Operation Inherent Resolve: Norske soldater fra NORTU 5 (Norwegian Task Unit) i samtale med irakere i Anbar, Irak.

Irak/Kuwait/Qatar

Noreg bidrar i den internasjonale koalisjonen som hjelper irakiske tryggingsstyrkar med å gjere landet tryggare.

Kva gjer Noreg?

Per 2021 bidrar Noreg i Irak med eit styrkebidrag frå Hæren. Den norske styrken er ein del av den internasjonale koalisjonen Operation Inherent Resolve.

Det norske styrkebidraget frå Hæren skal rådgi irakiske tryggingsstyrkar frå eit rådgivingssenter i Bagdad. I tillegg stiller Hæren med ein vakt- og sikringsstyrke i Anbar-provinsen. Før 2021 har Telemark bataljon, Panserbataljonen og 2. bataljon stilt bidrag til styrken.

Noreg stiller òg ein offiser til CENTCOM Partnership Integration Enterprise (CPIE) i Qatar, og vi har eit mindre styrkebidrag i Jordan som gir logistikkstøtte og forsyningar til styrkane i regionen.

Tidlegare norske bidrag

I august 2014 vedtok regjeringa ein kongeleg resolusjon som opna for norsk deltaking i den internasjonale koalisjonen. Resolusjonen gav forsvarsministeren fullmakt til å sende om lag fem stabsoffiserar til relevante hovudkvarter.

I mars 2015 sa regjeringa ja til å sende eit norsk styrkebidrag til Irak. Oppdraget til dei norske styrkane var å rettleie og trene kurdisk personell, kurdiske avdelingar og irakiske tryggingsstyrkar i Nord-Irak. Målet var å gjere dei irakiske styrkane betre rusta til å stanse ISILs frammarsj og på sikt nedkjempe ISIL i Irak. 

Den første kontingenten med norske instruktørar frå Telemark bataljon var på plass i Nord-Irak i mai 2015. Panserbataljonen overtok dette oppdraget i januar 2017. Nordmennene lærde dei lokale styrkane opp i enkeltmannsferdigheiter og i avdelingsforband. Opplæringa skjedde i treningsleirar i området.

I november 2016 blei det norske instruktørbidraget i Erbil redusert noko, ettersom behovet for opplæring i grunnleggande militære ferdigheiter på treningssenteret i Erbil vart mindre. I mars 2017 avslutta den norske styrken i Nord-Irak oppdraget sitt i Erbil.

I september 2016 var eit norsk kirurgisk team med tre legar og tre sjukepleiarar på plass i eit amerikansk feltsjukehus i nærleiken av den norske leiren. Oppdraget deira gjekk først og fremst ut på å behandle allierte soldatar, ettersom Erbil har eit velfungerande helsevesen som Peshmerga-soldatane og sivile nyttar seg av. Personellet bestod av erfarne legar og sjukepleiarar frå Forsvarets sanitet, Sjøforsvaret og Hæren, som rullerte på oppdraget. Oppdraget varte i seks månader. 1. mars 2017 tok eit tysk kirurgisk team over oppdraget. 

Sommaren 2017 deployerte Telemark bataljon eit norsk styrkebidrag til den amerikansk leia flybasen Ain al-Asad (AAAB) i Anbar-provinsen i Irak. Denne styrken deltok hausten 2017 og våren 2018 i ei rekkje større operasjonar i Eufratdalen, som rådgivarar til den irakiske hæren, og bidrog til å nedkjempe ISIL i Vest-Irak. I perioden 2018–2020 var fokuset retta mot rådgiving og trening av irakiske tryggingsstyrkar i Anbar-provinsen.

I august 2020 blei oppdraget til det norske styrkebidraget endra frå å vere eit rådgivingsoppdrag til eit vakt- og sikringsoppdrag. Størrelsen på bidraget blei redusert, og namnet blei endra frå Norwegian Task Unit (NORTU) til Norwegian Security Force (NOR SECFOR). Saman med amerikanske styrkar skal det norske styrkebidraget sørge for vakthald og sikring av flybasen Ain al-Asad.

Styrkar frå Forsvarets spesialstyrkar var på plass i Bagdad våren 2015. Dei inngjekk i den amerikanskleia verksemda for kapasitetsbygging i Bagdad. Spesialstyrkebidraget i Bagdad blei avslutta våren 2016.

Bakgrunnsinformasjon

  1. Etter at Irak bad USA om å bidra militært i kampen mot ISIL, samla USA ein koalisjon av over 60 land og organisasjonar som skal stoppe terrorgrupperinga. Operasjonen fekk namnet Operation Inherent Resolve. I koalisjonen blei det oppretta ei kjernegruppe på rundt 20 land, der Noreg er eit av landa.

    Koalisjonen hjelper den irakiske regjeringa på fem område: nedkjempe ISIL militært, stanse rekrutteringa av framandkrigarar, bremse ISILs ideologi, stogge finansieringa av ISIL, og stabilisere område som blir frie frå ISILs kontroll. Noreg bidrar aktivt på alle områda.

  2. Den ekstremistiske terrorgrupperinga Den islamske staten i Irak og Levanten (ISIL) vaks gradvis fram som ein trussel mot global tryggleik. Grupperinga er også kjend under namnet al-Dawla al-Islamiya fi Iraq wa al-Sham (Daesh), arabisk for «den islamske stat i Irak og al-Sham».

    Gruppa hadde tidlegare nære band til al-Qaida, men al-Qaida har sidan teke avstand frå ISIL, visstnok fordi dei meinte ISL var for brutale. ISIL er ei av fleire militante islamistgrupperingar som kjempar mot regjeringsstyrkane i Syria og Irak.

    I 2014 tok ISIL kontroll over store områdar i Irak og Syria. Dei vart sett på som ein alvorleg trussel mot tryggleik og stabilitet i heile regionen og påverka trusselbiletet i resten av verda. Irakiske styresmaktar bad verdssamfunnet om hjelp til å nedkjempe den ekstremt brutale og valdelige terrorgrupperinga. ISIL har gjort det klart at dei er parate til å angripe vestlege mål.

  3. 15. august 2014 fatta eit samla tryggingsråd i FN, resolusjon 2170 etter kapittel VII i FN-pakta. Resolusjonen fordømmer på det sterkaste ISILs massive, systematiske og grove brot på menneskerettane. Han slår òg fast at ISIL sine åtak mot sivile – på bakgrunn av etnisk eller religiøs tilknyting – kan utgjere eit brotsverk mot verdas menneske. ISIL er mot demokrati og vil nedkjempe alle som ikkje er såkalla rettruande, også muslimar som ikkje har «den rette trua».

    Målet til ISIL var å opprette eit radikalt sunnimuslimsk kalifat i Levanten – ein region som omfattar Syria, Libanon, Israel, Jordan, Kypros og Tyrkia. Leiaren for terrorgrupperinga, irakaren Abu Bakr al-Baghdadi, oppmoda muslimar verda over om å ta til våpen og strøyme til eit sjølvoppnemnt kalifat. Al-Baghdadi hevda at kalifatet vart oppretta i okkuperte delar av Syria og Irak, og omtalte seg sjølv som kalif.

    Etter at ISIL sjølve etablerte det dei kalla eit kalifat i området, starta gruppa å omtale seg for Den islamske stat (IS). Namneskiftet var ment å signalisere at ISIL meiner dei har kome nærare ein overnasjonal autoritet innanfor ramma av islamsk statsdanning. Forsvaret nyttar konsekvent «ISIL» når vi omtalar gruppa.