Brigade Nord oppstilt på Artillerisletta ved Setermoen leir, i anledning vinterøvelsen Joint Reindeer, søndag 11. mars 2018. // Brigade North parade.

Setermoen

Setermoen er ein militærleir med lang historie. Her har Forsvaret utdanna soldatar heilt sidan 1898, og i dag held fleire avdelingar i Brigade Nord til i leiren.

Adresse
Fogd Holmboes gate 11, 9360 Bardu
Kontakt
915 03 003

Forsvaret har i over hundre år vore ein sentral aktør og arbeidsgivar for Setermoen og Bardu kommune. Hæren etablerte soldatutdanning her allereie i 1898, og ein valde staden på grunn av den strategiske plasseringa mellom fjella. 

Setermoen leir er framleis viktig for Forsvaret og Hæren. Tre store avdelingar i Brigade Nord held til på Setermoen: Artilleribataljonen, Panserbataljonen og Sanitetsbataljonen. I tillegg har Etterretningsbataljonen hovudkvarter her, og leiren har ei operasjonsstøtteavdeling med rundt 60 tilsette.

Forsvarets verkstad Troms-Finnmark har ein av dei fem landverkstadene sine på Setermoen. Forsvarets logistikkorganisasjon er òg representert med Forsyningsseksjon Setermoen-Skjold. Seksjonen leverer forsyningar og tenester til Forsvarets avdelingar i indre Troms.

Aktivitetar og lokalmiljø

Tettstaden Setermoen ligg i Bardu kommune, sør i Troms og Finnmark fylke. Bardu har 4000 innbyggarar og er ein særeigen nordnorsk innlandskommune som strekkjer seg gjennom samanhengande dalføre mellom fjella i Midt-Troms. Her har du uendelege moglegheiter innan friluftsliv, jakt og fiske. Med eige alpinsenter, flotte langrennsmoglegheiter og ein lang vinter er dette ein stad som eignar seg svært godt til skisport. 

Inne i leiren er det ein stor idrettshall, bibliotek og ei velferdsteneste med ei rekkje spelkonsollar til utlån. Elles i kommunen er det mange lag og foreiningar innan idrett og andre fritidsaktivitetar, mellom anna ei motorsportbane. Les meir om tilbod og aktivitetar på nettstaden til Bardu kommune.

Bustad og familienettverk

Forsvaret har fleire bustader i tilknyting til leiren. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon om leilegheiter og hus du kan leige.

Ved fleire tenestestader er det oppretta frivillige familienettverk. På Setermoen finn du Seterjentene, ei foreining for kvinner på Setermoen tilknytt Forsvaret, anten du er tilsett eller medflyttar. Foreininga arrangerer jamlege møte, festar, turar og andre tilstellingar. Ta kontakt med oss på Facebook for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.