Vakta, Rena leir / Main entrance to Rena military camp

Rena

Rena leir er Hærens hovudbase i Sør-Noreg, og ein av dei mest komplette og moderne garnisonar for militær utdanning og trening i Europa.

Sted
Adresse
Kavaleriveien 1, 2450 Rena
Kontakt
915 03 003

Rena blei oppretta som kavalerileir for Søndenfjeldske dragonregiment i 1997 og er Noregs nyaste militærleir. Han er òg ein av dei største leirane i Norden med om lag 2000 soldatar. Rena er ein del av Østerdal garnison, saman med Terningmoen i Elverum. Dei fleste avdelingane til Hærens hurtige reaksjonsstyrke (HRS) held til her.

Leiren er hovudkvarter til Telemark bataljon, Forsvarets spesialkommando og Hærens våpenskule med dei fleste underavdelingane. Operasjonsstøtteavdelinga er sentral for drifta av leiren.

Leiren husar mellom andre:

  • Hærens våpenskule
  • Forsvarets verkstad Østerdalen (hovudkontor) og ei eining frå forsyningsavdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon
  • Operasjonsstøtteavdelinga for Østerdal garnison
  • Forsvarets spesialkommando (FSK)
  • Telemark bataljon (TMBN)
  • Militærpoliti-avdeling
  • Ståande kompani (HRS) frå:
    • Ingeniørbataljonen
    • Artilleribataljonen
    • Sanitetsbataljonen
    • Stridstrenbataljonen

Rena har dessutan store øvingsområde (Regionfelt Austlandet og Rødsmoen skytefelt) og kampsimulatorar. Lurer du på kva som går føre seg av militær aktivitet i området, kan du gå inn på varslingssida for Østerdalen garnison.

Aktivitetar og lokalmiljø

Rena leir ligg i Åmot kommune i Innlandet, og har 4350 innbyggarar. ​​​​​Tettstaden Rena er ein bygdeby med eit levande sentrum, og kommunen ligg i eit av Noregs mest vidstrekte skog- og fjellområde i den sørlege delen av Østerdalen. Her har du uendelege turmogelegheiter, sommar og vinter. Rena idrettspark ligg i leiren og har idrettshall med moderne treningsrom og klatrevegg, symjehall, fotball- og friidrettsstadion, fotballbaner, tennisbaner, sandvolleyballbane, lysløyper og terrengløyper.

Høgskolen i Innlandet har studiestad på Rena, og dei årlege Birken-renna for ski, løp og sykkel startar på Rena.

Sjølv om Rena ligg landleg til, er ikkje vegen lang til skikkeleg byliv. Med bil bruker du 25 minutt til Elverum, 50 minutt til Hamar og to timar til Oslo. Rena har togstasjon, og det er motorveg nesten heile vegen til Oslo. Køyreturen til Oslo lufthamn Gardermoen tar 1,5 time.

Sjå nettsidene til Åmot kommune for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader for personellet ved Rena leir. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.