Utover i 2020-åra utviklar Forsvaret Evenes flystasjon til ein operativ kampflybase for Luftforsvaret. Innan 2025 får stasjonen opptil 500 tilsette og 300 vernepliktige. Etter planen skal flystasjonen vere i full drift sommaren 2023.
Evenes blir heimebase for Noregs fem nye maritime patruljefly av typen P-8 Poseidon. Flya skal drive maritim overvaking og erstattar både P-3 Orion på Andøya flystasjon og DA-20 Jet Falcon som opererer frå Gardermoen.
I tillegg til P-8 Poseidon får 133 luftving på Evenes ein eigen luftvernbataljon og ein baseforsvarsskvadron for å beskytte dei flyoperative avdelingane. Luftvernet blir sett opp med våpensystemet NASAMS III, mens baseforsvarsskvadronen får avdelingar innan aktivt og passivt forsvar, ein stor hundeavdeling, sanitet, eksplosivryddarar og ein maskin- og konstruksjonstropp.
I tillegg blir det moderne fasilitetar for vedlikehald, idrett og andre støttefunksjonar. Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning og Cyberforsvaret har også ei avdeling på Evenes.
Sjå Forsvarsbygg for meir informasjon om utviklinga av Evenes flystasjon.