Oppstilling på Skjold leir, under Soldataksjonen 2018.

Skjold

Skjold leir ligg sør i Troms og Finnmark fylke og er heimebase for Hærens 2. bataljon og Ingeniørbataljonen.

Adresse
Skjold leir, 9334 Skjold
Kontakt
915 03 003

I 1950-åra etablerte Forsvaret ein ny militærleir i tettstaden Øverbygd, omtrent fire mil frå Bardufoss. Forsvarets aktivitet har sidan vore viktig for bygda, og Forsvaret er framleis ein sentral aktør i lokalsamfunnet. 

Skjold leir er heimebasen til 2. bataljon og Ingeniørbataljonen til Hæren. Leiren husar i tillegg Skjold tekniske verkstad og Operasjonsstøtteavdelinga.

Forsvarets verkstad Troms-Finnmark har ein av dei fem landverkstadene sine på Skjold. Forsvarets logistikkorganisasjon er òg representert med Forsyningsseksjon Setermoen-Skjold. Seksjonen leverer forsyningar og tenester til Forsvarets avdelingar i indre Troms.

Like utanfor leiren ligg Mauken og Blåtind skyte- og øvingsfelt.

Aktivitetar og lokalmiljø

​Skjold ligg i Målselv kommune, sør i Troms og Finnmark fylke. Kommunen har 6650 innbyggarar og strekkjer seg frå fjella og dalane ved svenskegrensa og vestover til fjorden og kysten. Den varierte og vakre naturen gir uendelege mogelegheiter for flotte naturopplevingar, turar, fiske og jakt. 

Om du ønskjer storbyliv, er Tromsø under to timars køyring unna. Bardufoss lufthamn ligg ein halv time unna og har daglege direkteflygingar til Oslo.

Kommunen har også badelandet Polarbadet, og tre mil unna finn du skianlegget Målselv fjellandsby, og det er lag og foreiningar som tilbyr alt frå ballsport til rideturar. Sjå nettstaden til Målselv kommune for meir informasjon. Velferdstenesta på Skjold har dessutan ei eiga paintball-bane på utsida av leiren.

Bustad og familienettverk

Forsvaret har fleire bustader for personellet ved Skjold leir. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon. 

Ved fleire av Forsvarets tenestestader er det frivillige familienettverk. På Skjold finn du Frilleriket, eit sosialt nettverk for alle kvinner som er tilknytt Forsvaret på Skjold – anten du er tilsett eller medflyttar. Kontakt oss gjerne på Facebook-gruppa vår.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.