Norske F-16 tar av fra Bodø flystasjon under øvelsen ACE 2019

Bodø og Reitan

Luftforsvarets base Bodø er base for jagarflya F-16. Forsvarets operative hovudkvarter held til på Reitan, aust for byen.

Adresse
Luftforsvarsbase Bodø
Forsvarets operative hovudkvarter, 8047 Bodø
Kontakt
915 03 003

Reitan ligg på Tverlandet i Bodø kommune i Nordland. Dei fleste som jobbar ved Reitan, er ein del av Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

FOH er på mange måtar Forsvarets hjarte. Frå operasjonsrommet inne i fjellanlegget på Reitan held FOH kontinuerleg oversikt over Forsvarets aktivitetar, og koordinerer informasjon frå avdelingane rundt om i landet. Hovudkvarteret samordnar, planlegg og leiar også Forsvarets militære operasjonar her heime og i utlandet. 

I tillegg jobbar personell frå Nasjonalt luftoperasjonssenter (NAOC) frå Luftforsvaret, og personell frå Cyberforsvaret og Forsvarsbygg i fjellanlegget som blei bygd i 1960-åra.

Bodin leir ligg 3 kilometer frå sentrum av Bodø. Dei tilsette og vernepliktige som held til her, jobbar hovudsakeleg ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Jagarflybasen i Bodø

Luftforsvarets base Bodø er ein av to basar som opererer med jagarfly i Noreg, og er underlagd 132 luftving på Ørland.

Basen i Bodø overvaker norsk luftrom og territorialfarvatn med F-16 jagarfly. Flya løyser mellom anna NATO-oppdraget Quick Reaction Alert (QRA). Oppdraget inneber at to F-16 står parate og er i lufta innan 15 minutt, om ukjende fly kjem i nærleiken av norsk luftrom. Jagarflya skal finne, identifsere og dokumentere dei ukjende flya, og eventuelt hindre at dei tar seg ulovleg inn norsk luftrom. I 2022 skal F-35 gjere denne jobben frå Evenes flystasjon, og Luftforsvarets jagarflyaktivitet i Bodø vil dermed opphøyre.
 
Luftforsvarets base Bodø er vert for fleire andre militære einingar, mellom andre Redningshelikoptertenesta (RHT), Cyberforsvaret, Forsvarsbygg ogForsvarets logistikkorganisasjon med Forsyningsavdeling Nordland.

Luftforsvarsmuseet held til mellom Bodin leir og lufthamna. Museet har fleire titals fly og historiske gjenstandar som viser utviklinga av det norske luftforsvaret.

Fritid

Med over 50 000 innbyggarar er Bodø den nest største byen i Nord-Noreg. Sjå kommunens nettsider eller Bodø i Vinden for meir informasjon om tenester og tilbod.

Bodø er ein framifrå stad for natur- og fritidsaktivitetar som fiske, båtliv, fjellvandring og dykking, og grensar mot fleire store nasjonalparkar. Bodø Spektrum har ​badeland, velværeavdeling og fotballarena. I tillegg har Bodø fått Stormen kulturkvartal med konserthus, bibliotek og litteraturhus.

Velferdstilbodet i Bodø er kjent for å være godt og variert. Velferdskontoret, som held til i Bodin leir, arrangerer turar til Røst, Trondheim og Sverige. For deg som er meir eventyrlysten, kan du dra på grotteturar i Salten-området, kvalsafari i Lofoten og isbrevandring på Svartisen. Velferdskontoret låner dessutan ut slalåmski, telt og anna utstyr gratis til forsvarspersonell.

Du finn treningsfasilitetar i Bodin leir, på Luftforsvarets base Bodø og i Bodin leir.

Joc ny redigert.jpg
Frå operasjonsrommet ved Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader til disposisjon for tilsette i Bodø og omland. Ta kontakt med bustadkontoret på telefon 75 57 86 47, eller sjå Forsvarsbygg Basen.

Barnehage og skule

Bodø kommune har full barnehagedekning. I tillegg er det ein liten, privat barnehage for barn av forsvarstilsette, Bamsebo barnehage. For meir informasjon kan du ta kontakt med dagleg leiar på telefon 75 53 73 72. Du må søkje barnehageplass på vanleg måte til kommunen.

Det er to vidaregåande skular i Bodø med både studiespesialiserande og yrkesretta fag. Bodø har blant anna ein av de fire landslinjene for flyfagutdanning. I tillegg ligg Nord Universitet og Politihøgskulen i Bodø.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.