Vatneleiren

Vatneleiren

Vatneleiren ved Sandnes er heimebase for Agder og Rogaland heimevernsdistrikt.

Adresse
Lutsiveien 145, 4309 Sandnes
Kontakt
915 03 003

I Vatneleiren finn du hovudkvarteret til Agder og Rogaland heimevernsdistrikt (HV-08) med faste tenestegjerande befal og sivile. Avdelinga har mange HV-område rundt i Rogaland og Agder, og dei to innsatsstyrkane Osprey og Varg.

Forsyningsavdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon har også ei eining her. I tillegg husar leiren Skyte- og øvingsfeltsadministrasjonen som høyrer til Forsvarsbygg. Skytebanene på Vatne og Svartemyr-området er hovudøvingsfelt for skyting for forsvar og politi i Rogaland. Skytebanene på Vatne er toppmoderne med automatisk viseutstyr.  

Aktivitetar og lokalmiljø

Leiren ligg ved Vatne, like aust for Sandnes i Rogaland. Næraste busshaldeplass er Skytebaneveien, og ligg 10 meter frå inngangsporten til leiren. Bussen bruker 12 minutt til Sandnes sentrum, og busselskapet heiter Kolombus. I Sandnes sentrum er det jernbanestasjon, og Stavanger lufthamn Sola ligg omtrent 20 minutt frå Vatneleiren.

Leiren ligg i Stavangerregionen med 350 000 innbyggarar. Naturen i området varierer frå sandstrender i vest, der du kan surfe, til fjell og fjordar. I tillegg er det kort veg til storbyliv og uendelege kulturtilbod i Stavanger og Sandnes. Nordsjørittet endar i Sandnes sentrum, og kvar sommar kjem verdseliten i ski og skiskyting til byen for den årlege Blinkfestivalen. Sandnes husar også Vitensenteret, eit museum som formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi. Sjå nettstaden til Sandnes kommune for meir informasjon om kommunens tilbod.

Bustad

Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om utleigebustader for forsvarspersonell i Sandnes-området.

  1. Tyskarane etablerte leiren som heilårs militærleir i 1940. Før dette var det gardsbruk og landbruksdrift på området. Tyskarane valde Vatne sidan dei meinte Jæren kunne vere eit landgangsområde for ein eventuell alliert invasjon i Noreg. 

    Etter frigjeringa var Vatneleiren oppsamlingsleir for russiske krigsfangar, og etter nokre veker blei dei sende heim til Sovjetunionen. Sidan tok den norske hæren leiren i bruk til ulike avdelingar. I 1959 blei Hærens transportkorps skule- og øvingsavdeling flytta til Vatne. Avdelinga låg her med rekruttskule, befalsskule og militærpoliti fram til 1996.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.