Soldatene i kompanistridsgruppa som er en del av NATO´s enhanced Forward Prescens trener på kompaniangrep før øvelse Iron Wolf.

Noreg styrkjer bidraget til NATO-styrken i Litauen

Noreg sender fleire soldatar til NATO enhanced Forward Presence (eFP) i Litauen. Total er det snakk om 50–60 soldatar med kjerne i ei mekanisert infanteriavdeling.

Det kunngjorde regjeringa på ein pressekonferanse tysdag føremiddag. Bakteppet er den spente tryggleikssituasjon i og rundt Ukraina.

– Vi ønskjer å bidra til styrkt alliert nærvære i Baltikum for å vise solidaritet med våre allierte. For vår del gjer vi dette best ved å forsterke det styrkebidraget vi allereie har i Litauen, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen.

Deltatt sidan 2017

Enhanced Forward Presence (EFP) blei etablert av NATO i 2017 og er eit  defensivt og roande tiltak. EFP er ein sentral del av det alliansens kollektive forsvar og avskrekking i Baltikum og Polen. Noreg har hatt styrkar i stridsgruppa i Litauen samanhengande sidan starten i 2017.

Per februar 2022 har Noreg eit mekanisert infanterikompani frå Brigade Nord på 150 soldatar i Litauen. No blir denne styrken forsterka med ytterlegare ei infanteriavdeling på 50–60 soldatar.

Denne styrken skal depolyere raskt til Litauen, og dei skal i utgangspunktet vere der i tre månader. Denne perioden kan bli forlenga.

– Krevjande tryggingssituasjon

Grunnen til styrkinga er situasjonen i og rundt Ukraina.

– Vi er i ei svært krevjande tryggingssituasjon i Europa. Den massive russiske oppbygginga rundt Ukraina, og krava til USA og Europa, har endra situasjonen i Europa. Dette påverkar òg Noreg, og vi følgjer situasjonen nøye, seier Enoksen.

Noreg er NATOs auge og øyrer i nord og held kontinuerleg oversikt over land- og havområda våre.

– Vi er denne vinteren vertskap for militærøvinga Cold Response. Dette er ei øving som viser alliert styrke, samhald og evne til forsvar. Samstundes støttar vi oppunder NATO. Vi aukar hærbidraget til eFP i Litauen, og vi bidrar gjennom det vi har melde inn i NATOs reaksjonsstyrkar og ståande flåtestyrkar, seier Enoksen.