Verdien for Forsvaret

F-35 har starta jobben med å passe på Noreg og luftrommet vårt. Dei nye kamflya gjer heile Forsvaret betre – og Noreg tryggare.

Norsk F-35 pilot før take off under oppdraget Iceland Air Policing 2020

Forsvaret er midt inne i ei større modernisering, og F-35 er heilt sentrale i denne moderniseringa. Kampflya er ein avgjerande kapasitet og har opna eit vell av nye moglegheiter for Forsvaret. 

Forsterka sensorar og system gjer at vi no kan overvake Noregs veldige land- og havområde raskare og me​ir effektivt. Vi får òg ei betre forståing av situasjonen. Dette gjer Forsvaret enda betre i stand til å hevde norsk suverenitet og tryggingspolitiske interesser. 

Mykje meir enn ein ny F-16

Frå 1980 til januar 2022 har F-16 vore ein avgjerande kapasitet for det norske forsvaret. Den 6. januar 2022 blei F-16-flåten avløyst av F-35. 

Dei nye kampflya er eit heilt nytt system som tek Forsvaret inn i ei ny tid. Samanlikna med F-16 er F-35 langt betre eigna til å bidra i forsvaret av Noreg. 

F-35 har alt av drivstofftankar, våpen og sensorar inne i flyet. Sjølv med last flyr det raskare, kraftigare og lengre enn dei fleste andre tilsvarande kampfly på marknaden. F-35 har dessutan system og sensorar som gjer flyet overlegen i luftkamp. 

Teste og evaluere

Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017, og dei første to åra brukte Forsvaret til å teste og evaluere kampflya grundig i norske vêr- og klimaforhold. I tillegg lærte fleire avdelingar og fagmiljø i Forsvaret det nye kampflysystemet å kjenne, og finne si rolle inn i det nye kampflykonseptet. 

Frå 2019 starta F-35 gravis med å overta oppgåver frå F-16, og i januar 2022 overtok F-35 fullt og heilt for dei tidlegare jagarflya. F-35-flåten skal vere fullt operativ i 2025.