X_20221020tk_I2118

Heimevernet skal utdanne ukrainske soldatar i Noreg

Noreg skal gi ukrainske soldatar fagutdanning innan sanitet, skarpskyting og lagførartrening.

Treninga av ukrainske spesialistar vil finne stad i Trøndelagsområdet og startar etter planen opp denne våren. Utdanninga skal gjennomførast i fleire rundar gjennom 2023.

Noreg bidrar allereie til opplæring av ukrainske soldatar gjennom operasjon Interflex i Storbritannia. Denne innsatsen held fram i 2023, og med enda fleire instruktørar. Noreg stiller òg med økonomisk stønad og instruktørar til EUs treningsmisjon, og Noreg bidrar til å trene opp ukrainske eksplosivryddarar.

– Det krevjast gode militære kunnskapar for å drive ein effektiv motstandskamp. Derfor er denne utdanninga viktig for ukrainarane, og ho kjem i tillegg til opptreninga Heimevernet leiar i Storbritannia, seier generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef for Heimevernet.

Heimevernet leiar

Heimevernet får ansvaret med å leie og organisere treninga. HV har lang erfaring med mottak og støtte av utanlandske styrkar. Både faste tilsette og kontraktpersonell frå Heimevernet vil ta del i oppdraget, og andre delar av Forsvaret vil bidra ved behov.

Dei ukrainske soldatane skal få fagutdanning innan sanitet, skarpskyting og lagførartrening.

– Ukraina treng fleire og betre trena soldatar for å kjempe mot dei russiske invasjonsstyrkane. I tillegg har dei behov for å auke kompetansen sin innan fleire fagfelt. Det er viktig at Noreg tar sin del av dette og bidrar der vi kan, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Hjelpepakke på trappene

Statsråden seier regjeringa vil fortsetje å støtte Ukraina så lenge det trengs.

– Vi arbeider løpande med fleire donasjonar og bidrag, både direkte frå Noreg og gjennom samarbeid med fleire andre land. Vi planlegg ei større hjelpepakke til Ukraina som vil gå over fleire år, seier Gram.