Aktivitetstilbod
Leiren ligg åtte kilometer frå Lillehammer by i Innlandet, og kommunen har 29 000 innbyggarar. Byen er naturlegvis kjent som vertsby for Vinter-OL 1994, noko som har gjort Lillehammer til ein levande by med gode kommunikasjonssamband og svært gode høve til å drive vintersport, jakt og fiske.
I kommunen finn du svært gode moglegheiter for sportsaktivitetar, med særleg fokus på vintersport. På Hafjell i Øyer finn du gode alpinanlegg og golfbane. Skeikampen i Gausdal og Kvitfjell i Ringebu ligg òg i direkte nærleik til Lillehammer. Byen er òg årleg arrangør av ulike idrettsarrangement, som til dømes Birkebeiner-arrangementa.
Universitetet i Innlandet har studiestad på Lillehammer, og tilbyr fleire utdanningar. Togturen til Oslo tar berre eit par timar, og utbygginga av firefelts motorveg heile vegen frå Oslo er i gang. Det er også gode veg- og togsamband nordover til Trondheim.
Sjå Lillehammer kommunes nettsider for meir informasjon.
Bustad
Forsvaret har 30 bustader til disposisjon for forsvarstilsette i Lillehammer kommune. I tillegg er det om lag 60 kvarter til leige.
Det er både einebustader og leilegheiter i burettslag som ligg i området rundt Lillehammer sentrum og på Fåberg, nær Jørstadmoen. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.