Medaljeseremoni RECSYR

Forsvarets medaljar

Soldatane våre gjer ein viktig jobb i teneste for Forsvaret og Noreg. Medaljar er Forsvarets tydelege takk for innsatsen.

For Forsvaret er det viktig å anerkjenne og takke soldatane våre for innsatsen dei gjer og har gjort i teneste for Noreg. Medaljar er kanskje den tydelegaste måten å heidre innsatsen deira.

Forsvaret har tre hovudtypar medaljar:

  • Bragdmedaljar eller stridsdekorasjonar er individuelle medaljar som blir delte ut for spesiell innsats i ei enkelthending. Aktuelle mottakarar må bli innstilte til medalje, men alle kan foreslå kandidatar.
  • Deltakarmedaljar blir tildelte for å ha tenestegjort i ein operasjon over ei viss tid. Krava er definerte i statuttane til kva medalje. For teneste i utlandet blir medaljen vanlegvis delt ut når ein kjem heim frå operasjonsområdet.
  • Fortenestmedaljar kan bli delte ut for innsats langt ut over det som ein kan forvente, eller for lang og tru teneste.
Søke om eller innstille til medalje
Her finn du informasjon om korleis du søker om medalje eller kan innstille nokon til ein medalje.
Spørsmål og svar om medaljar
Korleis avgjer vi kven som skal få medalje? Og korleis går eg fram om eg vil foreslå ein kandidat? Her finn du alle svar.
Pil til høyre
Lær meir om Forsvarets medaljar

Ofte stilte spørsmål

  1. Du fyller ut dette søknadsskjemaet. Send dette skjemaet før du eventuelt tar kontakt med oss på e-post. Om du har fleire opplysningar i saka di, vent til du har fått eit referansenummer, og opplys oss om dette når du tar kontakt med oss.

  2. Ja, det kan du. Bruk dette søknadsskjemaet. Men tenk over følgande:
    • Har den aktuelle veteranen fått medaljen tidlegare? Over 40 000 veteranar frå perioden 1947–2002 fek Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar tidleg på 2000-talet.
    • Ønskjer veteranen sjølv medaljen? Intensjonen din er nok god, men nokre gonger hender det at mottakaren ikkje ønskjer medaljen når vi tar kontakt.
    Det er dessutan ein fordel om du kjenner den du søkjer for. 
     
    Søkjer du om medalje på vegner av ei større gruppe veteranar, må du fylle ut søknadsskjemaet for kvar einskild person. Men du kan gjerne sende oss ein oversikt over dei du søkjer for, og referansenummeret til kvar sak, på e-post til veteraner@mil.no.
  3. Forsvaret har dei siste åra mottatt svært mange medaljesøknader. Det gjer at sakshandsaminga no tar lang tid. Du må i ytste fall rekne med at det kan ta minst eitt år før du får svar på søknaden din. Vi ber om orsaking for dette.
  4. Ja, det gjer vi. Dette gjeld særleg saker for dei eldste veteranane våre, til dømes dei frå Tysklandsbrigaden. Det gjeld også i saker der mottakaren er alvorleg sjuk.
     
    For å få prioritert ei sak, må du først fylle ut søknadsskjemaet og få eit referansenummer i retur. Deretter sender du ein e-post med referansenummeret til veteraner@mil.no for å varsle om saka som hastar.
  5. Nokre gonger har personell vore nøydd reise heim av velferdsgrunnar og dermed avslutte tenesta tidlegare enn planlagt. Grunnane kan vere medisinske, familiære, eller andre utfordringar heime i Noreg. Men dette kjem dessverre sjeldan fram i personellsystemet vårt.
     
    Om du ikkje oppfyller kravet til dagar, men meiner du kan ha krav på medaljen på grunn av slike grunnar, vil vi vurdere saka di som eit unntak frå statuttane. Har du dokumentasjon, vil det gjere sakshandsaminga enklare. Bruk fritekstfeltet i skjemaet til å fortelje oss om dette gjeld deg.
  6. Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner blei ikkje stifta før i år 2000. Han blei gitt tilbakeverkande kraft, heilt attende til 1947. I desse 53 åra gjorde over 80 000 personar teneste i ein internasjonal operasjon, og har dermed gjort seg fortente til medaljen.
     
    Etter at vi stifta medaljen, gjorde vi eit større arbeid for å tilby medaljen til veteranane, og rundt 50 000 har mottatt medaljen. Sidan ikkje alle vil ha medaljen – og det store talet på veteranar – må no alle som ønskjer medaljen, sjølv melde frå om det. Det kan du gjere i medaljeskjemaet her.

Reglar og praktisk informasjon

  1. Denne medaljen, populært kalla intopsmedaljen, stifta Forsvaret i 2000. Han blir tildelt med tilbakeverkande kraft. Under er tidskrava som gjeld for medaljen:
    • For teneste i åra 1947–2002: 180 dagar.
    • For teneste i åra 2003–2010: 90 dagar.
    • For teneste frå 2011: 30 dagar.
    For teneste etter 2005 deler vi nesten berre ut Forsvarets operasjonsmedalje. Denne medaljen blei stifta dette året.
     
    Vi deler ikkje ut to medaljar for same teneste. Ein har derfor ikkje krav på begge medaljane.
  2. Operasjonsmedaljen blir tildelt dei fleste som har deltatt i internasjonale operasjonar etter 2005. Medaljen har ikkje tilbakeverkande kraft. Vi deler ikkje ut to medaljar for same teneste, du har derfor ikkje krav på Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar i tillegg til denne.

     
  3. Vernedyktigheitsmedaljen blei stifta i 1982 utan tilbakeverkande kraft. Om du har gjort teneste etter dette, og meiner du har krav på medaljen, må du ta kontakt med forsvarsgreina di.

  4. Om du har mista eller blitt fråstolen medaljar, må du erstatte dei sjølv. Erstatningsmedaljar kjøper du hos Forsvarets uniformsutsal (FUNIF). Her får du òg kjøpt tal til å feste på medaljar og bandstriper.

  5. Du finn statuttar for alle medaljane i FOBID (Forsvarets oversyn over avgjerder, instruksar og direktiv).

  6. Vi deler framleis ut nokre få deltakarmedaljar for teneste under andre verdskrigen. Vi får òg inn søknader der familie ønskjer medaljen etter ein krigsveterans død (post mortem). Deltakarmedaljen blir ikkje tildelt i post mortem, i tråd med etablert praksis sidan 1945.

  7. Forsvarets veteranteneste har ingen opplysningar om veteranar frå andre verdskrigen, eller kven som har mottatt deltakarmedaljen. Du kan i staden kontakte Riksarkivet eller Norges hjemmefrontmuseum (post.nhm@gmail.com). Riksarkivet har oversikt over dei som tilhøyrde norske styrkar i utlandet, og krigsseglarar. Sjå Riksarkivets side om dekorasjonar og medaljar. Heimefrontsmuseet har oversikt over dei som deltok i motstandskampen i Noreg.
     
     
    Gjeld det mottakarar av krigsdekorasjonar som Krigskrossen med sverd, St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen eller andre høgt rangerte krigsdekorasjonar, kan du kontakte Riksarkivet. For krigsseglarar kan du søkje på www.krigsseilerregisteret.no.
     
    Det hender vi får spørsmål om erstatning av tapte krigsdekorasjonar. For alle medaljar (unntatt deltakarmedaljen 1940–1945) kan du kontakte Forsvarsdepartementet som forvaltar desse medaljane.
  8. Alle søknadar og innstillingar blir først handsama av dekorasjonsseksjonen til Forsvarets veteranteneste. Deretter sender vi dei til eit av Forsvarets dekorasjonsråd, som handsamar innstillingane. Forsvarssjefen har oppretta tre slike råd:

    Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen ved søknader om stridsdekorasjonar. Rådet gir også innspel i enkeltsaker og sender forslag til forsvarssjefen for endeleg avgjersle eller eventuelt vidare til Forsvarsdepartementet. Leiaren av rådet skal vere ein pensjonert offiser på minimum generalmajor/kontreadmiralsnivå. I tillegg deltar sjefane for Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret, samt Forsvarets sjefssersjant og en person med  juridisk kompetanse.

    Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om fortenestedekorasjonar, medaljar for internasjonal teneste og ferdigheitsmedaljar som ikkje forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd skal handsame. Sjefen for dekorasjonsseksjonen i Forsvarets veteranteneste leiar rådet. I tillegg deltar ein representant frå høvesvis Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet.

    Forsvarssjefens dekorasjonsråd for Etterretningstenesta er rådgivande organ for forsvarssjefen i spørsmål om dekorasjonar til Etterretningstenesta sitt personell.  Leiaren for Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd eller Forsvarssjefens dekorasjonsråd er rådsmedlem.

    I tillegg har Forsvarsdepartementet sitt eige dekorasjonsråd. Rådet rådgir forsvarsministeren i alle dekorasjonssaker som skal opp i Kongen i statsråd. Rådet skal ikkje overprøve den militærfaglige vurderinga som er gjort av forsvarssjefen. I staden skal rådet vurdere sakene i eit forsvarspolitisk, historisk og folkerettsleg perspektiv. Rådet har fem medlemmar med særleg kompetanse innan historie, folkerett, menneskerettar og forsvar.

Bering av dekorasjonar og medaljar

  1. Kvar medalje har statuttar som fortel korleis ein skal bere medaljen. Men det er nokre fellesreglar som gjeld for alle medaljar:

    • Medaljar som er gitt av Hans Majestet Kongen, skal ein bere når ein møter kongen, eller om Kongehuset er representert.
    • I tillegg kan du bere medaljane dine når du sjølv ønskjer. Til dømes på offentlege arrangement og høgtidsdagar, men òg i private tilstellingar.
    • Til uniform ber ein berre dekorasjonane som forsvarssjefen har godkjend for bruk til uniform. Tenestegjerande personell kan bere Forsvarets medalje for feltsport og Forsvarets medalje for skyting på uniform.
    • Ein skal ikkje bere store medaljar (originalar) og små medaljar (miniatyrar) samstundes. Kommandørkross skal ein alltid bere stort.
    • Ikkje-tenestegjerande personell (pensjonistar og reserveoffiserar) ber uniforma og dei dekorasjonane, ordenane, medaljane og ferdigheitsmerka i rekkefølgja som gjaldt då ein fråtredde.
    • Ein kan berre dele ut dekorasjonar post mortem om statuttane opnar for dette.
    • I Noreg er det ikkje tradisjon for å bere ein medalje som er arva. Du kan derfor berre bere medaljar som du sjølv har mottatt.
    • Forsvaret kan kalle attende ein medalje, dekorasjon eller orden dersom innehavaren viser seg uverdig til framleis å bere dekorasjonen. Men statuttane for den aktuelle dekorasjonen må opne for dette.
  2. Nokre ønskjer å få montert medaljane sine sånn at dei blir sett opp i eit rett og pent oppsett. Det er mange sivile aktørar som gjer dette mot betaling. Søk etter «medaljemontering» eller «medaljemontasje» på internett.

    • Du skal bere medaljane på venstre side, høgt oppe og i rangert rekkefølgje som fastsett på den offisielle lista over dekorasjonar.
    • Uoffisielle medaljar skal du feste til høgre for, og under, medaljane på den offisielle lista.
    • Til uniform skal du følgje reglane i Forsvaret sitt uniformsreglement.
    • Til sivilt antrekk skal du bere medaljane tilpassa Forsvarets vedtekter, og i samsvar med norsk og nordisk tradisjon.
    • Blir du tildelt ein dekorasjon og seinare tildelt same dekorasjon i høgare valør, skal du berre bere den sist utdelte. Kongefamilien er unntatt frå denne regelen. Eit unntak gjeld òg for forsvarsmedaljar. Der reknar vi forsvarsmedaljen med laurbærgrein og den vanlege forsvarsmedaljen som to forskjellige medaljar. Du kan derfor bere desse to samstundes.
    • Riddarkross og medaljar skal du bere ved sida av kvarandre på brystet i vedtatt rekkefølgje. Sjå statuttane for informasjon.

Søke om eller innstille til medalje

Her finn du informasjon om korleis du søker om medalje eller kan innstille nokon til ein medalje.

Pil til høyre
Besetningen som har tjenestegjort på fregatten KNM Fridtjof Nansen i Adenbukta og det indiske hav ble i går hedret med medaljer under en høytidelig sermoni på Bergenhus festning.