Forsvarets hundeskole holdt et kurs for nye hundeførere i Heimevernet. De trente på å søke etter både mennesker og objekter.

Ullensaker

Nordkisa forsyningsbase, Hauerseter leir og Forsvarets verkstad Romerike ligg i Ullensaker kommune.

Kontakt
915 03 003

Ullensaker er ein viktig kommune for Noreg og Forsvaret. Kommunen husar Oslo lufthamn og Forsvarets basar på Gardermoen og Sessvollmoen. I tillegg er det tre andre militære tenestestader i kommunen.

  1. Midtvegs mellom Nordkisa og Oslo lufthamn ligg militærleiren Hauerseter. Leiren er opphaldssted for Forsvarets hundeskule, og han blir regelmessig nytta av Heimevernet, særleg i samband med øvingar. Leiren blei etablert tidleg på 1900-talet og var ammunisjonslager under og etter andre verdskrigen. Delar av bygningsmassen er freda, les meir om basen hos Forsvarsbygg.

  2. Ei mil aust for Oslo lufthamn ligg tettstaden Nordkisa. Her har Forsvarets logistikkorganisasjon ein av sine største forsyningsbasar i landet. Leiren er base for Regional logistikkleiing Aust-Noreg, og tar hand om logistikkberedskap og forsyner Forsvarets avdelingar på Austlandet med utstyr og materiell.

  3. Trandum har ei lang historie i Forsvaret, og no er Forsvarets verkstad Romerike den einaste militære verksemda att. Grunnlaget for verkstaddriften blei lagd etter andre verdskrigen, og i dag er verkstaden ein av Forsvarets største innan landssystem. Dei tilsette gjer vedlikehald og reparerer Forsvarets sambandssystem, konteinarar, stridskøyretøy og anna avansert forsvarsutstyr. Verkstaden kan òg bygge om og modernisere tunge stridsvogner og ingeniørmateriell. Verkstaden har også ein seksjon på Værnes i Trøndelag og ein intendanturverkstad på Nordkisa.

Aktivitetar og lokalmiljø

Ullensaker har 40 000 innbyggarar, og kommunen har kort veg til både Oslo lufthamn og Oslo. Motorvegar og jernbane knyter området effektivt til andre sentrale delar av Austlandet. Sjå nettstaden til Ullensaker kommune for meir informasjon.

Ullensaker har ei eit rikt og variert idrettstilbod med over 40 idrettslag.

Det finst òg fleire større kommunale idrettsanlegg som Idrettsparken på Jessheim, Bakkedalen kunstgrasbane, Kløftahallen, Alfhallen på Borgen, Jessheimhallen og fleirbrukshallen til Gystadmarka skule.

Forsvaret har ei idrettsavdeling ved hovudkvarteret på Luftforsvarets base Gardermoen. Idrettsavdelinga held faste treningar, personleg oppfølging og turneringar.

Bustad

Forsvaret har fleire bustader til utleige i Ullensaker, mellom anna på Østli, Jessheim og Kløfta. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.