220307_HESY_0475

KNM «Hinnøy» klare for NATO-oppdrag

Sidan august i fjor har dei førebudd seg, og både blitt mønstra i norske farvatn og sertifiserte av NATOs internasjonale treningssenter i Belgia. No er besetninga om bord på mineryddaren KNM «Hinnøy» klare for å bidra i NATOs ståande mineryddarstyrke (SNMCMG1).

Om bord på mineryddaren blir dei siste førebuingane teke hand om. Det er ikkje lenge sidan dei kom tilbake frå siste mønstring i Belgia, men no er dei klare til å reise ut igjen. Sjølv om det denne gongen er for å ta del i ei ståande styrke, er stemninga roleg når sjef Marinen samlar besetninga for å seie nokre ord før avreise.

220307_HESY_4713

– Det er ei viktig oppgåve de no skal ta fatt på. Samtidig som bidraget i SNMCMG1 er planlagt, kjem det i ei kritisk tid. Styrken inngår i Very High Readiness Joint Task Force (VJTF), som igjen er ein del av NATO Response Force (NRF). Det vil seie at NATO har styrkar som er tilgjengelige på høg beredskap og kan brukast der det er behov,

seier sjef Marinen flaggkommandør Trond Gimmingsrud.

Klare til oppdrag

For at eit fartøy skal kunne delta i SNMCMG1, må besetninga ha eit høgt treningsnivå. Dei må ha god kunnskap om minerydding og effektiv bruk av sensorar, og samstundes kunne forsvare seg mot ytre truslar.

220307_HESY_4748

– Vi skal kunne løyse oppdrag i heile konfliktspekteret, og besetninga har arbeidd iherdig for at skrog og utstyr skal vere klart til oppdrag før avgang, 

fortel skipssjef på KNM «Hinnøy», kapteinløytnant Alf Johnsen.

Når KNM «Hinnøy» er ute i NATOs ståande mineryddarstyrke, er det styrkesjefen i SNMCMG1 som gir oppdraga og leiar øvingane til fartøyet. I denne perioden blir det difor eit mykje meir intenst seglingsprogram enn dei vanlegvis har.

220307_HESY_4717

– Besetninga kjem etter kvart inn i ei god rutine, men ved lengre seglingsperiodar bryt vi gjerne opp tida med ein velferdsdag der vi har trivielle aktiviteter om bord og gjerne grillar ute på dekk, 

seier skipssjefen.

Verst for dei heime

Dei vernepliktige gastane Helene og Sebastian er to av dei som er klare for NATO-oppdrag. Begge er einige i at det blir rart å vere så lenge på sjøen.

– Før sommaren blir det lite tid heime med familien, og i tillegg blir det nok periodar med dårleg dekning, seier Helene.

Likevel er dei nok mest bekymra for dei som sit heime.

– Det er nok verst for dei som er heime og ikkje veit kva vi gjer til ei kvar tid, legg Sebastian til.

Dei har vore med på oppøvinga til KNM «Hinnøy» , og gler seg til å ta i bruk det dei har trena så lenge på.

– Det blir spennande å sjå korleis dei andre NATO-fartøya opererer, og lære av dei, seier Helene.

Sebastian ser på Helene og nikkar samtykkande.

– Eg gler meg til å endeleg få gjere det vi har trena på. I tillegg blir det gøy med uthamn, seier han og smiler.

Viktige erfaringar

SNMCMG1 består i hovudsak av ulike mineryddarfartøy. Styrken er støtta av eit forsyningsskip som også er plattforma for styrkesjefen og staben hans. Rolla til KNM «Hinnøy» blir å støtte sjefen for styrken, og stille førebudd for best mogleg å løyse oppdraga han får.

220307_HESY_4722

– Vi skal vere med på større øvingar både i Noreg og resten av Nord-Europa. Blant anna storøvinga Cold Response 22 som snart startar i Nord-Noreg, 

fortel skipssjefen.

Gjennom perioden skal styrken også gjennomføre rydding av restar frå både første og andre verdskrig.

– Ein del av oppdraget er også å fjerne etterlatenskapar som torpedoar eller miner. Då sprenger vi dei ofte med noko vi kallar sympatidetonasjon, forklarar skipssjefen.

Sjef for 1. minerydderskvadron, kommandørkaptein Bengt Berdal, forklarer at dette er verdifulle erfaringar for besetninga. 

220307_HESY_0383

– Mineryddarstyrken seglar kontinuerleg i Nord-Europas farvatn og er godt kjent både over og under vatn. Å samarbeide over lengre tid gir besetningane ei større evne til å gjere ein felles innsats om ein minetrussel skulle oppstå, 

seier skvadronssjefen.

Trygge seglingsruter er ein føresetnad for kommersiell skipstrafikk, men òg for å kunne sikre allierte forsterkningar. 

Eit planlagt bidrag

Marinen bidreg jevnleg til NATOs ståande maritime styrker.

– Dette bidraget er planlagt i lengre tid og er ein del av vårt regelmessige bidrag til NATO, seier sjef Marinen.

220307_HESY_0439
220307_HESY_4767
220307_HESY_0396
220307_HESY_0409

Oppdraget til SNMCMG1 er å vise maritimt nærvær, solidaritet og samhald i alliansen.

– Det er viktig at NATO står saman som allianse, og det viser dei ståande maritime styrkane kvar dag gjennom måten dei jobbar på. Når vi sender ut KNM «Hinnøy», så er det difor eit svært nyttig og relevant bidrag til vår felles tryggleik, avsluttar sjef Marinen, flaggkommandør Trond Gimmingsrud.