211124_HESY_4674

Slutten på eit kapittel og starten på eit nytt

Etter over 40 år i teneste for Noreg og med ein tilbakelagt distanse like lang som 50 gongar rundt ekvator – har kystvaktfartøyet KV Senja no hatt sitt aller siste seglas.

Morgonsola lyser opp Kystvaktbasen på Sortland der KV Senja ligger til kai. Om bord står aller første skipssjef, 86 år gamle Charles Johansen og noverande skipssjef, kommandørkaptein Odvin Nilsen, som i dag skal segle ut med KV Senja for siste gong.

Ringen er slutta

Mykje har skjedd sidan KV Senja og resten av Nordkapp-klassa kom på starten av 80-tallet. Likevel ser første skipssjef på KV Senja ein naturleg overgang når ein ny generasjon Kystvakt no skal overta.

– Då eg var skipssjef på KV Senja sin første seglas, gjekk turen til Jan Mayen. Det er derfor fint å tenkje på at fartøyet som skal erstatte ho heiter nettopp KV Jan Mayen, fortel Charles Johansen.

211124_HESY_4486

Om bord får Charles tilbake ei gåve han fekk frå arbeidarane på verftet som bygde KV Senja. Denne har hengt på skipssjefslugaren i 40 år.

– Denne veggpryden var ei personleg gåve til Charles som første skipssjef. Det er difor naturleg å gi han tilbake no som KV Senja skal ut av teneste, seier noverande skipssjef, kommandørkaptein Odvin Nilsen.

Siste flaggheis

Sjef Kystvakten, flaggkommandør Oliver Berdal, kystvakt-staben og besetninga på KV Harstad står alle oppstilt for å vinke farvel til KV Senja.  

211124_HESY_4556

Den siste trossa blir kasta og KV Senja seglar sakte ut frå kaia på Sortland.

211124_HESY_4580

Det blåses i fløyta og det norske flagget blir for siste gong heisa om bord på kystvaktfartøyet.

– Vi seglar frå Sortland til Ramsund for å losse av ammunisjon og desarmere fartøyet. No er det Forsvarsmateriell som tek over både KV Senja, og etter kvart søsterskipa KV Andenes og KV Nordkapp, forklarar Nilsen.

Ein ny generasjon Kystvakt

KV Senja og resten av Nordkapp-klassa var i si tid eit betydelig løft for Kystvakta.

– Nordkapp-klassa var ein ny generasjon Kystvakt som hadde fleire og større kapasitetar. Dei er helikopterberande fartøy som er rusta til å operere i arktiske område, fortsetter han.

Desse kapasitetane skal Jan Mayen-klassa no føre vidare

210905_HESY_1616

Det første fartøyet i denne klassa er KV Jan Mayen som blir operativ neste år.

Tett etterfølgt av KV Bjørnøya og KV Hopen som er planlagt overlevert til Kystvakta i 2023 og 2024.

– Vi ser fram til å ta i mot det som igjen blir ein ny generasjon med kystvaktfartøy. Jan Mayen-klassa skal vidareføre og vidareutvikle kapasitetane som Nordkapp har i dag. Fartøya blir enda betre rusta til å operere i arktiske og islagte område, og også til å leie operasjonar, fortel Nilsen.

Sjølv om det er vemodig å ta farvel med KV Senja, ser han ikkje mørkt på det.

– Vi ser på det som å avslutte eit kapittel for å starte eit nytt, avsluttar skipssjefen.

Fakta om KV Senja

- KV Senja er eit av tre kystvaktfartøy i Nordkapp-klassa, som opererer i arktiske område og er del av den ytre kystvakta.

- Sidan mars 1981 har KV Senja vore i teneste for Kystvakta, med andre ord i over 40 år.

- Jan Mayen-klassa med KV Jan Mayen, KV Bjørnøya og KV Hopen skal erstatte KV Senja, og søsterskipa KV Andenes og KV Nordkapp i Nordkapp-klassa.

- Fiskerioppsyn er blant Kystvakta sine viktigaste oppgåver. I si tenestetid har KV Senja gjennomført over 9000 fiskeriinspeksjonar.

- Over 3000 menneske har tenestegjort om bord på kystvaktfartøyet. 2500 av dei har vore meinige, 450 offiserar, befal og konstablar og over 200 personell frå Luftforsvaret.

- Godt over 1 million nautiske mil er distansa KV Senja har tilbakelagt i si tenestetid. Dette er det same som 50 gongar rundt ekvator. 

- Etter 450 tokt, hadde KV Senja onsdag 24. november 2021 - sitt aller siste tokt.