Rune Jakobsen deler ut medaljer under en medaljeseremoni på Akershus festning i forbindelse med at persoell fra NORTU 4 har kommet hjem fra Irak

Innstille til medalje

Vil du foreslå ein kandidat til medalje? Eller manglar du ein medalje? Her finn du svar på korleis du går fram.

For Forsvaret og Noreg er det viktig å takke for innsatsen til soldatane våre.

Alle som gjer teneste i ein internasjonal operasjon, kan bli heidra med ein deltakarmedalje. For innsats ut over det ein kan forvente, kan ein bli tildelt ein stridsdekorasjon eller fortenestmedalje.

Dersom du eller nokon du kjenner manglar ein deltakarmedalje kan du søka om å få medaljen. For stridsdekorasjonar og fortenestmedaljar må ein innstilla ein kandidat.

Les meir om dei to typane medaljar og korleis du går fram under

Stridsdekorasjonar og fortenestmedaljar
Stridsdekorasjonar kan tildelast for mot og tapperheit i strid ut over det som kan forventast. Fortenstmedaljar kan tildelast for ein betydeleg innsats, utover det forventa. For å få ein medalje må ein kandidat innstillast. Innsatsen blir vurdert av eit dekorasjonsråd før eventuell tildeling
Deltakarmedaljar
Deltakarmedaljar kan tildelast for deltaking under andre verdskrig, teneste i ein internasjonal operasjon, eller gjennomførd førstegongsteneste. Dersom du manglar ein slik medalje kan du be om å få han overrekt.

Korleis søker eller innstiller du

Forsvaret delte i 2018 ut siste medaljer til deltagende i UNIFIL, fra 1978-1998. Her deler Sjøforsvaret ut i Bergen // The Norwegian armed forces are issuing the last medals from UNIFIL (1978-1998) . Pictured is the navy issuing medals in Bergen.

Her finn du framgangsmåte om du vil innstilla nokon til ein stridsdekorasjon/fortjenstmedalje eller søka om ein deltakarmedalje.

  1. Stridsdekorasjonar kan ein tildele for særleg stort mot og tapperheit i strid. Det kan dreie seg om ei enkelthending eller fleire hendingar i same kontingent.

    For å kunne dele ut ein stridsdekorasjon eller fortenestmedalje, treng Forsvaret innstillingar. Kollegaer og sjefar kan skrive ei innstilling, men næraste sjef må underskrive ho. Eit dekorasjonsråd handsamar innstillinga og sender tilrådinga si til forsvarssjefen eller aktuell sjef.​

    Framgangsmåte

    Slik går du fram om du vil innstille nokon til ein stridsdekorasjon eller fortenestmedalje:

    1. Fyll ut dette skjemaet (pdf).
    2. Send innstillinga på e-post til [email protected]
      eller brevpost til:

      Forsvarets veteranteneste
      (alternativt den enkelte forsvarsgrein for fortenstmedaljane)

      Postboks 800, Postmottak 
      2617 Lillehammer
  2. Det finst to ulike medaljar for teneste i internasjonale operasjonar: Forsvarets operasjonsmedalje og Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar. Det blir berre tildelt ein av desse for ein og same teneste.

    Forsvarets operasjonsmedalje blei skipa i år 2005. Medaljen har ikkje tilbakeverkande kraft. Dei fleste som har krav på denne medaljen har fått han i samband med heimkomst, men det kan finnast nokre unntak

    Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar blei skipa i år 2000. Medaljen har tilbakeverkande kraft, og dermed har over 80 000 soldatar gjort seg fortente til medaljen før han fanst. Framleis er det mange veteranar som ikkje har mottatt medaljen.

    Døme på andre medaljar kan vera Deltakarmedaljen 9. april 1940–8. mai 1945 eller Vernedyktigheitsmedaljen.

    Veteraner som ikkje har mottatt ei deltakarmedalje, kan fylle ut skjemaet for å gjera Forsvaret oppmerksame på at dei ikkje har fått medaljen.

    Medaljeoverrekkelse skjer normalt hos næraste militære avdeling. Dei fleste medaljeseremoniar blir arrangerte på frigjerings- og veterandagen 8. mai. Veteranar med alvorleg sjukdom eller høg alder vil ofte kunna få overrekt medaljen raskare. Eit eventuelt ønske om dette må skrivast i merknadsfeltet på skjemaet, og i ei e-post saman med saksnummeret til [email protected]

     

    Framgangsmåte

    1. Fyll ut dette skjemaet. Du kan òg tipse om andre du meiner har krav på medalje.
    2. Når saka er registrert vil du få eit saksnummer på e-post.
    3. Dersom det er helsemessige grunnar til at vi bør prioritera saka kan du senda oss opplysningar om det saman med saksnummeret i ein e-post til [email protected].

Ofte stilte spørsmål

  1. Du fyller ut dette søknadsskjemaet. Send dette skjemaet før du eventuelt tar kontakt med oss på e-post. Om du har fleire opplysningar i saka di, vent til du har fått eit referansenummer, og opplys oss om dette når du tar kontakt med oss.

  2. Ja, det kan du. Bruk dette søknadsskjemaet. Men tenk over følgande:
    • Har den aktuelle veteranen fått medaljen tidlegare? Over 40 000 veteranar frå perioden 1947–2002 fek Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar tidleg på 2000-talet.
    • Ønskjer veteranen sjølv medaljen? Intensjonen din er nok god, men nokre gonger hender det at mottakaren ikkje ønskjer medaljen når vi tar kontakt.
    Det er dessutan ein fordel om du kjenner den du søkjer for. 
     
    Søkjer du om medalje på vegner av ei større gruppe veteranar, må du fylle ut søknadsskjemaet for kvar einskild person. Men du kan gjerne sende oss ein oversikt over dei du søkjer for, og referansenummeret til kvar sak, på e-post til [email protected].
  3. Forsvaret har dei siste åra mottatt svært mange medaljesøknader. Det gjer at sakshandsaminga no tar lang tid. Du må i ytste fall rekne med at det kan ta minst eitt år før du får svar på søknaden din. Vi ber om orsaking for dette.
  4. Ja, det gjer vi. Dette gjeld særleg saker for dei eldste veteranane våre, til dømes dei frå Tysklandsbrigaden. Det gjeld også i saker der mottakaren er alvorleg sjuk.
     
    For å få prioritert ei sak, må du først fylle ut søknadsskjemaet og få eit referansenummer i retur. Deretter sender du ein e-post med referansenummeret til [email protected] for å varsle om saka som hastar.
  5. Nokre gonger har personell vore nøydd reise heim av velferdsgrunnar og dermed avslutte tenesta tidlegare enn planlagt. Grunnane kan vere medisinske, familiære, eller andre utfordringar heime i Noreg. Men dette kjem dessverre sjeldan fram i personellsystemet vårt.
     
    Om du ikkje oppfyller kravet til dagar, men meiner du kan ha krav på medaljen på grunn av slike grunnar, vil vi vurdere saka di som eit unntak frå statuttane. Har du dokumentasjon, vil det gjere sakshandsaminga enklare. Bruk fritekstfeltet i skjemaet til å fortelje oss om dette gjeld deg.
  6. Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner blei ikkje stifta før i år 2000. Han blei gitt tilbakeverkande kraft, heilt attende til 1947. I desse 53 åra gjorde over 80 000 personar teneste i ein internasjonal operasjon, og har dermed gjort seg fortente til medaljen.
     
    Etter at vi stifta medaljen, gjorde vi eit større arbeid for å tilby medaljen til veteranane, og rundt 50 000 har mottatt medaljen. Sidan ikkje alle vil ha medaljen – og det store talet på veteranar – må no alle som ønskjer medaljen, sjølv melde frå om det. Det kan du gjere i medaljeskjemaet her.

Reglar og praktisk informasjon

  1. Denne medaljen, populært kalla intopsmedaljen, stifta Forsvaret i 2000. Han blir tildelt med tilbakeverkande kraft. Under er tidskrava som gjeld for medaljen:
    • For teneste i åra 1947–2002: 180 dagar.
    • For teneste i åra 2003–2010: 90 dagar.
    • For teneste frå 2011: 30 dagar.
    For teneste etter 2005 deler vi nesten berre ut Forsvarets operasjonsmedalje. Denne medaljen blei stifta dette året.
     
    Vi deler ikkje ut to medaljar for same teneste. Ein har derfor ikkje krav på begge medaljane.
  2. Operasjonsmedaljen blir tildelt dei fleste som har deltatt i internasjonale operasjonar etter 2005. Medaljen har ikkje tilbakeverkande kraft. Vi deler ikkje ut to medaljar for same teneste, du har derfor ikkje krav på Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar i tillegg til denne.

     
  3. Vernedyktigheitsmedaljen blei stifta i 1982 utan tilbakeverkande kraft. Om du har gjort teneste etter dette, og meiner du har krav på medaljen, må du ta kontakt med forsvarsgreina di.

  4. Om du har mista eller blitt fråstolen medaljar, må du erstatte dei sjølv. Erstatningsmedaljar kjøper du hos Forsvarets uniformsutsal (FUNIF). Her får du òg kjøpt tal til å feste på medaljar og bandstriper.

  5. Du finn statuttar for alle medaljane i FOBID (Forsvarets oversyn over avgjerder, instruksar og direktiv).

  6. Vi deler framleis ut nokre få deltakarmedaljar for teneste under andre verdskrigen. Vi får òg inn søknader der familie ønskjer medaljen etter ein krigsveterans død (post mortem). Deltakarmedaljen blir ikkje tildelt i post mortem, i tråd med etablert praksis sidan 1945.

  7. Forsvarets veteranteneste har ingen opplysningar om veteranar frå andre verdskrigen, eller kven som har mottatt deltakarmedaljen. Du kan i staden kontakte Riksarkivet (riksarkiv[email protected]) eller Norges hjemmefrontmuseum ([email protected]). Riksarkivet har oversikt over dei som tilhøyrde norske styrkar i utlandet, og krigsseglarar. Sjå Riksarkivets side om dekorasjonar og medaljar. Heimefrontsmuseet har oversikt over dei som deltok i motstandskampen i Noreg.
     
     
    Gjeld det mottakarar av krigsdekorasjonar som Krigskrossen med sverd, St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen eller andre høgt rangerte krigsdekorasjonar, kan du kontakte Riksarkivet. For krigsseglarar kan du søkje på www.krigsseilerregisteret.no.
     
    Det hender vi får spørsmål om erstatning av tapte krigsdekorasjonar. For alle medaljar (unntatt deltakarmedaljen 1940–1945) kan du kontakte Forsvarsdepartementet som forvaltar desse medaljane.
  8. Alle søknadar og innstillingar blir først handsama av dekorasjonsseksjonen til Forsvarets veteranteneste. Deretter sender vi dei til eit av Forsvarets dekorasjonsråd, som handsamar innstillingane. Forsvarssjefen har oppretta tre slike råd:

    Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen ved søknader om stridsdekorasjonar. Rådet gir også innspel i enkeltsaker og sender forslag til forsvarssjefen for endeleg avgjersle eller eventuelt vidare til Forsvarsdepartementet. Leiaren av rådet skal vere ein pensjonert offiser på minimum generalmajor/kontreadmiralsnivå. I tillegg deltar sjefane for Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret, samt Forsvarets sjefssersjant og en person med  juridisk kompetanse.

    Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om fortenestedekorasjonar, medaljar for internasjonal teneste og ferdigheitsmedaljar som ikkje forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd skal handsame. Sjefen for dekorasjonsseksjonen i Forsvarets veteranteneste leiar rådet. I tillegg deltar ein representant frå høvesvis Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet.

    Forsvarssjefens dekorasjonsråd for Etterretningstenesta er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om dekorasjonar til Etterretningstenesta sitt personell.  Leiaren for Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd eller Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådsmedlem.

    I tillegg har Forsvarsdepartementet sitt eige dekorasjonsråd. Rådet rådgir forsvarsministeren i alle dekorasjonssaker som skal opp i Kongen i statsråd. Rådet skal ikkje overprøve den militærfaglige vurderinga som er gjort av forsvarssjefen. I staden skal rådet vurdere sakene i eit forsvarspolitisk, historisk og folkerettsleg perspektiv. Rådet har fem medlemmar med særleg kompetanse innan historie, folkerett, menneskerettar og forsvar.

Forsvarets medaljar

Se oversikt over Forsvarets medaljar.

Pil til høyre
Medaljeseremoni RECSYR