Et Bell 412 SP helikopter under Flydagen 2012 på Kjeller flystasjon i forbindelse med Norsk Militær Luftmakt 100 år.

A Bell 412 SP helicopter during a air show at Kjeller air base during celebration of 100 years with military aircrafts in Norway.

Kjeller

Kjeller ligg ved Lillestrøm og er Noregs eldste militære flyplass.

Adresse
Fetveien 80–84, 2007 Kjeller
Kontakt
915 03 003

Det første flyet tok av frå Kjeller i 1912, og det er mykje historie knytt til flyplassen.

I dag er det Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) som driftar Kjeller. Fleire avdelingar i Forsvaret held til her, blant anna frå FLO og Cyberforsvaret. Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell har òg einingar på Kjeller. I tillegg held Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAMS, tidlegare Luftforsvarets hovudverkstad Kjeller) til på flyplassen.

Flyplassen blir brukt til fly og helikopter som skal til og frå vedlikehald hos KAMS, ellers er Kjeller mykje brukt av lokale flyklubbar og private småfly. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Institutt for energiteknikk har kontor like ved, og OsloMet har ein studiestad like i nærleika.

I 2023 flytter Forsvaret frå Kjeller flyplass, og flybasen blir avvikla i tråd med Stortingets vedtak i langtidsplanen. Forsvarsbygg, som er grunneigar, er i gong med å selje det 1100 dekar store området sentralt mellom Lillestrøm og E6. Les meir om salet hos Forsvarsbygg.

Aktivitetstilbod

Kjeller er ein tettstad like nord for Lillestrøm i Viken. Med over 85 000 innbyggarar er Lillestrøm ein folkerik kommune med gode veg- og jernbanesamband til Oslo og nordover til Oslo lufthamn.

Kommunen har mange grøne lunger og eit omfattande nett av turstiar. Lillestrøm har òg mange lag og foreiningar innan idrett, musikk og teater. Du finn òg mange idrettshallar, symjehallar, tennisbaner, skiløyper, lysløyper og alpinanlegg i Lillestrøm og Romerike. Sjå Lillestrøm kommunes nettsider for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har leilegheiter som tilsette ved Kjeller kan leige. Bustadene ligg i Blystadlia og på Kjeller. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon om bustadene.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.