Norsk English
Den kjente broen Stari Most i Mostar (bygd opp igjen etter krigen i Bosni og Hercegovina) / The famous bridge Stari Most in Mostar (rebuild after the war in Bosnia and Hercegovina)

Bosnia-Hercegovina

Noreg deltok i NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina frå 1992 til 2020. Dei siste åra av oppdraget hadde Noreg ein offiser att i landet, i hovudstaden Sarajevo.

Bakgrunn

NATO-bidraget i Bosnia-Hercegovina blei oppretta i 1992 for å halde freden og stabiliteten i regionen ved lag.

​Bakgrunnen for uroa i regionen var oppløysinga av Jugoslavia etter den kalde krigen. Etter krigen frå 1992 til 1995 har NATOs oppgåve vore å handheve og kontrollere fredsavtala i landet, og å gi råd og støtte i arbeidet med moderniseringa av forsvaret i landet.

Den NATO-leidde iverksetjingsstyrken IFOR kom til Bosnia-Hercegovina i desember 1995. Styrken skulle setje i verk den militære delen av Dayton-avtala.

Dayton-avtala er ei fredsavtale som blei underteikna i Paris i desember 1995. Ho slår fast at Bosnia-Hercegovina er ein demokratisk, multietnisk stat med to einingar: Bosnia-Hercegovina og Republika Srbska.

Eitt år seinare blei styrken erstatta av den NATO-leidde stabiliseringsstyrken, SFOR. Hovudoppgåva til SFOR var å oppretthalde tryggleiken og leggje til rette for oppbygginga av landet etter den tre år lange krigen som varte frå 1992 til 1995. ​

Som ei følgje av den forbetra tryggingssituasjonen i Bosnia-Hercegovina og resten av regionen, avslutta NATO SFOR-operasjonen i 2004. EU tok NATO sitt arbeid med å stabilisere området gjennom operasjon Althea. NATO støttar EU-operasjonen med planlegging, logistikk og kommandostøtte.

Kva gjorde Noreg?

Utover i 2010-åra fylte Forsvaret ein nøkkelposisjon ved NATO-hovudkvarteret i hovudstaden Sarajevo. Norske offiserar rullerte på å fylle stillinga som nestkommanderande i den militære delen av hovudkvarteret, og som sjef for NATO sitt rådgivarteam.​

Den norske nestkommanderande offiseren i Sarajevo hadde hovudansvaret for å leie NATOs arbeid med forsvarsreforma og støtte landet innanfor samarbeidsprogrammet Partnarskap for fred. Hausten 2020 avslutta Noreg sitt engasjement i NATO-operasjonen og har ikkje lenger personell i landet.

Konflikten

NATO har eit hovudkvarter i Sarajevo. Dette har i hovudoppgåve å hjelpe styresmaktene i Bosnia-Hercegovina med å lage ei forsvars- og tryggingsreform. Hovudkvarteret skal bidra til at landet oppfyller krava for deltaking i NATO sitt samarbeidsprogram Partnarskap for Fred.

Borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina starta i april 1992 som ei følgje av at Jugoslavia blei delt etter den kalde krigen. Bosniakrigen varte heilt fram til november 1995.

Oppløysinga av den jugoslaviske føderasjonen utvikla seg til å bli den mest blodige konflikten i Europa etter den andre verdskrigen. Konflikten enda med over 102 000 drepne og enorme materielle øydeleggingar, ifølgje Krigsforbrytartribunalen.​

Borgarkrigen blei ein vanskeleg prøve for det internasjonale samfunnet, som måtte handtere den blodige konflikten. Etter at konflikten i Kroatia først blei overlate til EU i 1991, kom FN inn som garantist for fredsplanane i 1992. 

FN-soldatar kjem på plass 

Frå 1992 til 1995 plasserte FN ut sin UNPROFOR-styrke i dei serbisk-kontrollerte delane av Kroatia (Krajina). Styrken hadde rundt 15 000 soldatar, og skulle leggje høva til rette for demilitarisering og ei fredeleg integrering.

Planane blei til slutt stogga då Kroatia erobra Krajina i august 1995. Samstundes var opptil 30 000 FN-soldatar på plass i Bosnia-Hercegovina frå 1992 med mandat til å sikre humanitære hjelpesendingar, og seinare også for å overvake seks såkalla sikre soner med muslimsk befolkning.​

Internasjonalt press

FN greidde ikkje å verne dei sikre sonene. I staden tok NATO og stormaktene, med USA i spissen, over oppdraget i 1995. Hardt, internasjonalt press mellom anna mot den serbiske presidente​n Slobodan Milošević, ein stor bosnisk-muslimsk offensiv, flybombing av serbiske stillingar og intensive fredsforhandlingar førte fram til Dayton-avtala i 1995.

I 1995 plasserte NATO og verdsamfunnet ut 60 000 IFOR-styrkar, og krigen i Bosnia-Hercegovina var dermed over. Forholdet mellom Serbia og Kroatia og Makedonia og Hellas blei normalisert. 

Situasjonen i Bosnia-Hercegovina var derimot langt frå løyst, særleg på den sivile sida. NATO oppretta ein noko svakare styrke (SFOR) i 1996 for å stabilisere landet og fortsetje IFORs oppgåver.​