Et vaksinasjonsteam fra Forsvarets sanitet gjennomfører vaksinering i Ålesund kommune. Etter at kommunen har bedt om bistand til vaksineringen. Teamet fra saniteten vil være i Ålesund fra 28.desemeber 2021 til 14. januar 2022. Å har mål om å vaksinere over 8000 mennesker.

Forsvaret støttar med vaksinering

På oppdrag frå regjeringa støttar Forsvaret kommunar over heile landet i vaksineringa mot covid-19.

Med omikron-varianten har talet på tilfelle av covid-19 auka kraftig i Noreg. Regjeringa vedtok 13. desember 2021 at Forsvaret skal støtte sivilsamfunnet med å vaksinere den norske befolkninga mot covid-19. Oppdraget held fram til 31. januar 2022.

Då regjeringa gav oppdraget, gjorde Forsvaret klar 10 mobile vaksineringsteam med 16 personar i kvart team. Desse teama er tilknytte fleire av Forsvarets avdelingar. Vaksineringsteama stod klare til innsats frå kvelden tysdag 14. desember, og dei støttar med vaksinering i kommunane som ber om det. Lokale behov blir koordinerte i tett dialog med sivile myndigheiter og instansar.

Per 16. januar 2022 har Forsvaret:

  • 5 aktive vaksinasjonsteam som støttar med vaksinering. Til saman har 13 team frå Forsvaret deltatt i vaksineringa sidan oppdraget starta i desember.
  • sett 48 004 vaksinedosar (sidan vi sette første dose 20. desember 2021)
  • framover er det planlagd at Forsvaret skal bidra med fem team på følgjande stader: Asker (Forsvarets sanitet), bydel Frogner i Oslo (Hæren), bydel Grünerløkka i Oslo (Hæren), Bekkestua (Hæren), Askøy og Øygarden (Sjøforsvaret), Sandnes (Sjøforsvaret).

Organiserer frivillig innsats

Ved behov støtter Forsvaret òg myndigheitene i organiseringa av frivillig innsats i det intensiverte vaksineringsarbeidet. Forsvaret skal ikkje overta vaksinering for nokon, men gi bistand til allereie etablerte system i kommunane.

Smittesituasjonen i samfunnet endrar seg raskt, og oppdragsløysinga kan bli endra i tråd med smitteutviklinga og behova i kommunane.

Heimevernet (HV) koordinerer arbeidet opp mot kommunale myndigheiter i heimevernsdistrikta. Ved innkalling av personell frå HV-strukturen, vil Forsvaret unngå å bruke personar som har samfunnskritiske funksjonar.

Forsvarets sanitet (FSAN) er Forsvarets eiga fagmyndigheit og jobbar i dialog med helsemyndigheitene. Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret støttar òg med vaksineringsteam.

Pressekontakt
Forsvarets operative hovudkvarter
Telefon: 40 43 80 83 (ikkje sms)

Vaksineringsoppdraget – spørsmål og svar

  1. Eit av hovudoppdraga til Forsvaret er å støtte samfunnet når myndigheitene ber om det. Det er det vi gjer no, som vi har gjort tidlegare i pandemien, mellom anna med grensekontroll.

  2. Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) tar imot prioriterte behov frå helsemyndigheitene eller statsforvaltarane. FOH styrer deretter dei mobile einingane og sender dei dit teama skal støtte.

  3. I Forsvaret opplever vi det som riktig og naturleg at vi støttar samfunnet når det er behov for det, slik som i denne situasjonen.

  4. Forsvaret tar ikkje over vaksinasjonen. Vi støttar sivilsamfunnet der det har oppstått eit behov. Forsvaret har inga hovudrolle her. Sivilt helsepersonell har løyst og handtert ei krevjande oppgåve i snart to år, og vi tykkjer det er naturleg å støtte når sivile myndigheiter ber om det.

  5. Regjeringa har bede Forsvaret om å organisere frivillig innsats i samband med vaksineringa. Dei frivillige er sjølvsagt ikkje underlagde militær kommando. For Forsvaret er det heilt uproblematisk å organisere og samordne innsats med folk som har melde seg frivillig, og som er motiverte til å gjere ein innsats. Sivil-militær samordning som dette skjer som del av totalforsvaret heile tida.