Operatører fra Marinejegerkommandoen i Kabul, Afghanistan

Fleire Afghanistan-veteranar melder om helseplager

Ei ny undersøking blant fleire tusen norske Afghanistan-veteranar syner at talet på psykiske helseplager har auka samanlikna med ei tilsvarande undersøking frå 2012.

Over 9000 norske soldatar har tenestegjort i Afghanistan frå 2001 til 2021. No har Forsvarets sanitet på nytt kartlagt den fysiske og psykiske helsa til dei norske Afghanistan-veteranane. Undersøkinga er gjennomført i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).

Mange opplevde trugande situasjonar

Over 6200 veteranar svarte hausten 2020 på undersøkinga, og i dag blir resultata lagt fram. Jamt over har veteranane god livskvalitet, men 10,4 prosent rapporterer at dei hadde ein eller fleire psykiske helseplager då dei svarte på undersøkinga. Det er ei auke på 2,2 prosentpoeng frå 2012. 

– At dette talet har auka, er ikkje eit teikn på at mental helse blir oversett, men det er ein konsekvens av at menneske blir utsett for belastningar, seier Hans Jakob Bøe, prosjektleiar for undersøkinga.

Av dei som svarte, rapporterte 78 prosent at dei hadde tenestegjort i situasjonar med høgt trugselnivå. 43,5 prosent hadde opplevd å bli angripen av fienden, og 19,5 prosent opplevde augneblinkar der dei trudde dei skulle døy.

Verdifull kunnskap for Forsvaret

Sjef for Forsvarets sanitet, generalmajor Jon Reichelt, poengterer at å tenestegjere i krig og konfliktar kan få helsemessige konsekvensar. Nettopp derfor er det viktig at Forsvaret skaffar seg kunnskap om desse konsekvensane.

– Tusen takk til alle veterane som har svart på undersøkinga. Dette gir oss verdifull kunnskap om korleis veteranane har det over tid. Denne kunnskapen hjelper både militær og sivil helseteneste til å yte god hjelp og oppfølging, seier Reichelt.

Nye undersøkingar på veg

Forsvaret har etablert eit omfattande apparat for å ta vare på og følgje opp veteranane. Funna i denne undersøkinga blir viktige for å styrke ivaretakinga av veteranar ytterlegare.

– Forsvaret arbeider heile tida for å auke kvaliteten på undervisning, rådgiving, stressmeistring og oppfølging av fortsatt tenestegjerande og veteranar med psykiske belastingsskadar. Som veteran skal du vere trygg på at du får helsehjelpa du treng, dersom du får helseutfordringar etter å ha deltatt i ein internasjonal operasjon, seier Jon Reichelt.

Forsvaret og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress fortset no med meir forsking på veteranar. I desse dagar sender vi ut ei undersøking til norske veteranar og familiane deira. Dette vil gi oss nyttig innsikt om korleis teneste i internasjonale operasjonar påverkar heile familien.

Spørsmål og svar om undersøkinga og funna

  1. Forsvaret selekterer personell med tanke på at dei skal tåle stor belastning. Deretter bruker vi mykje tid og ressursar på å gi relevant trening for å bygge motstandskraft, både individuelt og i den gruppa ein høyrer til.

    Forsvaret driv førebyggjande psykisk helsearbeid i avdelingane som skal ut i belasta oppdrag. Vi legg vekt på å informere og involvere familiane i førebuingsfasen. Psykologar som knytt til avdelinga og tilbyr undervisning, vegleiing, samtalar og leiarstøtte.

    Psykologane følgjer avdelinga både før, under og etter teneste. Forsvaret gir helsehjelp for psykiske lidingar til alt tenestegjerande personell, og til alle veteranar som har slutta minst eitt år etter tenesta. Forsvaret har ei open dør for veteranane livet ut.

  2. Oppfølging av Forsvarets personell før, under og etter internasjonal teneste er omfattande. Forsvaret gjennomfører eit eige oppfølgingsprogram for personell som skal delta i internasjonale operasjonar. Dette programmet strekkjer seg over perioden før, under og eitt år etter tenesteperioden i utlandet. I programmet blir også familiane invitert til tre familiesamlingar, kor dei får informasjon om tenesta, råd og vegleiing om moglege utfordringar for familien. Dei får også moglegheit til å bli kjent med andre familiar som er i same situasjon. Mens personellet er ute, får alle familiane eit eige kontaktpunkt i Forsvaret som dei kan vende seg til om dei har spørsmål og utfordringar.

    Alt personell som kjem heim frå internasjonal teneste, skal ha tilbod om ein konsultasjon med lege og psykolog ved heimkomst. Dersom ein finn problemstillingar som treng oppfølging, avtales det der og da. I dei fleste tilfelle er ikkje slik oppfølging naudsynt, og det blir opp til den enkelte å oppsøkje helsehjelp om ein skulle ha behov.

    Det første året etter heimkomst har Forsvaret og avdelinga ein reiste ut med, eit særleg ansvar for å halde kontakten med den enkelte. Dette gjør vi mellom anna ved å sende ut ein helsekartlegging innan seks månader etter teneste. Her får personellet spørsmål om si fysiske og psykiske helse. Helsekartlegginga blir så sendt ut kvart anna år som ein eigenkontroll på helsestatus og med moglegheit til å ta kontakt med helsepersonell i Forsvaret, anten ein er stadig tenestegjørande eller ikkje.

    Avslutninga av det første året etter internasjonal teneste blir markert med ei samling der helsepersonell frå Forsvarets sanitet også er til stades. På samlinga får alle informasjon om kva for kontaktpunkt som finst om ein treng helsehjelp. Vi legg vekt på å ha ein låg terskel for å ta kontakt, anten ein er stadig tenestegjørande eller ikkje. Forsvaret har ei open dør for veteranane livet ut.

  3. Forsvarets veteranteneste driftar Forsvarets veteransenter (FVS) på Bæreia utanfor Kongsvinger. Dette er eit senter som tilbyr fritidsaktivitetar og overnatting for alle veteranar frå internasjonale operasjonar. Forsvarets veteransenter driftar òg også Forsvarets opne dør, ei telefonlinje for veteranar og veteranfamiliar, telefon: 800 85 000. Her kan du snakke med kvalifisert personell mellom 08.00–15.00 på kvardagar. Du kan òg ta kontakt på e-post: veteraner@mil.no.

    Har du helseplager og treng helsehjelp, kan du kontakte Forsvarets sanitet direkte på telefon: 23 09 79 30 (kontortid kvardagar 08.00–15.00), eller på e-post : fsan.nmp@mil.no.

    Om du treng hjelp på dagtid, og dette ikkje er livstrugande, kan du kontakte fastlegekontoret du høyrer til.

    Når problemet ikkje er livstrugande, men heller ikkje kan vente til du får kontakt med fastlegen i opningstida, ring lokal legevakt på telefon: 116 117.

    Ved livstrugande situasjonar som gjeld psykisk helse og sjølvmordstankar, ring medisinsk naudnummer 113. Det er ikkje alltid så lett å bedømme kva som er livstrugande. Ring heller 113 ein gong for mykje, enn ein gong for lite.

    I tillegg til det offentlege hjelpeapparatet finst det mange frivillige organisasjonar som tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske med sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, mellom andre Kirkens SOS, som held ope heile døgnet, telefon: 22 40 00 40, og det same har Mental helse, telefon: 116 123.

  4. Det veit vi ikkje sikkert. Det er som regel ikkje berre ei, men fleire årsaker til at ein person utviklar ei psykisk liding. Det ikkje heilt unaturleg at det er flerre nye tilfelle av psykiske helseplager; for nokon byr livet på stor belastning også etter tenesta.

    Vi har sett at mengda alvorlege hendingar i tenesta aukar faren for å utvikle helseplager. Denne effekten vil vi òg ha med omsyn til summen av belastning etter tenesta. Det som kanskje er mest oppsiktsvekkande er at det er ganske få som blir friske, og dermed aukar den totale førekomsten.

  5. Dei fleste internasjonale studiar finn høgare førekomstar av psykiske helseplager blant sine veteranar enn det vi finn i denne undersøkinga (10,4 prosent). Av samanliknbare funn finn vi ein studie frå Canada som har undersøkt 16 000 av sine veteranar. Dei fann noko høgare førekomst av depresjon, men for elles liknande tal (10,2 prosent hadde minst ein psykisk helseplage) som blant våre veteranar. Andre samanliknbare studiar finn betydelig høgare tal, som til dømes ein britisk studie som fann 21,9 prosent psykiske helseplager blant sine Afghanistan- og Irak-veteranar.

    Mange studiar undersøkjer utval av veteranar eller spesielle avdelingar som ofte har vore hardt belasta. Vi har spurt alle våre Afghanistan-veteranar. Dersom vi ser på dei som har vore hardast belasta blant våre veteranar, så finn vi førekomst av psykiske helseplager som er meir på linje med internasjonale studiar (17,5 prosent psykiske helseplager og 7,6 prosent PTSD). Men desse tala er framleis lågare enn det danskane har funne i sin ISAF/HOLD-7 kohort (13,7 prosent PTSD).

  6. Afghanistan-undersøkinga 2020 gir oss verdifull kunnskap om korleis veteranane har det over tid. Denne kunnskapen skal vi bruke for å auke kvaliteten på undervisning, rådgiving, stressmeistring og oppfølging av fortsatt tenestegjerande, og veteranar med psykiske belastningsskadar.

    Som eit ledd i regjeringas oppfølgingsplan for veteranar, I tjeneste for Norge, blei det allereie i januar 2021 implementert ei regelmessig kartlegging av veterananes fysiske og psykiske helse gjennom digitale spørjeundersøkingar. Dette blir gjennomført innan 6 månader etter heimkomst, og påfølgande undersøkingar i alle oddetalsår så lengje du er tilsett i Forsvaret, eller, for dei som har slutta i Forsvaret, i inntil åtte år etter avslutta teneste. På denne måten kan vi leggje til rette tiltak for veteranane best mogleg.

  7. Alt personell som kjem heim frå internasjonal teneste skal ha tilbod om ein konsultasjon med lege og psykolog og ved heimkomst. Dersom det blir funne problemstillingar som treng oppfølging, blir det avtalt der og da. I fleste tilfelle er ikkje slik oppfølging naudsynt, og det blir opp til den enkelte soldat å oppsøke helsehjelp om ein skulle ha behov. Det første året eter heimkomst har Forsvaret og avdelinga ein reiste ut med, eit særleg ansvar for å halde kontakten med den enkelte. Dette gjer ein mellom anna ved å sende ut ei helsekartlegging innan 6 månader etter teneste. Her får personellet spørsmål om si fysiske og psykiske helse.

    Avslutninga av det første året etter internasjonal teneste blir markert med ei samling der helsepersonell frå Forsvarets sanitet òg er til stades. Helse-kartlegginga blir så sendt ut kvart anna år, som ein eigenkontroll på helsestatus og med moglegheit til å ta kontakt med helsepersonell i Forsvaret anten ein er fortsatt tenestegjerande eller ikkje. Det faglege ansvaret for dette ligg hos Forsvarets veteranteneste og Forsvarets veteraninspektør.

    Situasjonen i Kabul var svært krevjande dei siste vekene i august 2021. Personellet som kom heim i slutten av august 2021, blir følgde opp slik vi følger opp alt personell som kjem heim frå internasjonal teneste.

Afghanistan-undersøkingane

  • Blir gjennomført av Forsvarets sanitet (FSAN) i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS). Arbeidet er òg støtta av Forsvarets veteranteneste (FVT), medan Forsvarsdepartementet er oppdragsgivar.
  • I 2012 gjorde Forsvaret den første undersøkinga, og hausten 2020 blei ei ny undersøking gjennomført. Målet er å kartleggje helsa til dei som har tenestegjort i Afghanistan, og samanlikne funna frå 2012 med 2020, for å sjå på utviklinga over tid. I tillegg ønskjer vi å samanlikne den psykiske helsa til Afghanistan-veteranar med befolkninga ellers.
  • Svarprosenten for 2020-undersøkinga var 67,7 prosent (6220 personar).
  • Av dei 9192 Afghanistan-veteranane som har tenestegjort mellom 2001 og 2020, og som fått undersøkinga, jobbar 41,3 prosent framleis i Forsvaret.
  • Blant Afghanistan-veteranane er 7,6 prosent kvinner.