Andøya flystasjon er inne i ein utviklingsfase. Flystasjonen skal bli base for langtrekkjande dronar, samstundes som han skal støtte Andøya Space AS. I tillegg har flystasjonen eit betydeleg potensial som mottaksbase for allierte.Basen er ei hjørnesteinsverksemd og ein viktig arbeidsplass i Andøy kommune.
Forsvaret på Andøya samarbeider mellom anna med Andøya Space Center, som er eit senter for oppskyting av forskingsrakettar og testing av ulike våpensystem.
Aktivitetstilbod
Kommunen driv idrettsskule for born i alderen seks til ti år på Andenes, Dverberg og Risøyhamn. Av militære idrettsanlegg finst det treningsrom på dei ulike avdelingane rundt på basen, men det er òg mogleg å nytte dei sivile idrettsanlegga i direkte nærleik. Kvalsafari og nordlyset er store turistattraksjonar i Andøy kommune, og turistsesongen varar heile året.
Kommunen
Andøy kommune strekkjer seg over heile Andøya og delar av Hinnøya. Han er den nordlegaste kommunen i Nordland fylke og har rundt 4600 innbyggarar. Andøya har ferjefritt samband mellom fastlandet og øyane. Sjå nettstaden til Andøy kommune for meir informasjon.
Forsvarsbygg Basen har meir informasjon om Forsvarets bustader i kommunen.