221215_HESY_5813

Snart klar for leiarstilling i Forsvaret

Etter å ha levert ein bachelor i organisasjonspsykologi, HR og leiing, var Henriette (24) klar for å gjere noko heilt nytt. No har ho snart fullført første semester av årsstudium i leiing og militære operasjonar, og til sommaren vil ho få ei leiarstilling i Sjøforsvaret.

– Eg hadde lenge gått med ein tanke om at eg angra på å ikkje dra inn i førstegongsteneste. Då eg skjønte at eg kunne få moglegheita til å jobbe i Forsvaret likevel, kunne eg ikkje la den sjansen gå, seier Henriette.

Ho er kadett på Sjøkrigsskulen i Bergen, og halvvegs i årsstudium i leiing og militære operasjonar.

Ein variert kvardag

Henriette hadde ikkje gjennomført førstegongsteneste før ho søkte på årsstudiet. Hennar første møte med Forsvaret var difor Forsvarets opptak og seleksjon på Sessvollmoen.

– Delar av opptaket var ute i felt, og det var ganske krevjande med lange dagar og marsjar med tungt utstyr. Sidan dette var det første og einaste inntrykket mitt av Forsvaret, var det opptaket som ga grunnlaget for forventningane mine til studiet, fortel Henriette.

Heldigvis er ikkje studiekvardagen like fysisk krevjande som på opptak, men det er likevel ein variert timeplan som ikkje berre baserer seg på klasseroms-undervisning.

– Noko av det eg liker best med studiet, er at det ikkje berre er teori. Vi er mykje ute og får lære av å gjere ting i praksis også, fortset ho.

Etter nyttår skal Henriette og dei andre som går årsstudium på Sjøkrigsskulen, segle med seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» saman med førsteårskadettane som tar bachelorutdanning i Sjøforsvaret.

Tettare oppfølging

Som student på universitet eller høgskule er det vanleg å i større grad legge opp dagen sin sjølv. Det blei difor ei omstilling for Henriette då ho starta på Sjøkrigsskulen.

– Det var krevjande å ikkje lenger kunne bestemme kvardagen sin sjølv. Samstundes er det positivt at det blir stilt krav til oss, og eg føler vi får mykje igjen for det, forklarar ho.

Vidare fortel ho om eit godt klassemiljø og god oppfølging frå lærarane.

– Sidan mykje av timeplanen er obligatorisk oppmøte, er klassa ofte samla, og vi får eit godt miljø. Vi får også utfyllande tilbakemeldingar frå lærarane, og den tette oppfølginga gjer at vi får eit godt læringsutbytte, seier Henriette.

Kjensla av å gjere noko viktig

Til sommaren er Henriette ferdig med studiet, og då ventar eit pliktår i Sjøforsvaret. Ho vil då få ei leiarstilling som gjerne er relevant for bacheloren ho har i organisasjonspsykologi, HR og leiing.

– Sjølv om det med min bakgrunn er sannsynleg at eg får ein jobb på land, hadde det vore gøy å få stilling på eit fartøy. Det verkar utruleg spennande og noko heilt anna enn det eg har gjort før, seier Henriette om kva forventningar ho har for pliktåret.

221215_HESY_5846.jpg
Henriette ser fram til å starte i jobb i Sjøforsvaret neste år.

Etter pliktåret er ho usikker på kva ho skal, men ho ser ikkje vekk i frå at uniforma blir vanskeleg å legge på hylla.

– Så langt trivst eg godt i Forsvaret. Det er givande, og eg føler eg gjer noko viktig. Den kjensla av å jobbe med noko meiningsfullt gjer at eg absolutt ser for meg å jobbe vidare i Forsvaret, avsluttar Henriette.