Verneplikt
Landet vårt har store landområde og ei lang kystlinje. Vernepliktige er derfor ein berebjelke i forsvaret av Noreg. Tryggleiken vår er avhengig av at stadig nye generasjonar sluttar opp om Forsvaret.
I Noreg er det verneplikt
I fredstid er norske statsborgarar mellom 19 og 44 år, som er kvalifiserte til teneste, vernepliktige. Forsvaret bestemmer kven som er kvalifisert til teneste.
I krise eller krig kan kriteria for kven som er kvalifiserte til teneste endrast og verneplikta blir forlengd.
-
Verneplikta er plikta som norske statsborgarar har til i krig og fred gjere teneste i Forsvaret. Det er ikkje det same som førstegongsteneste.
Utvida verneplikt
Dei som har vore militært tilsett i minst eitt år etter førstegongstenesta, har verneplikt til og med det året dei fyller 55 år.
I krise eller krig kan kriteria for kven som er kvalifiserte til teneste endrast og verneplikta blir forlengd (forsvarslova § 16).
Dette seier Grunnlova om verneplikt:
«Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.» -
Dei som er vernepliktige har tenesteplikt. Varigheita til tenesteplikta i fred er 19 månader, der førstegongstenesta er ein del av dette. Tenesteplikta kan utvidast med kontrakt*.
Det betyr at når du har gjennomført 12 månader førstegongsteneste, kan Forsvaret kalle deg inn til 7 månader repetisjonsteneste eller teneste i Heimevernet fram til det året du fyller 44 år eller 55 år. Dette er bestemt av Stortinget.
* Ei førstegongsteneste på meir enn 16 månader vil som hovudregel innebere ei forlenging av ordinær tenesteplikt i fred. T.d. vil 18 månader førstegongsteneste gi 3 månader resterande tenesteplikt.
Godskrive tenesteplikt
Har du ikkje gjennomført førstegongstenesta før du startar med utdanning i Forsvaret, blir det første året av utdanninga di rekna som førstegongsteneste og 12 månader gjennomført tenesteplikt.
Utdanning i Forsvaret, teneste i utlandet, verving, teneste i Heimevernet sine innsatsstyrkar eller tilsetting i Forsvaret blir ikkje rekna som ein del av tenesteplikta.
-
I Heimevernet er den årlege ordinære tenesteplikta inntil 6 dagar for meinige (OR 1) og inntil 9 dagar for alle andre – fram til ein fyller 44 eller 55 år.
Om du inngår kontrakt med ein av Heimevernets innsatsstyrkar, får du i tillegg inntil 30 dagar pliktig teneste per år.
Teneste i Heimevernets innsatsstyrkar er rekna som frivillig teneste, og dei ekstra 30 dagane per år blir ikkje rekna inn i dei 19 månadene ordinær tenesteplikt.
-
Verneplikta gjeld berre for kvinner fødde i 1997 eller seinare.
I 2015 blei allmenn verneplikt innført i Noreg. Då blei kvinner fødd etter 1997 likestilt i loven og vurdert mot verneplikta på same vis som menn. Fram til då hadde ikkje kvinner verneplikt.
Kvinner fødde før 1997 – som gjennomfører frivillig militærteneste – må skrive under på ein kontrakt som gir dei ei tenesteplikt tilsvarande verneplikta.
Verneplikta i totalforsvaret
Totalforsvaret er ei fellesnemning for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg.
-
Konseptet går ut på at alle landets ressursar kan takast i bruk for å sikre tryggleiken til nasjonen. Verneplikta har ei rolle i totalforsvaret. Forsvaret kan beordre tenestepliktig personell til å stille opp ved alvorlege hendingar for å medverke til totalforsvaret.
Eit mål med beredskapsarbeidet er at hendingar skal handterast på lågast mogleg nivå i totalforsvaret. Det inneber at den verksemda som har ansvaret for ein sektor i fred, òg har ansvaret for han ved krise eller krig. I fredstid skal Forsvaret gje hjelp og støtte ved ulykker, redningsaksjonar og naturkatastrofar. Det er Fylkesmannen i kvart fylke som har ansvaret for samarbeid mellom sivil og militær beredskap.
Når det oppstår hendingar som treng militærstøtte, får Forsvaret førespurnad om dette gjennom formelle kanalar. Ofte er det den lokale politimeisteren som ber om støtte frå ei militær avdeling eller Heimevernet.
Du kan bli beordra til å stille opp anten fordi du tenestegjer ved ei avdeling som blir beden om å stille, eller fordi du er ein del av Heimevernet i ein region der det trengst støtte. Heimevernet kan påleggje soldatane sine dette ansvaret som ein del av tenesteplikta.
-
Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og assisterer politiet, brannvesenet og ambulansetenesta ved større ulykker og katastrofar.
Sivilforsvaret treng rundt tusen nye personar kvart år. Menn og kvinner mellom 18 og 55 år som bur i Noreg, har plikt til å tenestegjere i Sivilforsvaret om dei blir valde ut (jf. lov om Sivilforsvaret). Forsvaret samarbeider med Sivilforsvaret om rekrutteringa. Personellet i Sivilforsvaret skal ha ei geografisk tilknyting til aktuelt sivilforsvarsdistrikt.
Du kan sjølv søkje om å bli disponert i Sivilforsvaret. Kravet er at du har vore på sesjon og har ei helse som tilfredsstiller dei krava Sivilforsvaret stiller. Dei som blir valde ut, har plikt til å tenestegjere.
Du finn meir informasjon om kurstilbod og søknadsskjema på sivilforsvaret.no.
Verneplikta inneber tenesteplikt i 19 månadar. Om du har gjennomført førstegongstenesta, får du 12 månadar trekt frå i tenesteplikta i Sivilforsvaret.