar. Kontinuiteten blir sikra av driftsleiarar og elektrikarar som går i turnus over tre år, og av at folk frå alle avdelingar søkjer seg tilbake, seier stasjonssjef på øya, Stig Mikkelsen.

Besetningane blir sette nøye saman for at dei skal utfylle kvarandre, både fagleg og sosialt. Folk er gjerne sjølvdrivne, og det finst rom for ulike mennesketypar og bakgrunnar. Det er noko av det som gjer eit opphald på Jan Mayen til meir enn berre vakker natur. Ein fyller mange roller både i og utanfor jobb, utdjupar Mikkelsen.

Sjå alle ledige stillingar på Jan Mayen her

– Du treng ikkje vere professor eller superekspert

– Eg liker at det er ei blanding av erfarent og nytt personell her. Det er rom for å finne nye løysingar, og samstundes kontinuitet, seier Ole Erik, som har første sesongen på Jan Mayen. 

– Å jobbe på elektronikkavdelinga på Jan Mayen er både spanande og variert. Vi driftar og held ved like alle dei elektroniske systema på øya. Du treng ikkje vere professor, eller superekspert på nokre av desse tinga. Det er nesten betre å ha ei generell god forståing av mekanikk, elektronikk og datasystem. I tillegg er det en fordel om du liker å lære deg nye ting, for det gjer du garantert her, seier elektronikksjef, Jared Elgvin. Han har vore på Jan Mayen før.

Elgvin får støtte av sjefsteknikar på elektronikkavdelinga, Linn Cathrine Aalberg:

– Her får eg prøvd meg som postmeister, taxisjåfør, brannmann, bartendar, flygeleiar, tillitsvald, grøftearbeidar, masteklatrar, sanitetsmarkør, antenneinspektør, kystradiooperatør, skiltmakar og bingovert.

Totalt jobbar det 17 menneske på øya, og 15 av dei er tilsett i Forsvaret. Dei to andre jobbar for Meteorologisk institutt. Stillinga som stasjonssjef er militær, men dei fleste andre stillingane kan både militære og sivile søkje på.

Varierte oppgåver og beredskap

Forsvaret rekrutterer to gonger årleg. Stillingane varar i seks månader – frå april til september, og frå september til april.

Samfunnet på Jan Mayen er viktig for staten Noreg. Særleg innan den nasjonale forvaltinga av norske polarområde. Mellom anna inneber dette å sørge for ro og stabilitet, ta vare på naturen, og å oppretthalde norske samfunn i desse områda. 

På Jan Mayen er det fleire element som er viktig for norsk beredskap. Vêrobservasjonar frå øya kan fange opp uvêr som vil treffe Fastlands-Noreg to dagar seinare. Her er òg ein av tre Galileo-bakkestasjonar som inngår i eit viktig europeisk satellittnavigasjonssystem.

Måler jordskjelvaktivitet

Stasjonen har dessutan eit drivstofflager som redningstenesta kan nytte, og seismologiske sensorar som registrerer jordskjelv og eventuelle prøvesprengingar. 

Telenor Kystradio har etablert ein basestasjon for nødmeldingar, noko som er viktig for redningstenesta og skipstrafikken i området.

Eksotisk

Jan Mayen er ei lita øy med både vulkan og isbrear. Klimaet er arktisk, og vêret er ein faktor som påverkar kvardagen til folka på øya. Det er daglege jordskjelv her, men for det meste umerkelege skjelvingar. Enkelte dagar kan vinden og vêret hindre folk i å opphalde seg utandørs. Bygningane er bardunert i bakken for å stå i mot dei sterkaste vindkasta. 

Øya med den ekstreme naturen ligg 1000 kilometer frå Fastlands-Noreg.

For nokre er det å jobbe på Jan Mayen noko dei tilfeldigvis blir nyfikne på, og som passar med kompetanse og livssituasjon. For andre er Ishavet ein livslang draum som blir verkeleg.

Tidligare stasjonssjef på øya, Stig Mikkelsen, er i sistnemde kategori. 

– For meg har jobb på ein av ishavsøyene vore ein draum. Å få vere stasjonssjef her ute har vore den mest spesielle og givande jobben eg har hatt. Her har eg fått lære meg sjølv å kjenne. Det gjeld å gripe mogelegheita når ein får ho, og å nyte livet her oppe.

Mange fritidstilbod

På ei isolert øy som Jan Mayen kjem ein tett innpå kvarandre. Og veret kan gje ein del innedagar. Men sjølv om stasjonen ligg på ei øy langt uti Norskehavet, har dei tilsette eit variert og mangfaldig fritidstilbod.

På stasjonen er det snekkerverkstad, gymsal, treningsrom, klatrevegg, biljard, kinolerret, syrom, bibliotek, TV-stuer, badstue og basseng.

Dessutan skjer det ting heile tida. Besetninga arrangerer alt frå treningar og fellesturar til knivlaging, idrettsleiker, bingo, quiz og ikkje minst høgtidsmiddagar og bursdagsfeiringar. 

Hyttetur på ei aude øy

Det blir lagd stor vekt på at folk skal trivast både på og utanfor jobb. For turfolk er moglegheitene mange. Det står fleire hytter rundt om i et viltert, vulkansk landskap helt ulikt det ein finn på fastlandet. Det er gamle krater og størkna lavastraumar, irrgrønne mosedekte fjellsider om sommaren, og bølgjer som rullar inn over svarte strender. 

På fritida er det fint å gå i fjellet og samle toppar eller sykle seg en tur når det er føre til det. Når det er dårleg vêr, kan besetninga sjå film, strikke, spele brettspel og tv-spel, og samlast sosialt.

– Det som gjer at eg returnerer hit, er folka eg møter her, den tøffe naturen du ikkje opplever nokon annan stad, det å vere isolert på ei aude øy utan stress og mas, som ein ofte opplever heime på fastlandet, og ikkje minst ein enorm kjærleik for øya, seier Ingunn Thuseth Gustavsen. Ho har vore på Jan Mayen fleire gonger, sist som assisterande kjøkkensjef.

Ei natt i ei fangsthytte

– Kanskje fyrer ein litt i ovnen aleine i ei fangsthytte ved stranda, eller kanskje finn ein på noko med gjengen. Det er rom til både å vere sosial, og rom til å kjenne på roen ved å vere på ei isolert øy langt uti Ishavet, avsluttar tidlegare stasjonssjef Mikkelsen. 

Les meir om Jan Mayen og stasjonen