Hjemkomst

Familiestøtte

Ved utanlandsteneste er det i hovudsak to partar som følgjer opp familiar frå Forsvaret: heimeavdelinga sin kontaktperson og seksjon for internasjonale operasjonar.

​​​​​Kontaktpersonen ved heimeavdelinga kan formidle støtte og kontakt med Forsvarets ressursar når ein i familien reiser ut i internasjonale operasjonar.

Familiekoordinatoren kan hjelpe til med enkle praktiske ting og kan vere ein å prate med. Koordinatoren kan òg formidle kontakt med nettverk der du kan møte andre i same situasjon som deg sjølv.

Ved Forsvarets personell- og vernepliktssenter utenlandsavdelinger ligg seksjon for internasjonale operasjonar (SIO). SIO er kontaktpunktet ditt om ein i familien tenestegjer i ein internasjonal operasjon.

Kontakt med dei ute

SIO har ein 24 timars kontakttelefon som alltid er tilgjengeleg for dei heime. Via denne telefonen kan vi formidle viktige meldingar til dei ute. Forsvaret vil at det skal vere mogleg for dei ute å halde god kontakt med dei heime. Vi prøver derfor å skaffe tilgjengelege telefon­- og internettlinjer til dei som tenestegjer utanlands. I nokre operasjonar vil ein av tryggingsmessige årsaker ikkje kunne nytte mobiltelefon.

Ved alvorlege hendingar heime må pårørande alltid melde frå til SIO. Dei heime må aldri gi slike meldingar direkte til den tenestegjerande over telefon, e-post, sosiale medium eller tekstmeldingar. Bodskapar om alvorlege hendingar heime kan vere utruleg belastande når ein er langt heimanfrå. Det er derfor viktig for Forsvaret at dei tenestegjerande har eit apparat rundt seg som tek hand om dei i slike situasjonar, og som raskt kjem i gong med å førebu praktiske ting som til dømes heimreise.

Ein del av ansvaret inneber òg krisehandtering ved alvorlege hendingar og ulykker i det aktuelle tenesteområdet. Avdelingane har dei nødvendige ressursane og planverka for å ta hand om dette på ein best mogleg måte.

Du kan få familietillegg

Forsvaret gir eit ekstra tillegg til dei som deltek i ein operasjon i utlandet, og som har omsorg for barn under 18 år. Familietillegget skal dekkje meirkostnader knytt til det å ha barn i husstanden når partnaren er ute i internasjonale operasjonar. Familietillegget er 7000 kroner per månad for tilsette som er åleine med dagleg omsorgsanvar for barn – og tilsette med samlivspartnar med felles barn som den tilsette har dagleg omsorg for under tenesteperioden i utlandet.

Kva om barna blir sjuke?

Når mor eller far er langvarig avskoren frå tilsyn med barnet grunna teneste i ein internasjonal operasjon, kan den samlivspartnaren som er igjen heime har rett på dobbelt antall heimedagar med sjukt barn. Til dømes blir talet på heimedagar med sjukt barn dobla frå 10 til 20 dagar (30 dagar ved omsorg for tre eller fleire barn). Ordninga gjeld berre for tilsette i staten. Andre arbeidsplassar kan ha andre ordningar. Du kan lese meir om denne ordninga i Hovedtariffavtalen (HTA) § 20.

Barnepassreiser

Dette er ei ordning der Forsvaret kan dekkje reiseutgifter i situasjonar der det kan vere vanskeleg for familien heime å passe barna. Årsaken kan vere at den som har ansvaret for barna, blir sjuk, eller skal reise bort i samband med jobb. Enten kan barna få gratis reise til familie eller vener andre stader i landet, eller ein person kan reise gratis for å passe barna heime.

Pårørandekontakt

Som ein del av ei eventuell krisehandtering vil Forsvaret tilby ein pårørandekontakt i tilfelle med alvorleg skade eller dødsfall. Pårørandekontakten skal vere eit bindeledd mellom pårørande og Forsvaret for å sikre at pårørande nødvendig informasjon. I tillegg til å gi rask støtte etter hendinga, vil pårørandekontakten følgje opp dei næraste pårørande eller etterlatne over tid og etter behov. Oppfølginga kan vere praktisk hjelp, samtalepartnar eller formidling av behov for fagleg støtte som lege, jurist, psykolog og prest.

Pil til høyre
Internasjonale operasjoner