Aktivitetar og lokalmiljø
Ørland flystasjon ligg ved kystbyen Brekstad, idyllisk til i Trondheimsleia. Det går hurtigbåt til Trondheim, og overfarten tar rundt ein time. Brekstad har bank, kino, kjøpesenter og fleire spisestader og utestader. Kommunen har eit breitt fritidstilbod, sjå Ørland kommune for meir informasjon.
Velferdstenesta ved flystasjonen har tilbod som kino, bibliotek, karaoke, trådlaust internett, fiskeutstyr, kajakk og eiga hytte til utlåns. Eit nytt velferds- og idrettsbygg blei opna i 2021.
Utanfor leiren finst det rabatterte velferdstilbod som symjehall, skøyte- og ishall, bowling og ulike kulturarrangement.
I tillegg arrangerer velferda turar, mellom anna shoppingturar og fotballkampar i Trondheim. Det er også jamlege show – ofte med dei mest kjende underhaldarane i landet.
Bustad
Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om Forsvarets utleigebustader for personell på Ørland.