F-35 – Forsvarets nye kampfly
F-35 har heilt unike eigenskapar som gjer det til eit av verdas beste kampfly. No har F-35 starta oppdraget med å passe på Noreg.

Moderne og effektivt

Noreg har no tatt imot fleire F-35, og vi vil på sikt få inntil 52 kampfly. Hovudbasen til dei norske kampflya er Ørland flystasjon, med ein framskoten base på Evenes.
Kampfly er ein av dei viktigaste kapasitetane i eit moderne og effektivt forsvar. Flya sikrar at vi kan hevde norsk suverenitet og halde enda betre kontroll med områda våre på land, til havs og i lufta.
F-35 gjer Noreg tøffare og raskare ved utrykkingar og avskjeringsoppdrag i nordområda. Med sensorane til F-35 kan vi finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn før. F-35 gjer dessutan denne jobben utan å bli oppdaga av andre fly.
I verdsklasse

Kampflya har avanserte system som samlar og fordøyer alle data og målingar frå sensorane. Flyet lagar dermed eit ferdigtygga bilete som gir flygaren ei overlegen forståing og oversikt over situasjonen. Dette kan flygaren bruke til eigen fordel for å vinne ein luftkamp.
Fleire av dei viktigaste allierte og partnarane våre har òg kjøpt F-35. Eit felles kampflysystem vil difor gjere fleirnasjonale luftoperasjonar og anna militært samarbeid langt enklare og meir effektivt i framtida.
Framdrift

- Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017. Då starta ein omfattande test- og evalueringsfase av dei nye kampflya.
- Hausten 2019 starta F-35 gradvis å ta over oppgåvene til F-16. Den norske F-35-flåten blir fullt operativ frå 2025.
- I januar 2022 tok F-35 over QRA-beredskapen frå F-16. Samstundes blei de norske F-16-flya pensjonerte.
Fakta

- Toppfart: 1931 km/t
- Antal fly: 52
- Fullt operativt frå: 2025